Fattigskulen i Vik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fattigskulen vart bygd i Vik kommune i 1741 for å gje dei fattige borna eit skuletilbod. Dette skulehuset vart bygd berre to år etter at den første skulelova vart vedteken. Det var det første i Bergens Stift, og truleg det første folkeskulehuset i heile landet. Skulen vart kalla Fattigskulen, fasteskulen eller berre skulen.

Den første skulelova i Norge, Forordning om skolerne på landet i Norge, kom i 1739, og denne sette som mål å skipe skular i kvart prestegjeld. Borna skulle førebu seg til konfirmasjonen og måtte lære kristendomskunnskap og lesing.

I Vik var det sokneprest Anders Daae (1680-1763) som tok initativ til og betalte for å setje opp ei skulestove, og denne vart plassert på prestegarden. Skulen var i bruk til 1892, og var i kommunal eige frå 1837. Midt på 1800-talet vart bygningen utvida til to fulle høgder, og kommunen kunne då bruke andreetasjen til møterom. I tillegg til dette fekk Vik Sparebank (skipa i 1846) og Directionen for Yttre Sognd Læseselskab, eller biblioteket, faste rom i skulebygningen.

Kjelder

Prenta kjelder

  • Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik

Digitale kjelder


Koordinater: 61.084178° N 6.577751° Ø