Folkevisedans

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkevisedans er kjededansar, i ring eller rekkje, til folkeviser. Opphavleg var dei til episke folkeviser frå mellomalderen, men ein kan også nytte nyare folkeviser. Som ubroten tradisjon finst folkevisedans berre på Færøyane, men skriftlege kjelder tyder på at dansane var kjend i alle dei nordiske landa.

Dansen blei kjend i Noreg gjennom Hulda Garborg, som i 1902 reiste til Færøyane for å studere færøydans. Ho skapte også nye folkevisedansar ut frå norsk songtradisjon. Instruksjonane hennar blei utgjeve av Noregs Ungdomslag i heftet Norske folkevisor. Etter Garborgs død var det særleg Klara Semb som vidareførte arbeidet med folkevisedans.

Kjelder