Fossum (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fossum (Fossheim) (Fyresdal gnr. 37/5/7) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 15.

Jørund Grundeson Berge/Valebjørg leigde i 1892 eit jordstykke på Folkestad. Han var gift med Signe Olavsdotter Nigard Valebjørg og dreiv som skogsarbeidar, men og som byggmeister og smed. Stova fekk han på Brokke ved Valebjørg og sette den opp i 1892. I 1918 selde han hus med innbu og lausøyre til sonen Eivind J. Valebjørg d. y. for 5500 kroner.

Etter 2. verdskrig vart det satt opp nye hus her.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.


Biletgalleri