Ungdomslaget «Frihug» (Tokke)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Frihug ungdomslag)
Hopp til navigering Hopp til søk
"Teleguten" var lagsbladet til "Frihug".
Foto: Frihug ungdomslag sitt arkiv. Vest-Telemark Museum.

Ungdomslaget «Frihug» vart skipa i Høydalsmo 29. november 1896. Laget er framleis aktivt.

Historikk

Ved skipinga av laget i 1896 hadde laget 59 medlemar. John H. Ofte vart vald til formann, Aasmund Tveito til kasserar og Hans Sauar til bladstyrar. Laget hadde opp mot tolv samlingar i året. Frihug organsierte ulike ungdomsaktivitetar i Høydalsmo. Aktivitetane var både idretts- og danseaktivitetar i tillegg til festar. På festane henta dei spelemenn som Jørgen Tjønnstaul og Ånund og Halvor O. Ljosdal.

Frå byrjinga vart møta og festane halde på forskjellige stadar i Høydalsmo. 10. april 1908 kjøpte laget skulestoga ved Mogen for 480 kroner. Seinare vart samlingane halde i det gamle ungdomsherberget i Høydalsmo sentrum.

I 1967 blei foreininga "Ten-klubben" teken inn under ungdomslaget Frihug. Ungdomslaget var med i Norges Ungdomslag fram til 1984 då medlemane vedtok å melde seg ut frå den store organisasjonen og skipe eit frittståande ungdomslag.

Lovene i laget

§1: Ungdomslaget Frihug hev til fyremål å arbeida for frihet, likhet og framsteg og stydja målreisingi, spreidda upplysning på alle leider og då helst for ungdomen til å fylgja med tidi. Dette tenkjest fremja med foredrag og ordskifte om ymse emne, upplesing, song og leik og ved å gjeva ut eit handskrive blad, "Teleguten".

§2: Med i laget kan alle dei få vera med som hev fyltt 12 år. Vaksne lyt betala 25 øre og born 10 øre.

§3: Ingen fær lov vera full på fest eller møte. Formannen, eller den som leider møtet, hev då rett til å halde orden.

§4: Til hugnad for medlemene skal av og til haldast festar. Der skal skifte mellom upplesing, leik og dans. Alle som vil vera med i lagets festar lyt betala ved inngangen.

§5: Til å styre med laget velges 5 medlemer som sten 1/2 år. Styret vel seg sjølv imellom formann, nestformann og kasserar. Både menn og kvinner kan verta valde. Ingen kan nekta val. Ved nytt val kan ein nekta oppattval so lang tid som han fyrr hev stade.

§6: Bladstyrar vert vald av laget. Ny bladstyrar vert vald når den fyri hev lest upp eit nummer. Bladet skal upplesast på kvart møte soframt der då er innkome stoff.

§7: Personleg forfylgjing er ikkje tillate korkje på møte eller i bladet.

§8: Kvar gong det er val på nytt styre, kan desse lovar endrast om nokon i laget ynskjer det.

§3b: Endra på møte 13. sept. 1924: Fulle folk hev lov til å koma inn på festar og møte, men dei må ikkje halde støy eller leven. I tilfelle det likevel vert leven, so hev festkomiteen lov til å halde orden, visa dei ut, slutta festen eller å melda frå til lensmannen.

Arkiv

Arkivet etter Ungdomslaget Frihug er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder