Gamalost

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gammelost»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamalost, gammalost eller gammelost er ein fersk, fast muggost laga på surmjølk. Namnet kjem ikkja av at osten i seg sjølv er så gamal, for han modnast i løpet av berre eit par veker – det kjem av at dette er ein type ost som har vore laga i Noreg frå gamalt av. Osten har ein skarp og fyldig smak, og det er langt fra alle som set pris på smaken og lukta av han. Osten nyttast gjerne som pålegg og på flatbrød, og kan gjerne serverast med rømme, smør og tyttebær eller med frisk frukt.

Ostemassa vert modna i ei kasse eller ostekiste som berre nyttast til gamalost, der det er viktig at det sit rette slaget mugg, Mucor mucedo, på sidane. Han modnast utanfrå og innover, og er difor ofte lysare i midten. Osten er særs rik på protein, kring 50 %, og har eit fettinnhald på berre 1 %.

Osteypen går attande til vikingtida, og har særleg vore viktig i Sogn og Fjordane og Hordaland, med dei aller sterkaste tradisjonane i midte og indre Sogn. Tidlegare var det vanleg å lage gamalost på gardar og stølar, men i dag er det berre meieriet i Vik i Sogn som produserer ostetypen, og «Gamalost frå Vik» er eitt av Tine sine merkenamn. Til gjengjeld lager dei mellom 100 og 150 tonn i året. Fram til 1990 laga dei òg gamalost på meieriet i Øystese, men det året valde Tine å samle heile produksjonen i Vik. Gamalost frå Vik er ei beskytta geografisk nemning, og har fått Norsk Kulturarv sitt merke Olavsrosa.

At nettopp Vik er sentrum for gamaostproduksjonen heng saman med at Brita Ligtvor frå Vik var ein av dei beste produsentane tidleg på 1900-talet. Ho fekk sølvmedalje for osten sin på landbruksutstillinga i Bergen i 1909.

Gamalosten var ein kulturarv som nesten døydde ut. Det var kring 1980 få som åt han, og produksjonen var liten. I 1983 snakka Erik Bye varmt for gamalosten i eit fjernsynsprogram, og brått økte etterspurnaden. Norsk gamalostlag vart skipa, og laget sin leiar gjennom mange år John Moberg gav i 1987 ut ei bok om gamalost. Kvar sumar sidan 1987 vert Gamalostfestivalen arrangert i Vik.

Litteratur og kjelder