Glittertinden
(Omdirigert fra «Glittertind»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Glittertinden i Lom kommune i Jotunheimen er det nest høgaste fjellet i Noreg og Nord-Europa. Det faste fjellet ragar 2452 meter over havet; berre Galdhøpiggen (2469 moh.) er høgare.
Tidlegare hadde Glittertinden ei stor iskappe på toppen, og med denne vart fjellet i juli 1965 målt til å vere 2472 moh. Etterpå har mesteparten av isen smelta, slik at toppen av Glittertinden (med iskappe) i 2017 låg på 2457 moh.
Den fyrste som nådde toppen av Glittertinden, var offiseren og fjellklatraren Harald Nicolai Storm Wergeland (1814–1893).
Kjelder og litteratur
- Aftenposten, 29. august 2019: «Isen smeltet diskusjonen».
- «Glittertinden» i Store norske leksikon