Henrik Reiersen Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Reiersen Urdahl (ukj. fødselsår, død ca 1687) var sokneprest i Aurland i Sogn og Fjordane og den fyrste som tok namnet Urdahl.

Urdahl var son av Reier Henriksen, og mora heitte Margrete. Han vart student frå Trondhjems skole i 1639. Frå 1638 til 1647 var han andenlektiehører i Bergens skole. Han var deretter personleg kapellan i Leikanger før han 2. juli 1649 vart sokneprest i Aurland.

Prestegarden i Aurland hadde namnet Aurdal (Urdal), og Henrik Reiersen tok namnet Urdahl. Frå han stammar dermed alle Urdahl-ar i Indre Sogn.

Urdahl gifte seg ca 1650 med Guri Povelsdotter. Dei fekk sju born:

  • Christen Urdahl (1651-1708), personleg kapellan i Hamre, Hordaland
  • Hans Henriksen Urdahl (ca 1653-ca 1728) sokneprest i Luster
  • Reier Urdahl (1658-1748) proprietær på Røneid i Luster, gift med Ingeborg Christophersdatter Munte (Morgenstjerne) (1668-1743), dotter av Christopher Morgenstierne og Birgitte Munthe, og enkje etter fut i Sogn Johan Hansen Rue
  • Henrik Urdahl (død 1733), handelsmann i Bergen, gift med Sara Pedersdatter Finde, enkje etter Hans Rafnsberg
  • Margrethe Urdahl (1663-1713), ugift
  • Karen Urdahl (død etter 1736), gift med Jørgen Finde, sokneprest i Aurland
  • Anne Urdahl

Kjelde

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 57. (Digital utgåve, NBdigital)