Hesby kyrkje
| Hesby kyrkje | |
|---|---|
| Stad: | Finnøy |
| Byggeår: | 1200-talet |
| Endringar: | Våpenhus bygd 1870, sakristi 1960 |
| Kyrkjegard: | Hesby kyrkjegard |
| Kyrkjesamfunn: | Til 1537: Den katolske kyrkja Frå 1537: Den norske kyrkja |
| Bispedøme: | Stavanger |
| Prosti: | Søre Ryfylke |
| Prestegjeld: | Finnøy |
| Fellesråd: | Finnøy |
| Sokn: | Hesby |
| Teknikk: | Mur |
| Materiale: | Stein |
| Preikestol: | 1623. Av Lauritz snekker, måla av Peter Reimers. |
| Altar: | Frå mellomalderen, kleberstein med relikviegøyme. |
| Sitteplassar: | 230 |
| Anna informasjon: | Glasmåleri av Frøydis Haavardsholm. |
Hesby kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1200-talet. Ho var hovudkyrkje i Finnøy prestegjeld frå mellomalderen av, og er framleis soknekyrkje i Hesby sokn.
Kyrkja blei truleg reist på midten av 1200-talet. Første gong ho er nemnd er i et diplom frå 1309. Steinveggane i kyrkje er metertjukke. Vindauga har gotiske boger, men det ser ut til at desse kan vere sett til seinare, og at dei opphavleg var rektangulære. Det har vore eit tårn i vest, men dette blei reve omkring 1800.
Hovudportalen var opphavleg i sør. I 1871 blei han flytta til vest i samband med at eit nytt våpenhus blei sett opp. Sakristiet blei bygd i 1960, då arkitekt Valdemar Scheel Hansteen også gjorde ein del endringar i interiøret.
Alteret i kleberstein er frå mellomalderen, og har eit tomt relikviegøyme. Døypefonten av tre er av nyare dato, men restar av ein romansk døypefont er tekne vare på.
Det er oppført eit minnesmerke over Ogmund Finnsson ved kyrkja. Dette vart avduka av kronprins Olav i 1951.
Galleri
- Minnesmerket ved kyrkja, avduket av kronprins Olav i 1951.Foto: Bjarte Hetland (2008).
Litteratur
- Hesby kirke på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Hesby kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no.
Koordinater: 59.17624° N 5.81383° Ø