Hovenspringa’rn
Hovenspringa’rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ.n]) er ein gammal sunndalsspringar som vi kjenner gjennom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som «Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjennomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i denne slåtten er teknikken å dra over, som vi blant anna ser i første takta:
<lilypond> \relative { \time 9/8 \key d \major < g d' >4.\downbow( \grace { \parenthesize a'16 } fis'8) a fis d e cis } </lilypond>
Det første nedstrøket begynner på basen og tersen og går via kvarten opp til kvinten på neste slaget i takta og i same strøket — han dreg-over strengene på fela.
Notar
Nedskriven på Sunndalsøra måndag den 26. august 1996 av Olve Utne i diktat frå Erling Torske (f. 1919), som hadde lært slåtten av onkelen sin, honom Erik Almhjell.
Kjelder
Heimelsfolk
- Erling Torske (tyskfele)