Juletråd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Juletråd. I artikkelen «General F. W. B. Stabell´s autobiografi. Meddelt af fhv. bureauchef Wilhelm Lassen», publisert i Norsk Personalhistorisk Tidsskrift bd. 1 1910 s. 121-144, finn ein på s. 128 omtale av ei ordning som ikkje ser ut til å vere kjent andre stader: juletråd.

I følgje Stabell (originalen er skrive i 1836) var det ein løynant som i 1804 klaga til ein overordna, kammerherre Staffeldt, over at kompanisjefen hans ikkje ville dele «juletråden» med han. Stabell forklarer så kva dette var i fotnote: «Juletraad var en slags Afgift, som Officiererne fordrede af Lægdsmændene, naar de reiste om paa Lægdsvisitation, og som bestod i alskens Ting, saasom Penge, Smør, Ost, Liin, Uld &c., af hvilke Sorter de kunne bringe hele Læs Hiem med sig.»

Ordninga var iflg. Stabell ulovleg, og kammerherren reagerte med å ville innstille både løytnanten og kapteinen til å få sparken, men «Forbøn og Løfte om aldrig at fordre eller modtage Juuletraad, var det, som frelste dem».

Kjelde