Kalvatn Skilag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kalvatn Skilag vart skipa i 1934 og organisert i Arbeidernes Idrettsforbund. Laget hadde 25-30 medlemer, og arrangerte langrenn allereie i 1936. Same året søkte dei om kriseløyving frå departementet til sysselsetting for bygging av hoppbakke, og fekk innvilga 160 dagsverk. Laget fekk løyve frå eigaren av Bøen på Søre Kalvatn til å bygge og bruke ein skibakke i Furunakkteigen, og arbeidet kom i gang i mai-juni same året.

Dessverre var det fleire vintrar med lite snø sist i 1930-åra, så bakken var knapt nok i bruk før krigen.

Protokollar og medlemslister for laget har ikkje vore å finne. Elias Kalvatn (f. 1914) var formann i laget så lenge det eksisterte. Det kom neppe i gong att etter andre verdskrigen.

Litteratur

  • Hasle, Eivind 1987: Arbeidaridrettslaget «Kalvatn Skilag». Voldaminne s. 36-47.