Kjeldearkiv:Andris Andrisson Skogstad
Andris Andrisson Skogstad (1812-1895), spelemann frå Vang i Valdres var makalaus til å låte lyalåttar. Ofte var han borti Brubakkstogun, no Elvheim, og sat der og svalla om gamal tid. Han var bonde på Skogstad i lang tid.
O. K. Ødegaard skreiv slik om han i "Gamalt frå Valdres", fyrste boki si,s.43-44: "De e snaudt nokon so ha låte Tomasklukkelåtten slek so han, o kanskje han sjøl hadde drøymt mykje tå hono uppå Smeddale. Men de va 'kji gødt få Skogsta'n te låte åt se. Dei seia at 'n hadde strøke på fela åt hono Ola Bull ei gång, men hellist læste han se inne o sat eileine, ner 'n spelte. Ner 'n då let, so kunna ein vera viss um at de stelte se følk uta veggen o høyrde på, o den so høyrde Skogsta'n ner han tok dei finaste strøke, laut hugse de ei go ri."
I Gamalt frå Valdres V. (s. 3 0 og 31) skreiv den same etter Ola.
Torsteinsson Grihamar: "E va smågut, e, då han (Andris Skogstad) va på de likaste te låte. Ja, han va spelemann, kan du tru! - De va mest ner han sat åleine inni kleva si, o so um netadn, han strauk på fela. O då stilte 'n fela o tok enkort strøke, o so kunna han seia: "So tek Krosshaugen! So tek Hansegard'n! So tek Søynin!" Men so kom då vonle sjølve Skogsta'n!
Han førtelde me at 'n tå ein eldgamal spelemann hadde fått den råe, resso han meinte bi spelemann, o goe spelemann, skulde han ta fela si o gå burt unde ein føss o stelle se te låte ette føsse. Han tok då fela o sette se burt unde Yljeføssen o stilte fela o sette se te låte. O 'n let o let ei lang ri, men te slutte tok 'n te synast at de vart reint fælt. De let i kapp me føsse, o villare o villare vart spele, o so vart 'n so redd at han sprang heimatt te Skogstad, so ein halvgalin mann.
Han hadde likevel fått uppkaste, o de vart nok sagte spelemann! De va inkji so mykjy um å gjera kost fela va. Men de va strengjidn de va um å gjera me, o dei laga han se te sjøl. - Ner 'n hadde fått te strengjidn so 'n vilde, kan du tru de let!
Skogsta'n spelte alder ein lått so nokon dansa ette, endå de va nøk danselåtta innimyljo de han spelte. Ner den rie kom på 'n, sto han gjedne upp att midt på natt'n o sette se te låte. Han va gjift, Skogsta'n (me Marit Gudbrandsdtr.) o hadde tre døtta. No råkte de jamt o samt at kjeringe gjorde han sint. Men då sa 'n alder noko. Han strauk åt kleva o tok fela fatt, og då va de 'kji lengji før han hadde gløymt kjeringen. Han kunna då gjedne sita låte heile dagen um de o va midt i heitaste slåttønn.
Ein gong Sjåheimen kom te Skogstad dragsande me felun sine, laut han spela åt gamle Skogstade, og då fekk Sjåheimen ein dalar i drykkjypenga hjå gamlinge. "Men kofør ga du Sjåheime spelepenga?" va de ein so sporde. "Han va de æle verd!" sa Skogsta'n."
Gudbrand Grøv sa: Ein dag råkte han Andris A. Skogstad på ein Kvitskjarute kar i garden sin. Han sa til han: "Du har slik god hug til låte på fele, du. Men vil du lære låte gødt, får du bi mæ me. Men då lyt e få sjele di. Me sko fara burt åt Kvednahusføsse. Der sko me skjera ei flis tå eit tre o kaste ho på føssen. So ska du seia: " Sjele mi ska ikkji meir kåma te Himmerikji enn denne flise kjem attpå dette treel"
Då vart Skogstad'n redd og skreik: "Nei, Gud vara me! Gå i frå me! Du æ visst ein skapning e ikkji ska ha noko mæ!" Det var nok den ljøte sjøl eller rette ruggen Skogstad'n hadde råkt den gongen.
Kjelde: Valdres bygdebok nr. 6