Kjeldearkiv:Bør Leksvik søkje om akkord for ein del av kommunegjelden?

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk



Dette er en artikkel fra avisen Leksværingen.

Utgivelse: Leksværingen Prøvenummer Julen 1936
Plassering: Side 6
Forfatter: Johan Moan

Artikkelen Bilde

Bør Leksvik søkje om akkord for
ein del av kommunegjelden?

Då Leksvik for vel tjuge år

sidan gjekk inn i opgangstida
Var det med ei kommuneskuld
på kring 30,000 kroner.

Då nedgangstida var kome for

ålvor stod bykda att med ei
skuld på 180-190,000 kr. som si-
dan har auka med di kommu-
nen er vorten ståande skuldig
med renta.

No spørs, korleis kunde slikt

hende i ei bondebygd som Leks-
vik, der dei som hadde makta
var støe, varsame bønder med
det kjendte, «rette bondesyn».

Aarsakene var heller fleire —

eller helst berre ei: låk finans-
politikk. Bygda hadde utlogor
til provianteringa. Der vart bygt
eller omvølt ein skule; det drog
avgarde med nokre, tususd. Eit
par vegbygg tok og sin del.

Men hovudårsaka var nok ei

anna. Det eine året etter det an-
dre vart kommunebudsjetta sett
op som underskotsbudgett.

Når halve året var gått, var

kassa tom. Så var det å låne til
resten av året.

Det var slik då at dei som sat

med makta i kommunen, dei
hadde og stort set mest å seie i
Leksvik Sparebank. Og Leksvik
Sparebank det en i grunnen det
store, grøne skåpet, som står i
eine kråa i den salen der for-
mannskap, og heradstyre som
tidast har møta sine.

Vegen til banken var såleis

ikkje lang.

Den tid vart det brukt eit inn-

tektskattøre som ikkje var stort
høgare enn det halve mot dei
siste åra. Og det var flust om
pengar.

At dei vyrde kallan i for-

mannskap, heradstyre og bank-
styre kunde føre ein så mei-
ningslaus finanspolitikk et heilt
uskynleg. Dei fleste var som før
nemnd solide bønder, med det
lovpriste, gode bondevett, med
eit par hestar og mange naut på
båsen, gilde gardar, bankbøker
og mykje anna godt. Det einas-
te som talar til orsaking er, at
dei som så mange andre, trudde
at når berre krigen slutta, då
først vilde gullflaumen koma
for ålvor. Under slike, framtids-
perspektiver fann dei, som ven-

teleg var, ingen grunn i ikkje å
trekke vekslar på framtida.

Så melder det store spørsmål

seg: Er det muleg for Leksvik
som stillinga no er å amortisere
ein kommunegjeld på eit par
hundra tusund kronor? Svaret
må bli eit avgjort nei Grunnsto-
len for skulda, er, såvidt eg veit
på 187,000 kr. Men Så kjem pos-
ten skuldig rente attåt, så den
røynlege skulda kjem nok ikkje
så lite over dei 200,000 kr.

Rekna etter 746 skattytarar,

som det er iår, blir det nærpå
300 kr. for kvar skattytar.

Det skattøre og den reduk-

sjonstabell som Leksvik har
brukt dei siste åra må vel rek-
nast som toppen av yteevna. åt
leksveringane. Like fullt har
kommunen mått få opimot kr.
20,000 i statstilskot til å dekkje
siste års budgett med.

At kommunen under slike til-

høve greier å amortisere skulda
si, trur ingen som har full folke-
vett. Det einast mulege er om
det kjem ei dyrtid, slik at pen-
gane mister verdet sitt.

No er det slik at godtsom all

skuld er til Leksviik Sparebank.
Og Leksvik Sparebank er bygd
op av slitarar og rentetrællane i
bygda -- dei som no og her bø-
rene sine tyngst. Leksvik Spare-
bank er god for sine 180,000 kr.

Var det då ikkje rett og rett-

ferd om banken slo strek over
ein rimeleg del av kommune-
gjelden? Lat oss seie at kom-
munes fekk ei skuldsemje på 50
pst. med banken, slik at kommu
neskulda vart på kring 100,000
kr. Då først kunde det vera von
om at kommunen kom på føtene
att og at skattytarane fekk pus-
te litt lettare.

Mange vil vel påstå at med ei

slik skuldsemje vil banken ram-
le. Og dei som har banken til
hjartebarn og augnestein, dei
kan vel ikkje tenkje seg den
tanken at deira kjære sparebank
skal lide noko tap.

Men dei rundt 200,000 kr. --

med dei er det likevel like gale
Dei står der — så fastnagla eller
kversett som dei berre kan bli.
Om det tjuge mann sterke he-
radstyre vart sett framfor tjuge
geværmunningar, så neimenn
om dei greidde stampe fram
desse pengane.

Derfor: la kommunen få

skuldsemjel dess før, dess betre.
Johan Moan

Scannet fra avisen
Scannet fra avisen