Kjeldearkiv:Hesten og eg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Me to var jamgamle.
Den dagen hesten reiste frå garden.
Hesten og eg
Kjeldeinformasjon
Navn: Magnar Høydal
Født: 1937
Sted: Høydalen (Volda)
Metode for nedtegning: Egenforfattet
Beskrivelse: Om hesten på heimegarden.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Om han heitte noko anna enn hesten kan eg ikkje hugse. Frå så tidleg eg hugsar har eg alltid fått vite at hesten og eg var like gamle. Er ikkje heilt sikker på om han var ferdig tamd når han kom på garden. Forsåvidt var eg det heller ikkje på den tid. Det var ein hest som var utruleg dra villig. Hugsar fleire gonger han la seg så hardt i selen at bog stroppa slitna. Ein gong fram i Storfannvegen sette vagene seg fast i ein «veiendetjuv», hesten la seg godt frami og bogstroppa slitna. Dermed var hesten fri, gjekk rett utor selen men han stoppa litt lenger nede. Det var ikkje så langt å gå ned til kalvegjerdet og der var streng i gjerdet for midlertidig reparasjon.

Rolfseng heitte dyrlegen den tida og det var han som var her og «skar» hesten. Det eg hugsar frå den hendinga var at det var lagt i hop ein stor dunge med halm på åkeren. Der var fleire mann å hjelpte til, hugsar at dei hadde ein del tau. Det var nok ein teknikk for å å få hesten i koll og sikra han på rygg så veterinæren fekk utføre sitt arbeid. Dette sit langt bak på «harddisken» men hugsar at eg måtte halde meg på god avstand.

Hesten og eg vart gode kompisar i alt arbeid me var i lag om. Når eg tenkjer på den tida, var det i alle fall lærerikt. Om natta i slåtten gjekk hestane ut i «Stranda» – om morgonen når eg skulle hente hesten heldt han hovudet så høgt at eg ikkje skulle rekke å få grima på han. Me vart som oftast einige. Skal ikkje forbause meg om han flira litt for seg sjølv. Når me var komne gjennom ledet leidde eg han inntil øvste vegkanten så eg kom meg opp på ryggen og reid fram i tunet. Om ein hestesko var laus så gjorde ikkje hesten seg vanskeleg fordi om eg tok opp foten og stramma saumen. Hesten brydde seg heller ikkje om at eg framleis gjekk i folkeskulen. Litt undervisning hadde eg sikkert fått, som å snu saumen rett og passe på at saumen peika slik at den skulle koma ut der det var tenkt. Då fekk heller ikkje hesten vondt og han stod i ro. Når ein får det til så veks ein, i alle fall litt. At eg ikkje finn bilder frå hesten i arbeid er eit tankekors. Hesten me snakka om her var siste hesten på garden. Han reiste frå garden 31.08.1954. Då var eg og hesten 17 år. Eg kom aldri på å spørja etter hesten me hadde før. Eit søskenbarn, noko eldre en eg fortalde til meg at han hadde høyrt at hesten vår vart funnen daud ut i «Stranda», det var der hestane var på beite om natta i slåtten. Kva som var årsaka veit eg ikkje. Det er i alle fall heilt sikkert, eg har stilt for få spørsmål.

Med hest og plog

Det hadde vore åker på Inste Flata, og det var haustarbeid og året trur eg er 1949 eller 50. Far heldt på å pløye og for ikkje så mange år sidan hadde me fått ny plog, Kyllingstad 12 toms med plogås i støypestål og to handtak i stål. Det var ein roleg plog å pløye med og hesten forstod heile greia, så denne dagen pløgde eg en heil grand - hadde prøvd før. Dagen etter skulle eg på skule men når eg kom heimatt og hadde fått i meg maten var eg snar å sele hesten og fortsette å pløye på Flata. Det gjekk fort for det var ikkje så mykje som stod at frå dagen før. Opp i haudet sveiv det at det hadde no vore kjekt om eg fekk plogen opp i hjulslekista og kom meg fram på Einebakken og pløye noko der, eg visste at det var der det skulle vera åker neste år. Eg greidde det, men å få plogen opp i hjulslekista det hugsar eg den dag i dag, det var tungt. Trur eg rakk å pløye 3-4 forer før far kom frå fabrikken og ville sjå kva eg styrte med, den dagen var eg fornøgd med meg sjølv - fekk også skryt. Trur eg var ca. 14 år, eg var liten av vekst og det var kanskje grunnen til at det var vanskeleg å få plogen opp på hjulsleden. At eg var liten var heller ikkje utan risiko når eg pløgde. Når eg gjekk bak plogen måtte eg gå så langt bak at eg berga haudet om ein stein kom i vegen og plogen fekk eit sidekast. Hugsar at hendene på ploghandtaket var i høgde med haudet, det gjekk bra. Dette er ei hending som har gledd meg mange gongar når den dukkar fram i hugsen. I 1954 når me fekk traktor så var det prøvd å henge plogen bak men det var for sterk «hest» så plogåsen fekk ein bøy. Noke av det fyrste av traktor reiskap som vart kjøpt var plog, eitt skjers 14“ Oddson og ei fjørharv. Sjølv om den ikkje hadde steinutløysar så heldt det til gråtassen og til MF 135 som kom seinare.