Kjell Løseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjell Løseth (f. 1942) er pedagog, lokalpolitikar og kulturarbeidar frå Sykkylven. Ved sida av yrket sitt som lærar og skuleadministrator har han gjennom ei årrekkje engasjert seg mykje i frivijug kulturarbeid både i heimkommunen og utanfor. Han sat i fleire år i kommunestyre og formannskap for Senterpartiet.

Kjell Løseth er fødd og oppvaksen i Ramstaddalen. Etter gjennomført ungdomsskule, flytte han til Nordfjordeid der han gjekk det toårige gymnaset. Så hadde han ein periode som vikarlærar i Sykkylven og på Giske. Deretter reiste han til Oslo der han studerte psykologi i seks år. Interessen for læraryrket var tent gjennom åra som vikarlærar, så etter fullført psykologiutdanning tok han lærareksamen, spesialpedagogikk og leiarutdanning ved Lærarhøgskulen i Volda. Han starta som lærar ved Dyrkorn skule i Stordal. Etter nokre år der, flytta han heim til Sykkylven og tok til som lærar ved Aure skule.

Etter ei tid som lærar, byrja han ved skulekontoret i Sykkylven kommune. Først hadde han ein periode som pedagogisk konsulent, før han vart tilsett i stillinga som skulesjef i Sykkylven. Denne stillinga hadde han til han nådde pensjonsalderen.

I nokre år var Løseth kontaktmedarbeidar for NRK i Møre og Romsdal. Han var i fleire periodar kommunestyrerepresentant for Senterpartiet og sat også i formannskapet. Han var leiar i plannemnda då kommunen frå slutten av 1980-åra førebudde bygging av nytt pleie- og omsorgssenter. Kjell Løseth har allsidige kulturelle interesser, og har særleg vore oppteken av lokal og regional kulturhistorie. Ein periode var han leiar i Sykkylven sogenemnd. I hans periode som leiar byrja sogenemnda å gje ut Årbok for Sykkylven. Her har Kjell Løseth vore med i redaksjonen og han har vore fast bidragsytar av artiklar til Årboka. Frå 2014 var Kjell Løseth nokre år leiar i kulturorganisasjonen Storfjordens Venner.

Kjell Løseth har dei siste åra vore busett i Straumgjerde, der han er sambuar med pedagogen, dirigenten og kulturarbeidaren Hilde Straumsheim. Saman med henne var han i ei årrekkje nøkkelperson i Straumgjerderevyen, både som tekstforfattar og skodespelar. Han er også aktiv i den lokale foreininga av Lions.

Kjell Løseth har sysla både med lyrikk og måling. I 2016 gjennomførte han si første utstilling med eigne arbeid, saman med sambygdingen Marit Ramsevik.

Kjelde:

  • Sykkylvsbladet 18.3.2016