Kjerrevegen Kvalvik–Eikefjord

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kjerreveg Kvalvik - Eikefjord»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjerrevegen Kvalvik–Eikefjord er ein veg i Eikefjord, Kinn kommune.

Frå Kvalvik og Hovland har det frå gamalt vore fleire måtar å komme seg til Eikefjord sentrum. Frå Kvalvik kunne ein gå inn i Havna og bruke båt derifrå og inn til sentrum. Var det fjære sjø kunne ein gå inn fjæra. Frå yste Hovland kunne ein gå ned til sjøhusa og ro innover eller gå fjæra. Var det flo sjø måtte ein opp på Stien. Herfrå kunne ein nytte Kjerringestien eller Stokkestien ned til sentrum om ein ikkje følgde kjerrevegen om Øvrebøen.

I 1912 søkte Anders J Hovland på vegne av oppsittarane på Hovland om støtte på kr 300 til bygging av veg frå Hovland til Eikefjord. Søknaden blei avlått på grunn av at søknaden var for lite forberedt.

I 1916 sette heradstyret vegen Hovland - Eikefjord på fjerde plass på prioriteringslista for herradet oversendt amtet. Vegen burde byggast snarast med amts- og distrikts-bidrag.

I samband med dagsverktilskota i 1920-30 åra vart det bygt mange kjerrevegar i Eikefjord. Vegen frå Kvalvik til Eikefjord sentrum vart nok også bygt / utbetra i denne perioden. Vegen er nemnt som Hovland kretsveg i herradstyreprotokollane.

Vegtrase

Kart kjerrevegen Kvalvik - Eikefjord

Vegen starta ved nausta i Kvalvika, gjekk over opp i tunet i Kvalvik. Her gjekk den inn Kvalvikedalen nede i flata og inn til Stadion. Vidare inn ovanfor huset på Kvia.  Vegen til Eikefjord fortsette innover med va der ein kunne køyre på eit berg gjennom elva. Vaet gjenom Hovlandselva var omtrent der brua er idag.

Kart frå Kvalvik 1908. Her ser vi vegen inntegna frå Hovlandslva og ut til Nausta. Det er markert sti for vegen inn til Havna som ein måtte bruke ved stor vassføring i elva.

På Kvia var det veg nedover bøen og inn i Havna på nedsida av elva. Ved stor elv måtte ein gå denne vegen og bruke brua i Havna og vidare opp Kleiva eller bruke båt inn i sentrum. Den gamle brua i Havna låg rett utanfor dagens bru. Du kan sjå murane når du står på brua.

Derfrå gjekk vegen inn nedanfor Hojin – restane av vegen kan ein sjå i bærhagen nedanfor huset. I garden mellom Hojin og Bakken nedunder bakkane var grind. Vegen fortsette inn nedanfor Bakken. Her finn ein vegen igjen nedanfor huset. Vegen gjekk inn i Smetuent og vidare inn i Innigarden og Hogane. Innanfor Hogane vart det bygt bru over inste Hovlandselva og vegen gjekk vidare innover Stien.

Også innanfor Hogane var det eit va før brua vart bygt. Vaet låg eit stykke innanfor der brua er idag.

Vegen over Stien er inntegna på kart over Hovland utmark frå 1917. Turstien frå rasteplassen ligg i denne trassen
Kartet viser Eikefjord sentrum i 1942. Vegen frå Øvrebøen ser vi gjekk ovanfor Foreninga og bort til krysset.

På Rasteplassen finn ein igjen vegen på nordsida av haugen på Rasteplassen. Derfrå gjekk den inn til Reiele, grinda ovanfor Øvrebøen. Vidare ned på Øvrebøen og ned til Eikefjord sentrum omtrent i same trase som idag.

Kjelder og litteratur