Krumstemning

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kromstemning»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Krumstemning med fem par årar (åttring) i Båthallen ved Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne

Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelige lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og då særlig åttringane, fikk ord på seg for å vere utrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskelig kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlige grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsaklig saga bordgangar blei utvikla.

Historie

Dei eldste oppmålte båtane

«Ranværingsbaad» — oppmålingsteikning utført av Marinen på 1800-talet, no i samlingane til Marinemuseet.

Vi kjenner ikkje til nokon bevarte båtar av den eldste typen, men i Marinemuseet i Horten finst det oppmålingstekningar utført av Marinen på 1800-talet. Der finst det dokumentert krumstemningar med krummare stemnar enn på nokon av dei bevarte båtane. Desse båtane er basert utelukkande på hogde bord, band og kne.

Dei eldste bevarte båtane

Bildegalleri

Overgangen til rettstemna nordlandsbåtar

Renessanse for krumstemningen

Størrelsar

Basert på oppmålingar av dei bevarte krumstemningane har Eldjarn/Godal (1990) sett opp desse størrelseskategoriane:

Rom Årepar Lengd (gammal alen) Lengd (nye fot) Namn Bilde Merknader
2 2 8 – 8½ 14 – 15 færing
Krumstemnings-færing utstilt i Nordlandsmuseet i Bodø.
Foto: Olve Utne (ca. 1978).
2 8 14 omrømt færing
2 ca. 16 omrømt hundromsfæring
3 3 10 – 10½ ca. 18 treroring
Gammelbukken, ein krumstemningstrerømming bygd i Rana.
4 11¼ – 11½ 19½ – 20 skottkeiping
3 el. 4? 13 – 13¾ 23 – 24 halvfjerdrømming
«Ranværsbaad» — halvfjerderoms krumstemning oppmålt av Marinen tidlig på 1800-talet.
5 5 14½ – 15 25½ – 26½ åttring
Krumstemnings-åttringen frå Misvær.
Foto: Olve Utne (2009).
6 6 15½ – 16 31 seksroring
7 19½ – 21 33½ – 36 fembøring Båtane har 6 rom; akterskotten er ekstra lang og er best forstått som skott + uinnreidd rom.

Kjelder og litteratur