Kviteseid Avhaldslag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kviteseid Fråhaldslag»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Haugestøyl skipa viteseid Avhaldslag i 1905.

Kviteseid Avhaldslag / Kviteseid Fråhaldslag blei skipa av Gunnar Haugestøyl, busett på Solberg i Kviteseid kommune i 1905. Haugestøyl fekk seinare Klostermedalja for sitt arbeid for fråhaldssaka.[1] Laget var eit lokallag av Det Norske Totalfråhaldsselskap.

I årsmeldinga for 1935 stod laget oppført med 15 lagslemer, og dei hadde heldt 6 møte i løpet av året.[2] Laget gav ut ei handskrivi lagsavis som heitte "Solvend". I følgje eldre katalog skal Kviteseid kommune ha bevarte utgåver av denne avisa frå perioden 1906-1943.[3]

Arkiv

Arkivet etter Kviteseid Avhaldslag er ordna ved IKA Kongsberg. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Bakken, 1962, s. 186.
  2. Nordstoga, 1998, s. 36.
  3. Olsen, 1985, s. 101.

Kjelder

  • Bakken, Olav, Gardsoga, Kviteseid, 1962. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Nordstoga, Torvald, Sol gjeng upp - sol gjeng ned : trekk frå edruskapsarbeid i Telemark, Strømmen : Pro Anno forl., 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Olsen, Kåre, Katalog over foreningsarkiv innen avholdsbevegelsen, Norsk privatarkivinstitutt, Oslo : Norsk privatarkivinstitutt, 1985. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.