Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-51

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oscar Handeland ved skrivebordet, 1941.
Foto: NLM-arkivet

Oscar Handeland (1890-1967) var i heile sitt yrkesaktive liv tilsett i Norsk Luthersk Misjonssamband som historikar, redaktør i Kineseren (Utsyn) og lærar i kyrkje- og misjonshistorie ved misjonsskulen på FjellhaugSinsen i Oslo. I denne artikkelen vert det gjort greie for hans arbeid som historikar med særleg vekt på hans framstilling av lekmannsrørsla i høve til den offisielle kyrkja.

I 1916 utgav fellesstyret (hovudstyret) i Det norske lutherske Kinamisjonsforbund ei historiebok om organisasjonen. Den har tittelen 25 år. Det står ikkje noko om kven som har skrive boka. Seinare vart det klart at forfattaren var Oscar Handeland. Handeland var på den tida redaksjonssekretær i Kineseren og medhjelpar eller assistent for Johannes Brandtzæg. Brandtzæg var sekretær (generalsekretær) i Kinamisjonsforbundet.Les mer...'