Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-10

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit utdrag av rangforordninga 1699. Frå 1693 hadde innehavarane av embete/titlar i dei fyrste tre klassene i rangen fått rett til arveleg adelskap, utan omsyn til herkomst.

Rangadel er ei nemning for dei som vart tildelte adeleg status i kraft av å ha embete som var plasserte i rangen, dvs. kongens liste over sivile, militære og geistlege embete, ordna etter kor viktige og prestisjefylte dei vart rekna for å vere. Rangadelen i Danmark-Noreg vart innstifta i 1679, og kan sjåast som eit ledd i konsolideringa av einevaldsmakta i dei fyrste tiåra etter statsomveltinga i 1660. Saman med opprettinga av ein ny lensadel frå 1671 var rangadelsskipnaden med på å danne eit nytt adelsomgrep tilpassa eineveldet som statsform og ideologi.

Det fanst to typar rangadel, personleg (for embetsinnehavaren, ektefellen og deira ektefødde born i fyrste ledd), og dessutan arveleg «til evig tid», noko som følgde dei høgaste og fornemste embeta. Denne måten å oppnå arveleg adelskap på var rett nok verksam berre i tidsrommet 1693-1730. Systemet med rangadelen kan i det øvrige hevdast å ha vore gjeldande i Noreg til 1814, men kva som i røynda låg i dette, er noko omdiskutert.Les mer...