Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-22
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929.
Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes.Les mer...