Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-37

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.

Halvor Hoel (fødd på NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på Hol, ein av dei største gardane på Nes. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv. Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Ole (fødd 1804), same år fekk han sonen Lars med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap), og Nils vart eigar av Hoel-garden etter faren sin.Les mer...