Lårsegl
(Omdirigert fra «Lårseil»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Eit lårsegl eller asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt rå. Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordsbåtar, snidbetningar og geitbåtar. På Nordmøre blir dette seglet ofte kalla geitbåtsegl. Seglet er elles utbreidd på Island, i Skottland og England, i Frankrike, der det blant anna er typisk for luggeren, og i Spania, der det er typisk for barcoluengo. Seglet blir dels sett som ei vidareutvikling av råseglet, dels som ei avkappa utgave av latinarseglet.
Bildegalleri
Ein spansk barcoluengo med lårsegl, teikna av Juan José de Navarro, utg. 1756.