Norsk Extruding

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk Extruding sine lokalar på Notodden.

Norsk Extruding var ei industribedrift som produserte forskjellige plastprodukt. Verksemda blei starta i 1948 og heldt til på Notodden.

Historikk

Norsk Extruding blei starta av Henrik Rom og Johan Aasheim hausten 1948.[1] Aasheim arbeidde ved Kunstsilkefabrikken på Notodden, men kring 1946 fekk han permisjon frå fabrikken for å kunne eksperimentere med plastproduksjon. I 1945 hadde Aasheim reist til England der han fekk tak i eit par bitar med stoffet "polyetylen". Desse bitane tok han med seg heim til Notodden. Gjennom forskjellig eksperimentering, m.a. smelting i sandkakeformer, fekk Aasheim laga pyntelisser til sko, og småpynt til damer.

Aasheim kjende til metoden med "ekstrudering". I ekstruderingsprosessen pressar eit stempel plasten gjennom ei dyse. Forma på dysa kan endrast etter kva produktet ein skal lage. Aasheim lånte symaskina til kona, og nytta motoren frå denne som drivkraft til ei kjøttkvern. Denne enkle ekstruderen vart grunnlaget for Norsk Extruding.[2]

Det som skulle bli kulepennhylser, måtte jeg stå å og dra forsiktig i etter hvert som det kom ut av maskinene. Jeg dro og dro - og i passende lengder måtte jeg manuelt klippe av, og så fortsette å dra med en gang.[3]

Verksemda kunne snart produsere flasker, kanner og tekniske hullegemer. Formblåsing vart tatt opp på programmet allereie i 1950, og verksemda var slik den fyrste i landet som kunne formblåse plastflasker. Verksemda leverte elles forskjellige produkt til bilindustrien.

Jan-Henrik Aasheim overtok verksemda frå faren i 1986, same året som ho vart heileigd av familien Aasheim.[4] I 2008 vart verksemda kjøpt opp av Primo Norge, og kort tid etter dette vart produksjonen på Notodden avvikla og flytta til Sverige. Norsk Extruding, som hadde produsert plast i 60 år, var dermed historie.[5]

Galleri

Referansar

  1. Isaksen, 1998, s. 14
  2. "Da plasten kom til Norge", artikkel i Aftenposten, 9. februar 2015.
  3. Sitat frå Olav Dahle som arbeidde ved Norsk Extruder frå 1948. Sitatet er henta frå boka "Fra Eksperiment til hjørnesteinsbedrift", 1998.
  4. Isaksen, 1998, s. 16
  5. "Legger ned Norsk Extruding", NRK, 11. april 2008.

Kjelder

  • Isaksen, Asle, 50 år med plast : en beretning i anledning Plastindustriforbundets 50 års jubileum, høsten 1998, Oslo : Plastindustriforbundet, 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Nickelsen, Apollon Trine, "Da plasten kom til Norge", artikkel i Aftenposten, 9. februar 2015. (Lest 23. mars 2018, kl. 15.20)
  • Reuterdahl, Anne-Cathrine, "Legger ned Norsk Extruding", NRK, 11. april 2008. (Lest 23. mars 2018, kl. 16.00)