Nye Karstad skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nye Karstad skule i Karstad krins ligg i Solheimsdalen i Førde, frå 1. januar 2020 i Sunnfjord kommune.

Skulehuset

Det nye skulehuset på Karstad var klar til bruk hausten 1973. Det nye skulehuset vart klart til bruk hausten 1973, og det vart innvigd på ein av dei bilfrie søndagane i desember. Skulesjef Ingulv Gåsvær overrakte skulenøkklen til Jorunn Solheilmslid, som var ny lærar hausten før.

Anna bruksområde

Det vart starta grendelag i bygda tidlig på 1990-talet, og i samband med rektor og skulesjefen arbeidde grendelaget for å utvida skulen, få skikkelig kontor til rektor, arbeidsrom til lærarane og betre høve for lagsarbeid i krinsen gjennom eigen grendahusdel. Dette arbeidet vart fullført i 1997 med stor gymnastikksal med scene. Grendahusdelen blir brukt til festar, private høgtider, og ei tid også til gudstenester eit par gonger i året.

Foto

Kjelder og litteratur

  • Nilssen, Erik Torp: Skule - frå sør i Naustdal til vest i Førde, 2016, Førde historieskrift 2016, Førde historielag

Koordinater: 61.434555° N 5.669472° Ø