Pære

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Pærer»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Avblomsta skogpære, pyris communis, på veg til å setje kart.
Foto: Olve Utne (2008).

Pære (latin Pyrus) er eit tre i rosefamilia, og frukta frå dette treet. Det finst omlag 30 artar, og fleira av desse vert dyrka i Noreg. Frukta vert nytta til mellom anna syltetøy, saft, sider og som fyll i bakverk - og ikkje minst kan han etast fersk.

Frukta er eigentleg ein falsk frukt eller kjernefrukt. Ho har ei særegen form - pæreform – med tjukk kropp og smalare «hals». Skalet kan vere grønt, brunt eller gulgrønt, medan kjøtet er kvitt.

Ein av dei vanlegaste artane er skogpære, pyris communis. Pyris communis var. sativa. er samlenamn for dyrka pærer, men dei fleste trea er truleg hybridar med snøpære, pyris nivalis som i sin reine form har runde frukter som likner eple. Dei japanske pærene, sandpære eller nashi (pyris pyrifolia, liknar òg eple.

Det er berre dei tidlege og middels tidlege sortane som kan utvekle seg fullt ut i Noreg. Pæretreet er mindre hardførte enn epletre, og treng meir varme. Pære vert dyrka opp til kring 150 moh. og nordover til Nordland. Det meste av pærer som vert dyrka for sal kjem frå Sogn og Hardanger, men det er òg ein del pæredyrking i Vestfold. Blant kjende norske sortar er 'Gråpære', 'Philip' og 'Moltke'. Det vert òg importert pærer til Noreg, særleg sorten 'Conference'.

Første gong vi veit sikkert av pærer har vorte dyrka her i landet er kring 1550. Treet er kjent i Europa sidan romertida, men først på 1200-tallet fekk det større utbreiing.