Plassane i Breivika
Plassane i Breivika Desse plassane vart rydda i utmarka mot Ellingsøyfjorden mellom matrikkelgardane Breivik og Nakken i Borgund kommune mellom 1860 og 1900. Denne utmarka var felles for gardane Åse, Furmyr, Nedregard og Nakken, den siste og kalla Lerstadnakken. Desse gardane var eigd av Ludvig Daae gjennom kona Barbra Henrikke Wind si arv. I 1863 vart sonen Henrik Daae eigar av desse gardane, og han slo seg ned på Nedregard, og starta opp mykje nydyrking der.
Til denne oppdyrkinga hadde Henrik Daae bruk for mykje arbeidskraft, og såg moglegheita for å la innflyttarar, særleg frå fjordane og Gudbrandsdalen, få slå seg ned og rydde små plassar i utmarka mot å arbeide på Nedregard. Desse innflyttarane var gjerne uvante med fiskeri og mangla og kapital til å kunne kjøpe og reie ut båtar og vegn til eggjafiske.
Dermed vart løysninga med å bygsle eit jordstykke og hus mot bygsel og pliktarbeide ei løysning. Desse plassane vart bygsla frå eigaren av Nedregard mot ei årleg avgift og åtte arbeidsdagar. Bebuaranevar i tillegg pålagt arbeidsplikt sommer som vinter etter tilkalling. Desse vilkåra likna mykje på dei husmannsvilkåra ein fann på austlandet, og var nokså forskjellig frå den leiglendinsordninga som låg til dei fleste gardsbruka på Sunnmøre i denne tida.
Plassane i Breivika var små og jorda var ikkje oppdyrka når dei første brukarane festa plassen i 1880-åra. Plassane låg og dårleg til for Borgundfjordfisket som gjekk føre seg på sørsida av Uksnøya Dette gjorde at det ikkje mogeleg å kunne leve kun av jorda, fiske og arbeidet på Nedregarden. Dermed vart det og nødvendig å finne seg arbeide i Ålesund eller som rorskar på eggjabåtar. Plassane hadde heller ikkje utmarksrettar, sjølv om dei hadde løyve til torvtaking i myrane rundt Lillevatnet i Spjelkavika.
Ei heil lita bygd med 20 slike plassar vaks fram, og etterkvart som lofotfiske vaks og fisken vart levert som vintertorsk til henging og seinare som saltfisk med skuter frå nord-Norge vart det bygd tørkeplattingar for klippfisk i fjøra. Steinen til plattingane kom frå jordbrytinga ettervart som det vart rydda til åkrar og eng med handemakt, ingen av gardane hadde hest.
Rundt 1903 vart plassane skyldsett ut frå huvudgardane Åse, Furmyr og Nakken, medan plassane på Spjelkaviksida vart skylddelt til Nedregard. I åra etter vart dei kjøpt til sjølveige.
|