Plast, stundom og skrive plastikk, er ein samleterm for fleire ulike polymeriske kunststoff. Namnet kjem frå engelsk plastic, og fram til noko inn i 1950-åra var plastic den vanlige skrivemåten på norsk — frå sist i 1940-åra saman med dei fornorska formene plastik og plastikk. Kortforma plast kom i bruk i 1946 i Sverige, og i løpet av 1950-åra tok denne forma gradvis over for plastic i norsk (ca. 1954) og dansk (gradvis frå ca. 1956). Forma plastikk har likevel levd vidare både i dagligspråk og i litteraturen attmed kortforma plast. Blant dei tidligaste plasttypane i vanlig bruk kan nemnast polyeten (1933), polyamid/nylon (1939) og polyester (terylene (1941), dacron, PET).