Presteveien (Gjerstad og Vegårshei)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Presteveien ved Egddalen i Gjerstad.
Foto: Roy Olsen (2025).

Prestveien er vegen frå grenda Egddalen i Gjerstad til Takserås i Vegårshei, namnet kjem av at vegen er blitt nytta av presten mellom Gjerstad kjørke og Vegårshei kjørke.

Bilvegen

Presteveien som vi kjenar han i dag blei påbegynt under andre verdskrig. Arbeidslaga som bygde vegen var drivne av tyskarane. Og det seiast at dei gjore så dårleg arbeid dei berre torde, noko som merkast i dag. Bilvegen var ferdig til Byttingsmyr i 1959 og blei gjennomfartsveg til Takserås i 1968.

Den gamle Prestvegen

Frå Egddalen fylgjer den gamle Prestvegen stort sett dagens bilveg til Vegårshei-byttet. Frå byttet og vidare vestover går bilvegen om heiane, medan gamlevegen går ganske beint fram over heiane, til Takserås. Ein kan finne att store delar av strekninga som kjerreveg.

Den eldgamle Prestvegen

Då Prestvegen berre var ein rideveg gjekk han i ei meir ubein line noko lengre sør. Frå Egddalen, passerte han sør for Skaldrup og kom opp til Stemtjenn. Vidare gjekk han opp under Fauliåsen, inn Stemtjenndalen og opp på Fjellstølåsen. Herifrå vidare over raddane til Ljåmyrdalen og vidare opp i Ulvsåsen til Ytre Vehus og forbi Prestkonekjenna. På Vegårsheisida gjekk han sør for den gamle Prestvegen.

Kjelder

  • Arneberg, Bjørn: Gamle grender. Fone, Byholt og Haugeto grunneigarlag 2005
  • Kommunekart: Prestevegen


Koordinater: 58.87276° N 9.01268° Ø