Randaberg kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Randaberg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Randaberg
1127 Randaberg komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1127
Fylke Rogaland
Kommunesenter Randaberg
Areal 24.7  km²
Areal land 24.11  km²
Areal vann 0.59  km²
Folketall 10 873 (2017)
Grunnlagt 1922, fra Hetland
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Randaberg er den nordlegaste kommunen på Jæren. I sør grensar Randaberg til Stavanger og Sola. Randaberg vart i 1922 skild ut frå Hetland som eigen kommune. Ved inngangen til 2008 hadde Randaberg 9622 innbyggjarar. Frå gammalt har Randaberg vore ei jordbruksbygd. Åkerbruk og husdyrhald, gjerne kombinert med noko fiske, var den dominerande levevegen heilt frå førhistorisk tid og fram til etterkrigstida. Stavanger utgjorde ein viktig marknad for omsetning av til dømes poteter, mjølk og slakt. Randaberg er kjent for sine tidlegpoteter. Sentrum, om lag midt i kommunen, er det eldste senteret i bygda. Her ble kyrkja bygd i 1845, seinare kom handelslag, skule og bedehus til.

Frå midten av 1960-åra auka tilflyttinga, og det oppstod tettstader med bustadfelt. Særleg Sentrum, med det fyrste bustadfeltet i Goadalen, Vestre-Goa fekk eit stort bustadfelt(Viste-Hageby 1964-1974) og frå 1974 ble det satt i gang eit nytt bustadfelt på Grødem. Industrien i kommunen er i stor grad blitt samla i Dusavika og Mekjarvik. Mange av bedriftene her er oljerelaterte. Kommuneadministrasjonen og dei fleste butikkane ligg i Sentrum. Politikarane i Randaberg har freista å leggja seg på ei restriktiv line når det gjeld innflytting og tomtetildeling. Jordvern har vore eit sentralt punkt på dagsordenen, og takka vere nydyrking og lokalisering av bustader og industri i størst mogeleg grad til udyrka område, har ein lukkast med å oppretthalda Randaberg som ein jordbrukskommune. I seinare tid er gardsbruka blitt færre, men mykje større enn før gjennom sal av jord og utleige. Produsentane er delt mellom mjølk- og kjøttproduksjon på den eine sida og produsentar som satsar stort på grønsaker, til dømes dyrking av persille, salat og urter. Sett i høve til det totale arealet, er Randaberg den kommunen i landet som har mest oppdyrka land.

Randaberg elektrisitetsverk. Bilete frå Træk av Hetlands historie 1814-1914.

Randaberg har også eige vinmonopol. Dette kjem i kontrast til den strenge alkohollinja som blei førd dei fyrste 30 år etter at kommunen starta med eigne bustadfelt der dei fleste var nykomarar til kommunen.

Tungenes fyrstasjon ligg i Randaberg kommune.

Se også