Sagbruket i Øyane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sagbruket i Øyane.
Foto: Birgitte Grindedal (2009).

Sagbruket i Øyane i Feios i Vik kommune vart bygd av Johannes Tveit i 1929- 1930. Tømmeret kom frå dalane og vart skore på sirkelsag. Under krigen produserte dei knott som vart nytta til drivstoff. Ved elva stod det og ei mølle og ein slipestein.

Intervju med Oskar Tveit: Det gamle sagbruket

Vi gjekk ifrå skulen, etter friminuttet, ut til Oskar på veg for å intervjue han om det gamle sagbruket som låg oppe i Øyane.

Då vi gjekk opp trappegangen vart vi møtt av hunden Laika, som for anledninga var veldig glad for å sjå oss og bykste straks mot oss for å få kos. Kona til Oskar, Hanna, kom fort ut då ho høyrde levenet og alt rabalderet som vart av hunden då den såg oss. Litt etter kom Oskar ut på ein veranda over der vi stod, smilande medan han lo og sa:

- Det er vel meg de leitar etter?

Det var det jo sjølvsagt, og vi vart vist inn i stova av Hanna. Varmt og heimekoseleg inne og med sjokoladetwist på bordet, sette vi oss ned i sofaen medan vi venta på at han skulle komme inn slik at vi fekk starta intervjuet. Kona dreiv på med middagen, så det lukta godt over heile huset. Vi blei ikkje sitjande lenge før han kom gåande inn stovedøra og sette seg ned i stolen sin, klar til å fortelja.

Sagbruket vart bygd av far til Oskar, Johannes Tveit, mellom 1929 og 1930. Dei første sju åra vart sagbruket berre brukt til utleige. Han fortel at tømmeret kom alle stadar ifrå dalane og vart skore på ei sirkelsag. Krafta frå elva vart også brukt til å driva ei mølle og ein slipestein. Mølla var i drift fram til 1943.

Det har aldri vore mange arbeidarar der, men under krigen var det fire stykke som arbeidde med å lage ”knott”. Dette vart brukt som drivstoff for diverse bilar som ein erstatning for bensin. Bitar av lauvtre lagde ein spesiell gass når den brann, og denne gassen fekk bilane til å gå. Elles var det stort sett berre Johannes og medarbeidaren hans som dreiv. I 1954 vart vassdrifta bytt ut med ein dieselmotor.

Smilande fortel han då vi spør om han har nokre gode minner frå ungdomstida der, at det klart beste var å få måke sagflisa unna sagi. Frå tolvårsalderen av var han involvert i drifta av sagbruket til det vart nedlagt i 1968. Det har aldri, heldigvis, vore noko arbeidsulukke involvert i bruket. Oscar overtok sagbruket då han gifta seg med Hanna.

Då intervjuet var slutt, spurte han oss ivrig om vi ville ha nokre plomer frå hagen hans. Ja, takka vi, og såg på medan han fylte ei bøtte full til oss.

- No et eg plomer heile dagen, og likevel er det dusinvis igjen på trea. Dei dett berre ned, og eg får ikkje gjort noko med det!

Plomene var søte, saftige og veldige gode, så det hadde jo vore synd om dei berre datt ned på bakken og ikkje vart til nokon nytte. Fire jenter klarte jo sjølvsagt ikkje å eta opp heile bøtta, så vi spanderte på dei andre på skulen også.

Tekst av Regine Borlaug, Monika Harbakk, Birgitte Grindedal og Jenny Marie Sætre, 23. august 2009

Intervjuet med Oskar Tveit om det gamle sagbruket i Øyane er ein del av Feios kulturløype.


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Sagbruket i Øyane er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.