Seljord mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Seljord Mållag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Seljord mållag vart stifta 3. februar 1901. Laget skreiv seg frå byrjinga som Seljord maallag. Laget er eit lokallag av Telemark mållag. Skipinga skjedde etter innbjoding frå Jakob Naadland og Aslak Groven.

"Laget vil vera med i arbeidet for eit norsk landsens mål i Noreg, og særleg arbeide for at dei som hev det norskætta mål til morsmål må meir og meir lære å elske og vyrde det, og bruke det i skrift og tale til alt dei hev fyri seg", heitte det i §1 i vedtektene til laget. Den fyrste medlemslista hadde 78 namn, og i fylgje Tov Flatin var dette "av dei gildaste menn og kvinner i bygdi."[1] Naadland vart vald til den fyrste leiaren i laget. I det fyrste styret sat elles Aslak Groven, O. Skjerve, Anne Lid og Kr. Hansen.

Arkiv

Arkivet etter Seljord Mållag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Flatin, Tov, Seljord. 3, Seljord, 1954. Lenke til digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Flatin, 1954, s. 351.