Tore Skaug

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Skaug, Tore)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Skaug. Mangeårig redaktør i Vest-Telemark Blad
Foto: Anne Brit Borgen (2010).

Tore Skaug (fødd 13. august 1939 i Stor-Elvdal) er busett i Tveitgrend i Kviteseid kommune. Han var redaktør i Vest-Telemark Blad 1973-93.

Av utdanning har Skaug artium frå 1959, befalsskule frå 1960, eittårig utdanning i arbeidspsykologi og personalforvaltning ved NHH frå 1964, og frå Norsk Journalistskule 1968. Under studietida arbeidde han som personalkonsulent ved Denofa-Lilleborg 1961-65, og seinare som youth organiser ved Department of Community Development, Uganda, 1966-67 (fredskorpset). Etter studietida vart han journalist i Gudbrandsdølen/Lillehammer Tilskuer 1968-69, og etterpå journalist i Arbeider-Avisa, Trondheim, 1969-73.). Endeleg vart han redaktør i Vest-Telemark Blad 1973-93. Sidan 1993 har han vore frilansskribent, i perioden 1993-97 også i deltidsstilling ved Kviteseid folkebibliotek. Som frilansar her han i hovudsak levert stoff (i første rekkje kulturstoff/bokmeldingar) til Telemarksavisa. Han er medlem i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).

Etter si tid som redaktør blei han frilansskribent og redaktør m.a. for Kvinten og Årbok for folkemusikk i perioden 1994-2006. Han har vore med i redaksjonen for Gamalt frå Kviteseid i perioden 1998-dd.


Bibliografi

  • Å byggje eit bygdetun. Vest-Telemark museum - Kviteseid Bygdetun. Målsmia. Kviteseid, 2007
  • Telemarkskyri. Målsmia. Kviteseid, 2006
  • Glimt frå Vrådals idrettshistorie. Vrådal IL 1928-2003. Forballskulen i Vrådal 1984-2004. Målsmia. Kviteseid, 2004
  • Frå krambu til Joker. Vrådal handelslag 1904-2004. Målsmia. Kviteseid, 2004
  • Bankbok for Kviteseid. Med sparebanken gjennom 150 år. Målsmia. Kviteseid, 2000
  • Den vesle Kviteseid-boka. Målsmia. Kviteseid, cop. 20001
  • Heia Førsdal! Fyresdal-idretten gjennom 100 år. Målsmia. Kviteseid, 1998
  • Vandfaldene ere bequemme. Skafså kraftverk 50 år. Målsmia. Kviteseid, 1998

I tillegg har Tore Skaug skrive mange lokalhistoriske artiklar i aviser, tidsskrift og årbøker.