Stamveg

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stamvei»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein stamveg er ein hovudveg mellom distrikt eller innafor eit distrikt. Fram til 2009 var dette ei formell vegklasse i Noreg, men frå 1. januar 2010 vart omgrepet erstatta av riksveg då alle riksvegar som ikkje òg var stamveger vart overført til fylka.

Stamveg vart innført som eit formelt omgrep frå 1984, då mallom anna alle europevegane vart definert som stamveger. Vi fekk då ei to typer riksveger: dei som var stamveger, og dei som ikkje var det. Då riksvegane som ikkje var stamvegar vart overført til fylka i 2010 var det ikkje lenger nokon skilnad mellom riks- og stamveg, og dermed trengte vi ikkje lenger omgrepet.

Skilta på stamveger var grøne med kvitt nummer. Nybygde stamvegar skulle ha ei bredde på 8,5 meter etter vegnormalen, men eldre stamvegar kunne ha ei bredde på ned til 5 meter. Fleire stader var det kamp for å få godkjend ein veg som stamveg, då dette førte til at vedlikehaldet gjekk over eige budsjett. Eit klart krav til ein stamveg var at han måtte vere ein europaveg, ei hovedtransportrute til og frå utlandet eller ei viktig gjennomgåande rute mellom landsdelar.

Litteratur