Bruker:DrOz1967/Historier og bilete frå Berge i Høyanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Introduksjon

Denne wikien innehld historier og bilete frå Berge i Høyanger.

Fotoalbum og historier etter Sverre E. Berge

Brynhild Berge bles på lur, omlag 1938

Sverre Eilivson Berge (1933-2004) var svært historieinteressert og la ned mykje arbeid med å ta vare på lokale historier og fotografi frå Berge i Høyanger. Etter han er det ei foto og historiesamling som utgjer meir enn 15 fotoalbum, samt illustrasjonar og avisartiklar.

For mange bilete er namn på personar tatt med, årstal, namn på fotograf og ei kort forklaring tatt med. Mange av fotografia i albuma er tekne av Sverre Berge, men ein del er og kopi av bilete frå fotoalbum til sambygdingar og andre.

Sverre E. Berge hadde sjølv munnlege overleveringar og eigne opplevingar. Han hadde god kontakt med sambygdingane bygda og lånte bilete og fekk historier frå desse.

Else Hansdotter Berge (1857-1955)

Else Hansdotter Berge (1857-1955), ugift.

Else Berge var ei klok, streng, stillfaren og arbeidsam kvinne. Ho var i teneste hjå lærar og klokkar Edvard Appoloniussen Liljedahl[1]. Dei budde i Røytehola på Kyrkjebø og hadde fjøs på Gjere. Else gjekk to gonger dagleg og stia, eller stelte, i fjøset. Då Liljedahl vart Stortingsmann og flytta til Vik i Sogn blei Else med. Også då Liljedahl flytta til Stockholm i 1889, ville huslyden at ho skulle følgje med, men det ville ho ikkje. Saman med ein dreng styrde ho då garden til Liljedahl i Vik.

På sine eldre dagar budde ho hos Sjur E. Berge og nokre år hjå lærar Bernt Giil i gamleskulen på Kyrkjebø. Dei siste åra budde ho på Kyrkjebø alders- og kvileheim.

Vika eller Bergsvika

Sverre Berge hadde i Ytre Sogn 1993 ein artikkel om Bergsvika. Teksten under er ein kommentert versjon av denne artikkelen samt notater frå fotoalbuma.

Bergsvika, tidlagare nemnd som Vika,  fungerte historisk som hamn for gardsbruka på Berge. Staden var og landingstad for Høyanger når dei skulle til kyrkje, og fram til 1902 og når dei skulle til Bergen. Gamlevegen frå Bergsvika til Indre Berge blei ferdigstil i 1875 er ein bratt og steinsatt veg kun egna til slede, drag eller kløyving. Gamlevegen blei sett i samband med til Klævoll då denne var ferdig i 1880. 

Alle gardsbruka hadde difor frå om lag 1880 eige kjerrehus i Bergsvika, unnateke Lars 55/2 og Sjur 57/1 som hadde plass i nausta sine. Etter at Bergsvegen var ferdig i 1912 fall behova for kjerrejusa bort. Dei vart revne litt etter kvart, dei siste tilhøyrande 55/1 og 56/1 i 1938.  Opparbeiding av veg til Høyanger i 1935 og vidare utvidingar av vegen har endra utsjånaden på staden.

Bygging av kai på Nordeide i 1907, og vegen til Høyanger i 1935 endra og bruken av Bergsvika.

"Det var ein åburd (eit landfeste) i innkant av Vika og der var det ofte båtar som ankra opp. Staden var og naudhamn for jekter som kunne ligge der og vente på betre vêr i Storefjorden [Sognefjorden]. Vika var ein mykje brukt stad for brislingsteng, og det var ofte flust om fiskarar utanfor stenget, men ein måtte ikkje kome for nær, for då vart ein jaga av nothundane [brislingfiskarane]."

"I over 10 år var Vika stoppestad for Amtsbaatane, som vart borda med færing. Frå den vart varer lossa og lasta, likeeins folk og post. Posten vart stempla ombord slik at Bergsvik aldri var eit poststempel. Det var fem naust i Vika og post- og vareekspedisjonen var i naustet med ark [sjå biletet]. Fire naust er no borte."

Naustet med ark tilhøyrde Larsgarden 55/2. Her hadde Lars Larsson (1865-1946) ei tid handel. I Vika var det inga kai. Rutebåtane vart difor borda ute på fjorden. Stoppestaden for dampskipa blei flytta til Nordeide ikring 1902. Brevhus blei opna på Nordeide i 1908.

"Ei tid dreiv Magnus Kyrkjebø handel. Han tømra ei lita stove med lem til butikk, og tilsette ein styrar. Diverre låg styraren mykje på lemmen og drakk slik at butikkdrifta lønte seg lite. I 1895 starta Andreas Nordeide butikk i stova si, og handelen i Vika avtok ogso av den grunn. Magnus reiv stova og flytte ho til Kyrkjebø der han bygde fjøs av den. "

«Til Vika kom alt tømmer til brukarane omkring. Det kom frå Lindane, Skumsøyra, Klevald, Frivika og andre stader. Mange gardar hadde utskifting omkring 1900 og dei trengde mykje hustømmer.

Mange slo og lauva stranda inn langs Høyangsfjorden og alt vart farma [frakta, ført] i færingane til Vika; lauv, gras, ved, mose og never. Om hausten låg det mange store buntar lindebork nedsøkt i sjøen i eit par tre månader. Det vart vyrke for bastetog etter kvart."

"Vika var hamning for alt som kom på kjøl, og det gjorde det meste: Sand, skjelsand, murstein, salt, mjøl, slipesteinar, treskemaskiner m.m. Brukarane omkring køyrde ved i strangar [trestammar utan topp og greiner] til Vika og sto der og saga og kløyvde den. Til sist var det å laste veden i jekter og skøyter. Under denne onna var det mange folk i arbeid, - og fleire for Vika forbi [la vegen framom]. Der frette ein mykje [fekk ein vita mykje]."

"Folk ute frå kysten kom med fisk og sild, som dei bytte i ved, poteter og anna. Dei fleste hadde faste kunder som dei nemnde "vaor havmann." Sommars tid var det mykje splint som budde i nausta. Karane gjorde ymse loddearbeid, fortinna kjelar og laga takrenner. Nokre reparerte og bytte klokker. Konene for omkring og selde småting, som t.d. nål, tråd, skjerf, kniplingar og anna, og ofte tigga dei vel litt til "sjuke" born. Mange gjekk dit berre for å sjå splintelivet som var framandsleg."

"Etter at det vart veg [i 1937] kom splinten med hest og kjerre. Dei fekk då ei ny verksemd - dei bytte hestar. Det var livate tider når splinten heldt hus i nausta. Mange hadde og Vika som ein badestad. Fine søndagar var badeaktiviteten stor."

Bosttog frå lind

På Berge brukte ein ordet «bost» for bast og «tog» for tau, altså bosttog. Tidlegare var bosttog vanleg i bruk, men blei erstatta av hampetau som objektivt sett var sterkare og billegare. Under andre verdskrig var det fleire på Berge som spann tog frå lind. Det som var å få kjøpt var av papir og var ikkje sterkt. Bosttog av lind var då eit tilgjengeleg og brukande alternativ.

Sjur Endresson Berge (1878-1968) bidrog til Vår gamle bondekultur av Visted og Stigum (1971). Han er der avbilda medan han lagar bosttog frå lind. Det er framleis bosttog etter Sjur E. på gardsbruket. Sonesonen Sverre E. Berge (1933-2004) si korte skildring i egne fotobøker er nok basert på eigne erfaringar saman med faren.

I forbindelse med lauving av lind i juli-august, blei borken blei flekka av i lange renningar. Borken blei søkt ned i fjorden ved Bergsvika i 2-3 månader utover hausten.  Når den blei tatt opp igjen var den klissen og ufyseleg.  Men bindestoffa mellom bost laga var oppløyst slik at fibrane kunne nyttast til tog.

Ein la borken over kneet og brukte ein stein til å skrape av det øvste mørke barklaget slik at ein satt igjen med den reine bosten. Bosten blei spalta i papirtynne strimlar, bunta saman og hengt opp til tørk. Spinninga var ei typisk vintersyssel når ein hadde betre tid.  Bost strimlane blei spunne til tottar på ei snelle. Tottane ble slått samen til tog.  Ein kunne regulere tjukkelsen ved å ta to eller tre tottar i toget, dvs «toslagen» eller «trislagent». Sjå bilete under frå Visted og Stigum (1971) .

På Berge vaks det lind i Lindekleiva som ligg utanfor Saueåna ovafor Bergsvegen. Det veks framleis lind i Bergsstronda naturreservat.

Skytterlag

Kyrkjebø og Berge skyttarlag hadde eiga skytebane på Smiebakken på Øvre Berge. Dei hadde to standplassar, murane til desse ligg enda. Den øvste på 100m og den nederste på 300m. Dette er standplass for 300m. Ute ved skyteskivene var det ei skyttergrav som dei som markerte på skyteskivene søkte dekning i når skyttarane skaut. Denne låg 40-50m over skivene. Det var telefonkontakt mellom skyttergrav og standplass på 300m, ellers så var det bjellestreng på 100m som dei ringte i når dei skulle markere på skivene

Slåttebilete

Korndyrking

Fram til 1952 var det korndyrking på Berge. Hjå nokre enda ein del år, men då helst bygg til malt.  

Mjølketransport

Før mjølkebilen starta å hente mjølka på melkerampene på Øvre, Ytrre og og Indre Berge var det kvar dag transport med hestekjerre fra kvar av gardande og ned til Svingskiva. Mjølkebilen kom forbi og tok mjølka til meieriet i Høyanger.

Mjølkekøyarar frå Indre, Ytre og Øvre Berge på Svingskiva, om lag 1935.  Eivind Berge står framme i vegen.  Anders H Berge, Tor Lønne som var dreng hjå Lasse, og Leiv Berge.  

Skog og skogplanting

Følgande tekst er redigert frå notata til Sverre E, Berge.

Kyrkjebø Skoglag blei skipa i 1903 med Anders H. Berge som laget sin første formann. Bestilling av planter og praktisk rettleiing om planting blei tillagt Sjur Berge, med tittel plantør. Han hadde gått kurs på Søfteland Planteskule ved Os. Lars L. Berge inngjekk i 1904 ein kontrakt med Bergen Skogselskap om planting av ei 3,5 dekar stort prøvefelt med gran.

Sjur Berge sitt arbeid var fundamentalt og ved skoglaget sin 40- års jubileumsfest i Dyrdal, 29. juli 1944 vart han utnemnd som æresmedlem med eit vakkert 4. sider langt sertifikat. Det var teikna av Gunnar S. Gundersen. (Gunnar S).

Følgjande dikt står i sertifikatet:

«Å plante skog og dyrke gard er arbeid for ein kjernekar.

I firti år du har tatt tak og flittig vært for skogens sak.

I gjerning seig du viste veg. I dag med takk vi hylder deg».

Formann Andreas Håland skulle halde talen til Sjur, men han vart sjuk og kunne ikkje komme. Nils Høvik las Håland sin tale, som var svært god og morosam. Mellom anna fortalde han at Sjur, etter mange års teneste som plantør, hadde nemnt for formannen, at han ville ha dobbel betaling. Håland spurde då kor mykje han hadde hatt til no. Sjur svara, som sant var, at han hadde ikkje hatt nokon betaling. Dette vekte ålmenn begeistring, og klapping. I bygdeboka står det at ei frøken Berge deltok under bordseta. Det var Oddhild Berge (gift Berg), dotter av Knut og nabojente til Sjur.

Bergingane planta mykje skog og var ivrige i arbeidet. Dei hadde ein plan om at Bergegrenda skulle omfattast av ein ”hestesko” av gran. Skuleungane og ungdomslaget deltok årvisst i skogplanting. Det blei planta frå sjøen og nesten til fjells. Såleis er det planta på Broklia og på Karthaugane. Til og med i Styggebotnen er det planta buskfurer. Eivind Berge skaffa planter til Karthaugane og fekk stølsjentene til å plante. At Eivind skaffa planter og sette stølsjentene i arbeid var lite omtykt av jentene den gongen. Det blei planta fleire sortar gran og fure, litt lerk og hemlokk. Grana har vore det mest vellukka her i grenda. Ein har i fleire år kunne teke ut tømmer til skurd og det har vore hogge mykje til kubb og ved.

Sverre Nybø, fylkesskogsjef, Barthold Vonen, fylkesskogsjef etter Nybø, Asbjørn Sandslett, herredskogmester og Sverre Dahl, skoglagsformann og direktør for Vadheim elektrokjemiske fabrikk gjesta ofte skogen på Berge. Dei synte stor interesse for arbeidet, var inspiratorar, kunnskapskjelder og støtte for alle i skogsdrifta.

Anders E. Berge bygde seg sag på Kjerring-gjelet i 1949-50. Eivind lagde og monterte ny sagspindel til denne saga. Saga sto først i tre år på Strandsbøen. Drivmotoren er i seinare tid gitt til motormuseumet i Vik. Ellers har bergingane brukt saga på Nordeide og i Frivika. Noko tømmer er sendt lenger vekk, som til dømes Sele og Sunnfjord. Alle bergingane har brydd seg om skogen sin. Lars Larson Berge den yngre, "Vetlelars" eller "sersjanten" brukte svært mykje tid på skogstell og planta over 35 000 gran. Han nekta søstera Gjertrud å skjære einstape i skogen, der han hadde planta, då han var redd for at ho skulle skade plantene.

Biletgalleri frå skogplanting

Stølsdrift

Fordelinga av utmarka på fjellet vart fastsatt av tingretten i 1690, men har truleg vore den same lenge før dette. Gard/bruksnr 55/1-5 og 57/3 har felles eigedom i utmarka under Skålebotnfjellet og Langfjellet, og har støl på Karthaugane. 56/1-2 og 57/1-2 har felles eigedomar i utmarka i Bergsdalen, med tilhøyrande sommar støl i Steinkvia. Dei sistnemnde bruka hadde òg vår og haust støl på Oppheim og på Furuhaugane.

Karthaugane støl

Buferdskløva klar i tunet. 1950. Sjur E. Berge, Olav Kvist, Johan S. Berge.

Gard/bruksnr 55/1-5 og 57/3 har felles støl på Karthaugane 540moh. Stølsdrifta blei lagt ned i 1963.

Stølen ligg i dag i skoggrensa. Det er godt med tilvekst av bjørk opp til 600moh. Frå bilder på 1920 talet, vist i bildegalleri under, ser ein at det ikke var skog rundt stølane.

Det var drift på Karthaugane frå slutten av juni til tidleg september. Munnlege overleveringar fortel at det var tungt arbeid og lange dagar. Det var mellom anna krevjande å halde det reint. Det bar vatn til reingjering og matlaging frå ei kjelde vel 100m frå sela.

Om dagen beita kyrne vekk frå sela. Det var lite behov for gjeting, kyrne fann sjølv fram til beitene, og kom tilbake til selet for å bli mjølka. Kyrne blei mjølka tett ved selet, sjå bilete frå Lars-selet der det blir mjølka på selstrappa. Kyrne kunne gå ute om natta, men det var plass for kyrne i kjellaren på sela.

Fram til 1934 var det produksjon av fløte, smør, kvitost brunost og anna. I 1934 då vegen mellom Nordeide og Høyanger vart bygd blei det etablert taubane ned til fjorden. Mjølka kunne då sendast direkte til meieriet i Høyanger.

Det gjekk taubane frå Furuhauggjelet til Bergsstronda frå om lag 1934 til 1950. I ein periode frå 1950 til 1959 blei det dagleg kløyva med hest. Ei ny taubane blei satt opp i 1959 frå Stølshaugen, fundamenta kan framleis sjåast. Budeiene sende mjølka blei send ned, to 25 liters mjølkespann av gongen. På Bergsstronda tok nokon imot dei fulle mjølkespanna og sende i retur to tomme mjølkespann. Nede var det bremse på trekktauet for å halde igjen dei fulle mjølkespanna. Mjølkebilen frå meieriet i Høyanger henta seinare mjølka.

Bildematerialet tyder på at det var litt tid for moro og besøk i helgene.

Kjelder:

Sverre E. Berge

Einvald Osland personleg meddeling

Gardsregnskap etter Magne E. Osland

Biletgalleri Karthaugane

Bildegalleri taubane

Kjelder

Kristoffer Visted og Hilmar Stigum, 1971, Vår gamle bondekultur 3. utgave, bind 1.

Leif Leirnes, Adolf Førsund, Sigurd Førsund, 1963, "Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik." 3 bind.

Sverre E. Berge, 1999. Bergsvika – tidlegare trafikknutepunkt, Ytre Sogn 02.08.1999

  1. Edvard Liljedahl