Tinghuskomplekset (Leikanger)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tinghuskomplekset»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tinghus I.
Foto: Arild Nybø
Tinghus II og III.
Foto: Arild Nybø

Tinghuskomplekset i Leikanger, rett ved Leikanger kyrkje, er ei arkitektonisk spennande klynge med offentlege kontorbygg: Tinghus I (1938), Tinghus II (1956) og Tinghus III (1966). Tinghus I husar i dag Leikanger kommune og fungerer som rådhus. Dei to yngste står tomme[1], men fram til 2005 husa dei Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Aust for tinghusa står den gamle sorenskrivargarden. Dette bygget var i ein periode brukt som barnehage. Rett bak denne står eit imponerande eiketre, Skrivareiki. Til høgre for eika ligg eit kontorbygg frå 1990, der Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) held til.

Les meir

Notar

  1. Tinghus II husar i ein kort periode (2014) delar av Statens Vegvesen medan deira bygg på Hermansverk vert utvida og forbetra.