Trondheim Frikyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Trondheim Frikirke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Trondheim Frikyrkje er lokalisert på Moholt i Trondheim, og høyrer inn under kyrkjesamfunnet Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja. Kyrkjelyden vart konstituert 12. desember 1973, men har røter attende til Levanger og Ytterøy i 1960-åra.

Kort historikk

På 1960-talet hadde kyrkjelyden samlingar i Blåkorssalen i Kjøpmannsgt. 42. Innviingsfest vart halde 7. januar 1974, og forsamlinga reknar dette som sin oppstartsdato. Då var det 30 medlemmer i forsamlinga.

I 1975 vart Arnfinn Løyning første forstandar (pastor) for kyrkjelyden, ei stilling han hadde fram til 1982. Då tok Thomas Bjerkholt over.

I 1988 vart gudstenestene i forsamlinga flytta til KVT på Tiller. Lokalet i Brøsetvegen på Moholt vart teke i bruk 2002.

I 2014 vart Bjørn Jellestad forstandar, etter å ha vore 2. pastor sidan 1993. I 2016 vart Jellestad pastor i Credo Frikyrkje.

Teologisk profil

Trondheim Frikyrkje var lenge rekna som ein av dei meir teologisk konservative kyrkjelydane innan Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja. I eit intervju karakteriserte Thomas Bjerkholt kyrkjelyden som "klassisk-ortodoks". Han framheva at det var plass til både karismatikk og liturgi i kyrkjelyden.

I 2005 opna synodemøtet (kyrkjemøtet) i Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja opp for ordinasjon av kvinner. Bjerkholt var ein av dei som var motstandar til denne endringa. Dette var også det offisielle synet til Trondheim Frikyrkje i tida Bjerkholt og Jellestad var tilsette som pastorar. Etter at dei slutta, er det opna opp for at kvinner kan vera medlemmer av eldsterådet.

Kjelder