Vegar på gnr. 84 Høydal i Volda
Vegane på Høydal (gnr. 84) i Volda kommune vart tekne ut etter utskiftninga i 1892.
Utskiftninga er omtala som minneleg utskiftning etter § 10 i lov av 13. mars 1892 og starta i 1890 med dei første forhandlingane om korleis arbeidet skulle organiserast vidare. "I medhold av den vedheftede Voldgiftsdokument givne Myndigheit og i henhold til den nevnte Lov om utskiftning, har utført Oppmåling og Bonitering av engmarken på heimebøen. Lodeierne forlangte Utskiftning fremmet og utlagt etter gammelt Indehav." Utskiftningsmennene inngikk avtale om å etter lov utføre arbeidet på alle fire bruka: Matr.nr. 148, lnr. 164: Arne Olsen, lnr. 165: Gurine Olsdatter, lnr. 166: Hans Mortensen og lnr. 167: Niels Andersen. Matrikkelnummer 148 heiter no gnr. 84 og løpenummer er erstatta av bruksnummer - i denne samanhengen: bnr. 1, 2, 3 og 4.
Etter kvart vart dei ymse skifta for kvart bruk fastlagde og steina. Her er det interessant å sjå at i 1893 den 18, 19. og 20. mai møttest dei same på «åstedet» att, etter eit års prøvetid for å vurdere, etter nøyare gransking, om noko burde endrast. Linja mellom Hans Mortensen og Nils Andersen Thunlodder frå Storelven til Eddanova skulle etter dette flyttast 10,8 meter mot nord og verte steina. Der er og nemnt aurtak og moldtak som oppsitjarane hadde på kvarandre sine eigedomar. Etter som tida har gått, er slike ikkje lenger i aktiv bruk og truleg vanskeleg å peike på kvar var.
Veg nummer 2
Veg nr. 2 går frå tunområdet til Rabben med breidde på 3 meter nedom Hans Mortensens fjøs og løde bygning utover Holane til Stranda ned om Rabbehammaren. Denne skulle vere ferdig til 14. april 1895. Alle oppsitjarane har rett å drive sine smalekreatur frå tunet til Rabben under fjellet over Hans Mortensens Mark Vår og Haust. Denne rett opphøyrer når samtlige oppsittere har fått oppført sine sommarfjøsar ved Rabben, frist inden første mai 1895. I dag ser ein berre mosegrodde murar der sommarfjøsane var. Desse fjøsane var brukte til geit og ungdomane gjekk i lag med geitene til fjells og sytte for å få dei nedatt til mjølking mot kvelden. Det var og eit samarbeid med bruka i Berget om gjetinga. Desse geitfjøsane er det vanskeleg å vite kor lenge dei var i bruk. Truleg har det minka av seg sjølv når brukarane etter kvart slutta med geit. Hansgarden var nok den siste, ein kan hugse geiteflokken kom frå Stranda i øvste ledet og oppom dei gamle revegjera og til fjøsen. Dette var truleg heilt sist på 1940-talet. Det var i dei åra Hans Lina eigde og brukte Hansgarden.
Vegarbeid i området «Rabbehammaren», eit namn som var ukjent for folk som budde på Bøen i 1950-åra, men som dukka opp i utskiftninga frå 1893-96. Personane er frå venstre: Anders O Høydal, Per E. Høydalsvik, Anders H. Høydalsvik, Karl J. Høydalsvik og Ola Ødegård. Alle bileta er truleg frå mellom 1932 og 1938.
Denne vegen som førte til sommarfjøsane i Stranda, har seinare fått endra trase og status til slik han er i dag. Det ser ut for at brukarane på gnr. 82, 83 og 84 har gått saman for å få veg til alle bruka i Berget og på Bøen. På 1930-talet er vegen nemnd som Vegfondsvegen Bøsjøen Ødegård. Fylket fekk midlar frå staten til eit vegfond som fylket disponerte. Oppsitjarane som mangla veg kunne søkje fylket om midlar frå dette fondet. Vegfondsvegen Bøsjøen Ødegård er eit resultat av dette. Fylket førte tilsyn og nytta dels fagfolk til stikking og flising i sume høve. Johannes Bjørkedal, oppsynsmann i vegvesenet utførte slike oppdrag. Opparbeidinga har vore bit for bit, den siste akkorden var truleg ikkje ferdig før ein gong på 1960-talet. Vegen som i utskiftinga frå 1892 gjekk nedom Rabbehammaren til sommarfjøsane fekk ny trase som skulle dekke behova for komande tider, og den vart utskoten gjennom Rabbehammaren.
Bilder frå 1930-åra tyder på at også nødsarbeid var ein del av gjennomføringa. På 1930-talet var arbeidsløysa stor, og ved nødsarbeid kunne ungdomane verte sett i arbeid med samfunnsnyttige tiltak og skulle få 25 øre dagen, vart det fortalt. Det er lite historikk å finne om dette, så det er slikt ein har fanga opp i nærmiljøet som er det historiske grunnlaget ein har å bygge på. Vegen går over Leitestykkja til Bøingane, der det var steinfull ljåmark og seinare beitemark. Stein frå desse steinfulle områda vart henta inn i vegtraseen. Merke i overflata tyder på det. Her kan nemnast at Sigurd Lid, som var lærar i Høydalen i desse åra, hadde gjort ein avtale med Anders N. Høydal, Nils Anders, frå Ytregaren om å dyrke opp eit lite stykkje til potet på stykket til Ytregaren. Stykket var sikkert stort nok til ei fin avling. Der var ikkje dyrkingsrøysar rundt stykket, så steinen har nok vorte plassert i vegtraseen. Sigurd Lid var ein stor mann og spettet var deretter. Det vert hugsa at spettet var stort når han var i smia og kveste spettet.
Veg nummer 3
Veg nr. 3 går frå det gamle tun og framover til Fremstebøen med breidde på 3 m til den øverste grind. Han skulle vere ferdig 14. april 1897. Vidare finn ein at veg nr. 3 frå den øvste grinda i åkregarden til Brubakkelven skulle avsteinast med breidd på 3 meter, som før.
Veg nummer 4
Veg nr. 4 vart teken ut og steina frå Reitanova til den nedre grinda av Åkregarden og framover nedre del av Fremste bøen og Øyaskiftet med 3 m breidde og oppover Gurine Olsdatter Øiaskifte til Øvreste Dalevei ved Brubakkelven. Han skulle vere ferdig 14. april 1897. Her lyt ein hugse at Dalevegen gjekk på skrå over Brubakken, og no så vidt synleg til Krikane, og at brua over Brubakkelva truleg har vore ei trebru, før brua me kjenner i dag. Den første støypte brua har to jernbaneskinner under, som fungerar som dragarar. Brua som er der i dag vart armert og støypt rundt 1960-talet oppå den gamle. Vangane fungerer som dragarar.
Veg nummer 5
Veg nr. 5 går frå Daleveien til Broen med 3 meters bredde og frå Broen til Gurine Olsdatters Thunlod. Thunlod i denne samanheng er det arealet der også tunet er, med breidde 2 meter. Den skulle vere ferdig 14. april 1894. Deretter tok ut dei førhavde gangstier, så som gangstien for Røsten og Ødegård frå den øvre Dalevei til sine respektive kvernhus med 1 meters breidd. Gangsti frå Hans Mortensens kvernhus og oppover hans eigen og Nils Andersens Thunlod til Søveien med 1 meters breidd og ein 2 meters brei veg frå Espehaugskaret til Arne Olsens gangsti nedenfor Bakkane. Og ein gangsti frå Arne Olsen og Gurine Olsdatters kvernhus med breidd 1 meter oppover til Hasleskaret.
Sist i utskiftningsdokumentet står: "Tinglest ved sommertinget for Volden tinglag den 25 de. Juni 1896, extraheret samt behøringen protokolert."
Kjelder
- Høydal, Magnar f. 1937, Er oppvaksen her og brukar eiga erfaring til å skrive artikkelen
- Høydal, Magnar f. 1937, utskiftningsdokument i privat eige. Rett utskrift ved: Peter Kjeldseth Moe. Sakførar Ørstavik
- Fløtre, Johannes Ragnar f.17.12.1926, tilsett ved Landbrukskontoret i Volda i mange år. På telefon fortalde han om ordninga med vegfondsvegar.