Vigdis Nielsen (f. 1961)

Vigdis Nielsen (født 1961) er regissør og manusforfattar. Ho har laga kortfilmar og lengre dokumentarfilmar.

Vigdis Nielsen er frå Ulvik i Hardanger. Sidan 1990-åra har ho boud i Stavanger, der ho etablerte føretaket Vigdis Nielsen Filmmanus & Regi i 2001. Kortfilmane Hål i hjerta (2004) og Stikk (2007), etter eigne manus, er barneskildringar som handlar om konflikt og mobbing. Dei er blitt vist ved fleire festivaler.

Den lenge planlagte dokumentarfilmen Olav H. Hauge – den andre mannen (2008) handlar om den kjende lyrikaren Olav H. Hauge, som i likhet med Nielsen sjølv er frå Ulvik.

Katteslottet (2012) er ein lek med grøssarsjangeren som er brukt til bevisstgjering om filmspråk i skuleverket.

Vigdis Nielsen fekk merksemd med dokumentarfilmen Kampen om fjordane (2016; ein ny versjon av filmen Kampen om Hardanger fra 2014), som skildrar ein lokal miljøaktivist sin kamp mot Statnett sin utbygging av høyspentledningar i Hardanger. Filmen blei kinolansert og vann publikumsprisen ved Eurodok 2018.

Filmografi

Regi

  • Kampen om fjordane (2014)
  • Katteslottet (2012; kortfilm)
  • Olav H. Hauge – den andre mannen (2008)
  • Stikk (2007; kortfilm)
  • Hål i hjerta (2004; kortfilm )

Manus

  • Kampen om fjordane (2014)
  • Katteslottet (2012, kortfilm)
  • Olav H. Hauge – den andre mannen (2008)
  • Stikk (2007: kortfilm)
  • Hål i hjerta (2004; kortfilm)


Prisar og utmerkelsar

  • Publikumsprisen ved Eurodok 2018 for Kampen om fjordane


  Vigdis Nielsen (f. 1961) er basert på en artikkel fra nettstedet Nordic Women in Film, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Den ble opprinnelig skrevet av Trond Olav Svendsen. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.