Vinterfiskje frå Synesvågen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vinterfiske frå Synesvågen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vigra Synesvågen 1908.
Kutterar som kom med i vinterfiskje frå 1906 til 1909. Austefjord Museum.
Modell av to ca. 35 fots kutterar til kystfiskje mellom 1905 og 1910. Austefjord Museum.
Oline, ein oppborda seksring med dekk og gaffelrigg. Austefjord Museum.

Vinterfiskja og vårtorskefiskja frå Synesvågen på sunnmørskysten gjekk før 1900 mykje føre seg frå opne ro- og seglbåtar frå ytterøyane mot havet. Den sørvende Synesvågen ligg på sørenden av øya Vigra i Giske kommune. Vågen er sikker hamn for båtar som ikkje stikk for djupt og vart langt bakover i tid nytta av fjordafolket som opphaldstad i vinterfiskje. Herifrå er den kortast mogelege vegen til fiskefelta, men vågen er grunn og gikk difor gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka òg behovet for nærleik til fiskefelta.

Tider og reiskapar i endring

Følgjande sitat frå bøker og lokale notat kan fortelje noko om endringar som har skjedd i kjend tid:

På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggevêr.
– Hans Geitvik
I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.
– Ola Årsetøy

Båtane som fekk motor var for det meste nybygde, eller nesten nye, kutterar på 30 - 42 fot. Båthistoriene frå 1905-1910 seier at mange av kutterane var brukte som seglarar fyrste ein eller to sesongane. Dei vart for tungvinte å bruke i stilt ver. Så vart det sett inn motor. Det vart òg sett motor i ein del av dei ombygde robåtane. Saumen, klinkenaglane, synte seg å vere for veik for dei enkel-sylindra motorane. Dunk, dunk, dunk strekte saumen. Ein fekk lekkasjar, og båtane enda på ein naustvegg eller som energirik ved under barkekaret.

Forrige skifte var frå 1890 og nokre få år fram i tid. Seksringane og åttringane vart borda opp med eitt omfar og lagt dekk i. Omlegging til bruk av gaffelrigg var i full gang og vart nok fullført saman med ombygging til dekksbåtar.

Før 1890 vart det sjeldan brukt dekka båtar frå yttersida, men der var ein del forsøk på å få fiskarane til å bruke dekka båtar.

Åttring med sju mann og seksring med fem mann var vanleg eit godt stykke bakover i tid.

Tidlegare «storebåt» i fiskje frå «den ytterste nøgne ø» midtvinters var «fjørefar». Denne er omskriven og teikna/skissert av Hans Strøm og rekonstruert frå bord på gamle naustveggar av Saxe Bjørkedal. Normalt mannskap på denne båten, i denne fiskja, finn ein notert som seks mann.

Ein finn og at sume brukte mindre båtar som oppborda trerøringar og færingar. Med grunn at ein ikkje kunne ha båt liggande ute og at den alltid måtte dragast på land.

Ein stor del av båtane langt tilbake i tid er bygde i Volda kommune; tyngda av dette att kjem frå Bjørkedalen. Her har dei klart å halde skogen i passeleg drift for tilpassa årleg uttak til båtbygging. På denne måten har og jamn kunnskap om båtbygging fått leve gjennom hundreåra. Nærare sjøen har konge og kyrkje snauhogd med ujamne mellomrom. Eit døme på dette er rundt 1850 ved bygging av ny kyrkje i Volda. Då vart, i Austefjorden, hogd på kyrkja sin eigedom 6000 furetre på Fyrde og nye 6000 furetre på Mån, Eide og Hjellane. Etter dette vart det bygd ein åttring på Fyrde til eige bruk. Dette var siste store båten på lang tid frå området. Kunnskap om båtbygging fylgde folk som flytta på seg, men ein må ha noko å byggje av.

Kor nær land torsken kom på si vandring var så ymse:

Det kunne variere nokså mykje kor langt inn torsken kom. Enkelte år kom fisken innom Erkna. Då hadde dei kort veg til fiskefeltet. Men enkelte år kom ikkje fisken over djupet, så dei måtte utpå Mebotnen for å fiske. Dette var 5 - 6 mil frå utrorsplassen (Synesvågen), med hard roing tok det 6-7 timar kvar veg. Var det lagleg vêr hende det dei overnatta og lasta opp båten dagen etter. Dette var eit barskt liv. Så det vart berre gjort når det var gode forhold for det.
– Karl K. Blindheim

Ein stormdag: Ein gamal røynd sunnmørs-fiskar fortel

Etter: Bondeliv på Sunnmøre, optegnelser av Hans Geitvik 1926, s. 54. Nedkorta med nyare språkform:

Det hadde blåse litt om natta. Styrmannen hadde vore ute fleire gonger og «sett i veiret». Han fann veret utrygt, så han ville vente på dagslys for å legge ut. Ved tidleg dagslys banka han i loftet, eit teikn på at alle måtte vere klar til start.

No vart der liv, søvnige menn kom i kleda og nede venta ein kjel rykande kaffi. Alle åt stilt – det var ein av desse uvisse dagane – torer eller torer ikkje. Styremennene samlast ute – på ein utkiksplass – men fann veret utrygt. Brått kjem to-tre ottringar til syne bak eit nes og så er alle på kurs mot det lunefulle havet. Det vart god – men passeleg bør - utover.

Det var godt fiske utover dagen – men brått kom ei vindkule – havet vart svart og der kom knappe bårer med kvite toppar på. No kom snøra (fiskesnøra), og etterpå seglet opp. Seglet vart heisa litt og litt etter som båten fekk fart – og gjekk til slutt til topps. Her måtte det seglast kva seglast kunne for å få landkjenning før dagslyset gjekk ut.

Vinden auka – styre-mannen ropa fyrst «sett» (ein slakka seglet til fyrste «riv» - så ropa «siglemannen» «drag» til «kjempemannen» (ein stramma seglet att etter «riv» - å stramme opp seglet etter at naudsynte tau er knytte rett ved «riving»). Så tok ein nye «riv» når vinden auka på.

Sjøen braut inn i den lave båten. Styremannen ser ikkje lenger fram enn til mastra med stort råsegl oppe – og karane fram om mastra melder til styremann - om «kjempemannen» som står ved mastra i «kjemperomet».

Kjempemannen melde til styremannen det han ser: «Stor sjø» - og dei styrer av eller rir på båra for å unngå sjø i båten. «No tek han inn lands-oddane – set kompass» (no går synet av land ut. Det einaste du ser er det skumande havet – og det du høyrer er vinden og «brota» når sjøen knuser seg mot skjer og båar). Styremannen tek opp kompasen frå ei grønmåla kasse og set kurs.

No høyrer ein «sett» og «drag» i eitt sett. Farta aukar – ein «rivar segl» - og seglet blir mindre og mindre. Så kjem ei kjempebåre. Båten sin bakende er høgt der oppe – båten svingar unna eit grunnbrot, står og dirrar i sjøen litt før den legg «sin brede bringe til» og klatrar sakte oppover det «det veldige bølgeberget» forut. Vesle siglemann ausar.

Tredje båra går annaleis. Båra bryt innover båten og riv med seg fisk og lause gjenstandar og utover framenden – men no er det mykje vatn i båten. Styremannen ropar: «Opp med seglet» - siglemannen dreg ut alle riv – og seglet breier seg over båten (som ein fallskjerm) med ein smell. Den halvfylte (med sjø) båten blir skjelvande dregen opp av bårene og flyt – på eit vis.

Styremannen: «Aus, aus!». Dei av oss som ikkje har sigleansvar ausar – to «ausekjer» (øsekar) vert brukt. Dei andre tek næraste nisteskrin – bryt loket av – og ausar – for eige liv – og for dei heime – som og er avhengige av at ein held seg levande.

Kjempemannen: «Grunnbrot forut». Styremannen overlet roret til næraste mann og går forut og lyttar. «Ditta e sikkert Oddeboden – ej kjenne han på lyden. Om litt vil du høyre eit knapt brot i le (lo = mot vinden, le = unna vinden) – når du høyre det so seg (sei) frå». Så går han bak og tek roret – legg om kursen litt – her går det unna. Så nytt brot i le forut.

Styremannen går fram og lyttar på nytt: «Ditta æ Karlsboden – no skal me greie oss fint».

Neste dag ror dei ut på nytt i knapt halvtørka kle.

Etter: Hans Geitvik


Fyrstereisguten Petter Britanus Eliasson Mek (1876–1966)

Petter Britanus Eliasson Mek har fortald på lydband om fyrste fiskja han var med på frå Synesvågen vinteren 1890–1891. Då var han 14 år gamal og var med faren i ein åttring. Dette var eitt av dei siste åra det vart brukt open båt.

Båten og det ein finn om rigg

Barmann, ein spisstemna sunnmørsbåt med dekk. Austefjord Museum.
Segleaattring1.
Olsvikseksringen.
Fjørefar teikna av Hans Strøm.

Båten er ein åttring, 28-alning. Lengda er oppgitt i båtalner = 0,55 m. Båtalner er målt etter ripa, til stamnane. Reknar ein breidd 1/3 lengd er båten tilnærma 47 norske fot = 14,8 m (er han smalare er han dermed lengre. Ein er i nærleiken på total lengd).

Masta midt i båten er fokkemast. Framom masta er fokke. På seglet bak fokkemasta er ikkje brukt løybom/nedre bom, kanskje heller ikkje bom oppe. Med gaffel oppe er seglet eit «sjassesegl» (Ivar Åsen ordbok 1873: «skjaasla, at løbe hit og dit som i forvirring». Det passar bra på nedkant av seglet). Utan bom oppe heitte seglet ein «trehuk», det var tau i tre hjørne. Dei brukte «stav-bukkar» på segla ved kryssing opp mot vinden. Åttringane hadde oftast to master der det på bakmasta (ei trerøringsmast) til slutt vart brukt mesansegl, men lenge var det gamle «marineseglet» brukt. Ved full seglføring var det og brukt ein «færingsrigg» på eit «baugspyd». Då stod den vesle masta på/ved forstamnen. (Seksringen brukar ei mast, ein «åttringsrigg», same som største mast på åttringen. Ein kan då spørje kvifor dette ikkje vart kalla «seksringsrigg»).

Overgangen frå råseglrigg til gaffelrigg, eller ein liknande konstruksjon, er nestan fullført. Det kom dekk i mange av desse båtane, oppgitt 1893, men lat oss seie 1890 og utover. Det har vore ein del eksperimentering med seglføringa og ein kastar ikkje det som er i orden og brukande.

Petter og båt

Petter eigde «Konsort», ein «møringsbygd» dekksbåt med åttringsrigg i 1900 i lag med Iver Aurstad (1870 – 1948) i Austefjorden. Petter hadde mor frå Aurstad, fleire eigarar på kvar båt var vanleg. I Austefjorden var sjøisen eit «meinbegse». Ved slik eigarskap var ofte naustet så langt ute i fjorden at dei slapp plaga med isen når dei skulle «i fiskja».

Petter vart i ung alder kvalfangar og kvalskyttar på Nevada og andre Sunnmørsbåtar. Han sa seinare at det var han som oppdrog austefjordingane til kvalfangarar.

Mannskap

Mannskapet på åttringen er 7 mann. Frå framskuten og til bakover i båten:

  • Solid-Johan: Johan Mek (1850 – 1937, BsV2 s. 486) (framromet)
  • Sven-Ola inni Kile: Ola Sveinsson Kile f. 1863
  • Skule-Sven: (vart lærar, finn ikkje meir info)
  • Petter Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238)
  • Nils Kile (finn ikkje under Kile)
  • Mek-Eljas: Elias Mek (1849 – 1926), styremann (og oppgitt båteigar, der var ofte fleire eigarar til båt)
  • Vosse-Knut: Knut ????, skutmann (bakskuten)

Karane har kvar sine faste oppgåver i høve til segling. I fiske og lossing er oppgåvene meir delte.

Kontroll i Merkeprotokoll for Synes og Synesvik Valgdistrikt: Elias Mek har drive fiske frå Synesvågen frå 1889 til 1911, med unntak av 1898 og 1901. Fangsten har variert frå 800 til 4800 torsk pr. fiskje. Han dreiv med åttringen til og med 1894. Frå 1895 kom han med dekka båt. I 1908 kom han med båt med motor. «Kampen». Mesteparten av tida brukte han rykk, men han forsøkte seg også med line og 1. år med 2 dorryar med rykk .

Klargjering og utstyr

Torskerykk med lodd.
Torskerykk.

Tida frå julehelga til kyndelsmess var ei travel tid. Kvar mann måtte ha utstyret i orden til utror.

Utstyr for kvar mann: Ei stor kiste med innhald: 200 flatbrødleivar, 50 lefser smurde med godt smør, flesk, mòrpølse, 1 pose kokemjøl, 2 esker smør med innhald 1,5 kg, ein del ost m.m. Ein sekk gangklede, ein sekk sengklede. Ei pakktønne kaker og diverse. Ein ambar brødgraut, ein holk surmjølk, ein holk syre. Eit nisteskrin og kanskje eit skrin for bestekleda, samt eit anker godt øl. Til slutt sjøvegn og skinnhyre. Kvar hadde med eit halvt mål turr enkel-ved til bruk i huset og til omnen eller eldgryta for koking på båten.

Fellesarbeid før og etter fiske

Komne på Synesvågen var det fast arbeid som vart gjenomført. Fyrst bar dei i hus mat, kle og ved (tilfanget) der dei leigde hus og naust. Så var det dugnad/fellesarbeid med husfolket å legge ut utfar, «hund»/utfarstein og tønne/flyteelement til kvar båt.

«Hunden» er ei stor steinhelle som er botnstein i «utfar». Den har hol i midten. Gjennom holet stikk ein kjetting og låser med ein grov tein gjennom kjettingen under hella. Så legg ein ein stokk over to båtar og strammar opp kjettingen ved fjøre sjø. No må ein vente til sjøen er flødd nok til «hunden» er «flot». Så kan ein forhale til plassen «utfaret» skal vere og sleppe hunden.

Dette arbeidet kan ta fleire dagar. Ved avslutta fiske blir denne dugnaden gjort i omvendt rekkefylje. «Utfaret» må på land att.

Turen

Mek-karane reiser til Vigra ved kyndelsmess (vanleg tid) då det er rykte om godt fiskje. Etter lossing av utstyr fer dei inn i Vågen (må vere Fosnavåg) og kjøper 30 tønner salt og set fram i naustet.

Så kjem fisket i gang og karane får no «læta ut o kroppi» (latskapen ut av kroppen). Både å ro i timevis med dei tunge årane og å bruke handsnøre med dei tunge «toskerykkane» lange dagar var knallhardt arbeid dei dagane det var sjøvêr.

Fisket føregår midtvinters rundt grunnbrota på eit av kysten sine mest vêrharde område. Ein må alltid vere på vakt. Veret er avgjerande. Ei feilvurdering og ein er midt i ein kamp for livet.

Fiskeområde

Fiskeområdet hadde avgrensingar for å kunne ta seg inn att til Synesvågen ved dårleg vêr, omtala som «om anj e nåke åt veira» eller «anj e kje go me veira». Petter nemner ein del namn som ein finn på sjøkart for området. Han brukar gamal uttale, så ved ein båe på nyare kart, seier Petter «bode».

Namn nemnde som avgrensingar, med/mid og navigasjonsmerke er:

Ved retur til Synesvågen brukar dei kjende retningar og kjend lyd på bodar/båar dei navigerar etter for å nå hamna i all slags ver.

Utelege

Overnatte på feltet, «utelege», var annakvar natt når fisken beit og vêret var akseptabelt. Oftast låg ein på Silstøbotnen/Sildestøbotnen: 62.5396976° N 5.6886941° Ø. Om det rauk opp med sydvest hadde ein god landkjenning på Kvalsboden og Oddeboden for å ta seg sikkert inn på Synesvågen.

Mek-karane hadde ein presenning som passa frå framstamnen til fokkemastra. Denne la ein over torskedungen. Så la ein seg «rund» på seglet og fiskedungen og drog eit anna segl over karane. «Å leggje sej ronde» er å legge seg med alle klede på. «D æ kaldsnækje på sjønå vetra/vintra dag» sa dei.

Ein heldt vakt, og han trampa og «banka flokje» så det «va kje blond å få».

Sjøveir

Kysten er ein lunefull plass å vere. Dei fiska nokre få dagar i januar, så vart det styggevêr som varte ein heil månad. Kvar dag var det sjørok. Vinden «drog opp sjøen syd i Rimøynje og datt ikkje ned att før denj traff Erkne». Karane gjekk og trakka og venta på «sjøvêr».

Så byrja det å gå rykte om at båtane hadde vore på sjøen heile tida, både frå Fosnavågen, Lepsøya og Nordøyane. Berre i eit avgrensa område rauk sjøen kvar dag.

Petter:

«Ein dag bestemte han far og ein Rebbe frå Morsund seg for å gå ut. Med to riv i storseglet og to riv i fokka barst det utover. Vi sette «stavbukkar» på segla for å kome oss vest av Fausken. Der let vi oss drive til nord i Neteskallen og fekk godt med fisk. No gav det seg endeleg med uvêret.

Ut gjennom februar kunne vi drage opp i 1000 fisk på ein dag når den beit godt. Den stod rundt oss frå 12 til 40 famners djupte. Beste månaden dette året landa vi 12 000 torsk.

Ein av desse hardaste dagane byrja han far å verte nokså arg på meg. Avtalen var at eg som var så ung skulle merkje fiskane eg drog og få betalt for mine fiskar. Ein rekna ikkje fyrstereisgutane sterke nok i kroppen til å arbeide likt med dei andre.

Då byrja «Vosse-Knuten» fyrst å murre og så tok han ned i med han far at no fekk det vere nok. Guten skal ha lik lut med oss andre. Slik vart det. Eg var så kry at øyrene stod rett opp i høgde med sydvesten. Lut på mann dette året kr. 200.

På feltet brukte karane den gamle, store, tunge «torskerykken» på fortaum og hampesnøre. På båtripa sette kvar mann ei «sute» (sute var fyrst ein stokk som snøret glei over meir som eit slitebelegg for ikkje å lage hakk i ripa. Så kom der rull i sutene for snøre, tre – fire tommar brei. Breiare rullar heitte garnsuter). Så drog ein fisken inn og let den ligge i botnen av båten med unntak av «store sigleromet».

I store sigleromet var to langsgåande stokkar så langt ut til sida at tilja kunne takast opp for ausing, ein stokk på kvar side. På desse stokkane låg «siglesteinen», halvparten på kvar side ved «jamlasta» båt. Ved sigling lempa «store siglemannen» «siglestein» ved behov. Tilgjengeleg stein skulle til den sida som var mot vinden («lo», ikkje sant, de som kan dette).

I båten var og ein omn der karane koka kaffi og fisk på. I slingring var det ikkje enkelt å halde seg fast og drikke kaffi samtidig. Ofte enda den gloheite kaffien ned i kleda på framsida til alminneleg åtgaum frå dei andre. Karane var og glade i ein liten «knert». Peparbrennevin frå knøttlite glas, som ei fingerbjøl. Ein «slo lens» i båten, mot slutten av turen lukta det peparbrennevin i båten når ein løfta på tiljene. Impregnering og det næraste ein kjem parfyme i situasjonen.

Krabben

Dei brukte av og til anker, «krabbe», for ikkje å drive av. Kvar båt hadde to slike og 100 famner sterkt tau.

Krabben var ein konstruksjon av tre og stein. Hovuddel er to krokne kjeppar med avstandstykke mellom. Dernest ei mest mogeleg firkanta tjukk helle der eine hjørnet stod ned mellom klørne på dei krokute kjeppane. Steinen vart låst til kjeppane med eit kryss (to beine kjeppar) surra med tau til hovedkjeppane.

Ankertauet var fastknytt i konstruksjonen under steinen, ved klørne. I dette tauet var der litt slakk. Der ankertauet passerte øvste enden av ankeret var der ein stubbe med litt veikare tau mellom ankertauet og ankerenden. Den kloke grunnen til dette var at ved «botnafast» anker kunne ein stubbe/ slite den veikare taustubben og dra ankerklørne laus frå botnen etter ankertauet.

Når «krabben» skulle opp stilte karane seg opp i ei rekke i båten. Då var det ikkje «hiv..å..hå» (tak-for-tak) med alle samtidig. «Krabbetak», at dei som dreg skiftar grep på ein slik måte at tauet held jamn fart. Ingen skiftar grep på likt. (Ut å prøv godtfolk, denne er vanskeleg med tungt lass på.)

Losse fisk

Vel i land måtte ein bere fisken fram i naustet. På utfallen sjø (fjøre) opp i 200 meter å gå i sleip rullesteinsfjøre.

Ein la «storebåten» så langt ute at han ikkje vart fast i fjøra. Organisering etter behov ― døme: I «storebåten» var att ein mann som lempa fisken over i «småbåten/lettbåten/færingen» som hadde «endetog»/endetau i for draging mellom «storebåten» og land. I småbåten var to mann med oppgåve å lempe fisken i fletta «kiper» som berarane hadde på ryggen. Berarane vód langs småbåten og stod med ryggen og kipa til småbåten. Når beraren tykte kipa var full, gjekk han mot naustet til han trefte bingfjølene i naustdøra. Så bøygde han seg framover så fisken hamna bak bingfjølene. Snudde så og gjekk mot båtane att.

Å gå i sleip rullesteinsfjøre med tungt lass på ryggen krev full konsentrasjon i dagslys. Verste alternativ var «jøfjøre» (lågt lågvatn) og kolmørk natt.

Kvile i ei seng

Å kome i hus og få seg mat etter slike økter var ubeskriveleg. Å få kvile ein sliten kropp sameleis. Men dei «gode» dagane, når det var godt fiske og godt vêr, var det berre å snu ut att med det same. Fisket venta.

Kome heim

Petter: Kan de tenkje dykk kor kry eg var då eg kom heim og synte henne mor kva eg hadde tent denne vinteren. Ikkje minst at eg fekk same lut som dei andre var..tja, uverkeleg.

Båtbruk etter heimkome

Nille Djuvik f. Botn, tente på Bjørneset då Ålesund brann, i 1904. Ho sa det var «enj kraftige ljøskje ut yve øyanje».:

Vel heime frå fiskja vart ikkje storebåtane «sette fram me det same» (å setje fram båt er på godt lokalt språk å setje båten på land med vilje. «Å gå seg fram på» er stort sett det motsette, eit uhell). «Storebåtane» vart brukt til naudsynte ting som måtte flyttast på.

Det var ôg vanleg at dei «låg ute»/på sjøen til etter fyrste kyrkjesundag etter heimkome. Var det vind var det kappsigling. Karane som nett hadde lege ute i havet og segla i stormvind var godt trena og sikre i sigling. Tenestejentene var heime og stelte i «sin» heim. Vaksnefolket, ikkje minst konene til fiskarane og dei eldste borna var med.

Heimatt gjekk det unna. Fyrst til gards kom dei halvvaksne gutane som gjekk og vona på å kome på sjøen snart. Smilet rakk nesten heilt rundt hovudet, i alle fall oppunder øyrene. Så kom «kjeringane»/dei vaksne damene til tuns att. «Dei øja å bar sej noke so aldeles forferdele, å lova på atte dei aldre skolle ti kjirkje me disse galne karanje meir».

Statistikk og «synsing»

Det var mykje folk som deltok. Døme frå statistikk for vårtorskefiskja, Sunnmøre 1891-1895, snitt: 186 båtar, 58 skøyter og 7182 mann.

Så kan kommenterast "foruten kvinner og born", for: - fiskarane skulle utrustast til fiskja. - ved opne båtar måtte fiskarane i hus for seng og mat. - fisken skulle foredlast etter han kom på land. Arbeid med mat, kle, spinning og veving (til dømes segl), og stelle fisk var ofte familieføretak.

Båtane frå fjordbygdene var laga og utrusta til dette sesongfiskeriet og stod på land resten av året. Ein båt si levetid var kanskje 20 år på det meste. Sjøbruken var hard med båten. Å «berge båt» ved lossing i fjøra på yttersida i dårleg vêr var eit krevjande arbeid som lett gav skadar.

Nokre opplysingar for dei som brukar bøker som oppslagsverk

  • Bjarne Rabben: Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal:
    • s. 35: Åttring med to master og baugspyd.
    • s. 85: Sunnmørsåttring med tre master.
    • s. 85: Tal mann pr. båt.
    • s. 101: Jakt.
    • s. 122: Sunnmørsbåten.
    • s. 126: Siglde sjøen ut.
    • s. 129: Tre master på åttring.
    • s. 130: Jaktebygging i Austefjorden med eige sjukehus i Sjukehushola.
    • s. 137: Tåger/kiper til fiskebering.
    • s. 160: Eggjafiskje: 2 - 3 master pr.åttring.
    • s. 181: Sunnmørsåttringen.
    • s. 183: Sunnmøre. Byggjemåtar for båt.
    • s. 185: Møringsbåt.
    • s. 186: Møringsbåt med gaffelsegl.
    • s. 230: Utskifting av seglføring.
    • s. 284: Spisstemning.
  • Eilert Sundt: Harham et eksempel fra fiskeridistriktene
    • s. 67: At løbe fra vinden og seile sjøen ud

Bilete

Båtane

Korleis bodde dei fastbuande og fiskarane

Terrenget. Øyane og havet rundt

Veret og verskifte. Det skiftar fort

Kvar kom fiskarane frå ?

Kjelder

  • Austefjord Museum: Eit hefte. Etter sild og torsk på Mørekysten
  • Petter Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238) intervjua av Kåre Ståle Mek f. 1939 rundt 1960. Lydband
  • Hans Geitvik (HG, 1856 – 1934), Bondeliv på Sunnmøre. Mat, utrusting, navigasjon
  • Ola Årsetøy (OÅ 1892 – 1955), skriv til 50-årsjubileum for Volda Mek. Verkstad, Lokale fiskebåtar, tal båtar, rigg og segl
  • Knut Vikestrand (KV, 1896 – 1988) intervjua av Nils Håvik f. 1938. Lydband. Såg båtane som gut. Stadfestar at modellane til Andreas Årsetøy stemmer, han har og kommentarar som fell saman med Ola Årsetøy sine opplysingar
  • Sjur Førde (SF, 1877 -1858) notat. Sjur skriv at på det meste var det utrusta minst 15 seksringar og åttringar berre frå inste del av Austefjorden. Altså frå Håvik og Årset og austover til Osdal og Bueide. Sjur leitte på sine eldre år etter ei gamal vise om «Den blinde styremann» eller noko i den lei. Skriven om ein nokre generasjonar eldre mann frå Fyrde som vart tidleg blind, men var båte-byggar og åttrings-styremann likevel
  • Kalvassboka. Utgitt av Sivert E. Kalvatn etter faren Erik S. Kalvatn sine notat
  • Karl K. Blindheim, Vigra. Merkeprotokoll for Synes og Synesvik Valgdistrikt. Varierande innsig av torsk
  • Nille Djuvik f. Botn (ND, 1884 – 197?) I teneste på Bjørneset 1904. At «storebåtane» vart brukte til frakt av eigarane før dei vart sette på land. Som bestemor fortalde ho same historiene som dei andre informantane her. Dei som høyrde trong 50 år før dei skjøna at det ho sa var nøytralt

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.5418127° N 6.0174135° Ø