Forside:Grue kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark (Distrikt: Hedmarken • Solør og Odal • Sør-Østerdalen • Nord-Østerdalen) • Oppland
KOMMUNE: Alvdal • Eidskog • Elverum • Engerdal • Folldal • Grue • Hamar • Kongsvinger • Løten • Nord-Odal • Os • Rendalen • Ringsaker • Stange • Stor-Elvdal • Sør-Odal • Tolga • Trysil • Tynset • Våler • Åmot • Åsnes

Om Grue kommune
0423 Grue komm.png
Grue kommune er en kommune i Solør i Innlandet fylke. Den grenser til Åsnes kommune, Nord-Odal kommune, Sør-Odal kommune og Kongsvinger kommune i Hedmark, og til Torsby kommun i Värmland. Grue kommune ble opprettet i 1838 som følge av formannskapslovene året før, og hadde uforandrede grenser fram til 1867, da Brandval kommune ble skilt ut.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995.
Foto: Siri Iversen
(2018)
Åsta Holth (fødd 13. februar 1904Svullrya, død 16. mars 1999Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.

Ho vaks opp på finnetorpet Sør-RevholtGrue Finnskog som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Det var trange kår, og som fjortenåring fekk ho sin første jobb som hushjelp. Det var hardt arbeid der klasseforskjellane mellom tenestefolk og arbeidsgjevarar var tydelege. Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ho dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særleg i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Ho sa sjølv om skrivemåten: «Visst er Holth eit jålet namn, med den h'en hengt på. Men det var mote den gongen far min forkorta Revholt.».

Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela.

  Les mer …

Kraftverket på Tjura etter at kommunen tok over i 1919.
Foto: Carl Normann
(1923)
Tjura er det gamle bygdesenteret i Grue. Det ligger var Tjuraåa, som stedet har navn etter. På slutten av 1800-tallet ble det bygd et privat lysverk der, og det var møller, sagbruk og handel på Tjura. En av de viktigste bedriftene var Tjura spikerbruk, som ble grunnlagt med elva som kraftkilde i 1798.   Les mer …

Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen. Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen (Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen.   Les mer …

Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig.
Foto: Ukjent.
Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen.   Les mer …

Dette utsnittet fra kirkeboka fra Grue viser noe av katastrofens omfang: Her ser vi navnene på elleve av ofrene, som ble gravlagt 1. juni 1822.

Brannen i Grue kirke i Hedmark den 26. mai 1822 er den største brannkatastrofen i norsk historie. 113 til 117 mennesker mistet livet da det brøt ut brann under første pinsedags gudstjeneste. Kirken var helt full på første pinsedag, som var en varm forsommerdag. Sognepresten Iver Hesselberg var i gang med sin preken da det begynte å brenne i ytterveggen på sørskipet. Brannen slo raskt gjennom veggen, og etter bare ti til femten minutter var kirke overtent.

Dørkonstruksjonen gjorde det vanskelig å evakuere kirken. Det brøt ut panikk, og dermed en kamp for å komme seg ut. De som var på galleriet kunne ikke komme fram når dørene var åpne, og det var i utgangspunktet et sterkt press mot dørene ettersom de slo innover. De som sto ut forsøkte å holde dem åpne, men varmen og presset innenfra gjorde det til slutt umulig.   Les mer …

Tjura spikerbruk i Grue i Solør ble etablert i 1798 ved elva Tjura eller Tjuråa, nær utløpet i Gardsjøen. Det var et hammerverk som hadde kapasitet til å produsere en halv million spiker årlig. Det er uklart hvor lenge spikerproduksjonen foregikk. En periode mot slutten av 1800-tallet ble det produsert landbruksredskaper der, men både dette og spikerproduksjonen må ha opphørt før 1900. Det var også annen virksomhet knyttet til bruket. Helt fra begynnelsen av var det drevet landhandel, og dette fortsatte lenge etter at produksjonen var stoppet opp, langt inn på 1900-tallet. Eiendommen som verket lå på, utgjorde også et gardsbruk. Nesten fra starten av var det bygget opp et sagbruk på stedet, og dessuten kvernbruk. Det oppstod et karakteristisk lite brukssamfunn, og stedet ble da også omtalt som «Bruket» enda i 1940-åra.   Les mer …
 
Se også


 
Kategorier for Grue kommune
 
Andre artikler