Attistog (Bykle gnr 15/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Attistog
Gjerden 24.jpg
Denne teikninga av Assor Hansen frå 1916 viser noko av tunet i Jåro, slik det såg ut på den tida. Stoga i midten og loptet til høgre er dei same husa som står i Attistog idag. Det næraste loptet på teikninga er «Margitsloptet», dvs loptet i Der inne, som nå står i Huldreheimen.
Rydda: omkr. 1665
Utskilt: 1668
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Attistog er eitt av bruka på Gjerden i Bykle. Dei tre gamle gardsbruka i Gjerden ligg tun i tun, og som namnet tilseier, ligg tunet her like attanfor dei hine.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden, vart denne halvparten av garden kløyvd ifrå kring 1650, og den fyrste kjende oppsitjaren her var ein Augund, som me trur heitte Augund Jonsson. Me meiner helst at han var son åt Tore Kjetilsdotter Byklum og fyrste mannen, Jon Augundsson Homme. Augund er nemnd som oppsitjar her i 1647 og 1649.

Men 2 år seinare, i 1651, ser ein at det er Knut [Olsson] Åmli og Jon [Torleivsson ] Rygnestad som brukar denne halvparten av garden saman. Som me har fortalt i bolken om den udela garden, hadde Knut Åmli ervt ein part her etter Åsmund Rygnestad. Det same hadde Torleiv Åsmundsson, far åt Jon Torleivsson gjort, les me i Vallesoga (VI, 362), og det må vera parten hans Jon hadde overteke.

Etter dette tykkjest tilhøva noko uklåre ei tid frametter, men ein ser likevel at det har ymsa, både med omsyn til kven som åtte bruket, og kven som bruka det. I 1659 er det nemnt ein Sigurd, som skal eige og bruke 3 geiteskinn. Den einaste kjende Sigurd-en det kan vera tale om, er Sigurd frå Mosdøl, som hadde sete på den garden frå eit stykke attende på 1640-talet, men korleis han eventuelt kan ha hamna her, veit me ikkje. Me ser heller ikkje meir til han nokon stad etter 1659, så kanskje han har døytt ved dette leitet? Iallfall tykkjest han sidan å kverve sporlaust or kjeldene våre.

I 1664 er registrert ein Olav Gunnarsson, som tykkjest ha vore oppsitjar her det året. Kven denne mannen var, eller kvar det sidan vart av han, er noko på vona, men helst var det likevel den same karen som sat i Lunden Byklum to år seinare, og som difor er noko lite omtala i bolken om det bruket.

I dei nestfylgjande åra, 1665 og 1666, finn me nemnt ei enke som heitte Signe, som åtte og bruka Attistog. Denne Signe tykkjest ha vore enke etter Jon Torleivsson Rygnestad. Dette samstavar med det som står i den gamle gards- og ættesoga (122), og me tykkjer det virkar sannsynleg, men noko direkte prov ligg ikkje fyre. Iallfall åtte Torleiv Jonsson sidan bruket her, han budde her frå noko fyre 1670 og til utpå 1680-talet.

Som det vil ha gått fram er det lite me kan vita visst om denne mannen, men me lyt bruke dei opplysningane me kan finne, og set han difor opp som fylgjer:

  • Torleiv Jonsson (Rygnestad?), n 1665, 1687
g m Svålaug Jonsdotter Byklum, n 1689, 1711, d Hoslemo 1714 (?). Born, iallfall:

Svålaug var frå Innistog og dotter åt Jon Åsmundsson på det bruket og kona Birgit Olavsdotter. Etter at Torleiv var død budde ho her, og svara skatten av bruket i mange år frametter. Ho var framleis oppført som landskatteytar i Gjerden i 1711, men i skoskattelista frå same året er ho ikkje med, så ho kan ikkje ha budd her då denne skatten vart innkravd. Men så var det ei Svålaug Hoslemo som vart gravlagd i 1714, og som då skal ha vore 76 år. Me trur at det er den same kvinna. Grunnen til dette er det me har vore inne på i bolken om Nordstog, at ein Folke Torleivsson med adresse Hoslemo i 1702 pantsette halve Gjerden til Knut Åvoldsson for 123 riksdalar.

Likevel vart altså Svålaug buande her på bruket til kring 1710, men då må ho, om me har identifisert henne rett, ha flutt åt Hoslemo. Sidan bruka Knut Olavsson i Nordstog 9 skinn i Gjerden, dvs. både Nordstog og Attistog, så lenge han livde. Folke Torleivsson Hoslemo treng kanskje ikkje nødvendigvis ha vore son åt Torleiv Jonsson og Svålaug, slik me har sett det opp ovanfor. Men denne koplinga passar godt i hop med det liste me elles veit.

Som nemnt var det Knut Olavsson i Nordstog som bruka Attistog frå 1711 og frametter. Han døydde i 1723. Asgjerd Jonsdotter, enka hans, vart sitjande med båe bruka ei tid frametter, men etter kvart laut ho sleppe Attistog ifrå seg, så då ho heldt oppgjevingsskifte i 1740, hadde ho berre Nordstog att. Slik me har vore inne på i bolken om Nordstog, hadde Knut Olavsson hatt Attistog som pantegods, så me går ut ifrå at Asgjerd har overført panteobligasjonen til einkvan annan, utan at me veit kven. Men same kven som sat med pantet, veit me at Svein Gunsteinsson Ryningen flutte hit. Nett kva tid dette var er uvisst, men eldste son hans døypte det fyrste barnet sitt frå Ryningen 19. juni 1728, medan det neste i rekkja vart døypt frå Gjerden jonsokdagen 1731, så flytjinga må liggje mellom desse to tidspunkta. Ein kan lesa noko lite meir om Svein og huslyden hans i bolken om Ryningen.

Svein døydde i 1749, og eldste sonen overtok då bruket her:

  • Bjørgulv Sveinsson Ryningen, f ca 1705, d 1779
g 1727 m Gunhild Torleivsdtr. Byklum, f ca 1698, d 1776. Born:
  • Åsmund, f 1728, g 1754 m Margit Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1731, g 1756 m Torleiv Olavsson Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der aust.
  • Åse, f 1734, g 1763 m Jon Torleivsson Dale, born:
  • Gunhild, f 1764, g m (syskenbarn) Bjørgulv Åsmundsson Gjerden, sjå nedanfor, jfr. Utistog Byklum og Valle VI, 39 f

Gunhild Torleivsdotter var frå Innistog. Foreldra hennes var Torleiv Olavsson på det bruket og kona, Åste Olavsdotter.

I Gamalt or Setesdal har Johannes Skar to passasjar om Bjørgulv. Den eine står i ein bolk kalla «Fredelegt folk», den andre i ein bolk om «Gjevorkarar». Me tek dei inn den rekkjefylgja dei står:

Sitat Bjørguv Sveinsson Jòró var so kunnig ein mann; han var eismall plent i Bykle sokn. Han kom til å sitja i so god ein skule med han var liten. Der var skarp tid i Bykle; folk ifrå dei beste gardar her var, måtte taka ut og beda seg. Bjørguv for utyver på Nordlandet. Då var der ein kjøpmann i Stavang som tok seg av han og lærde han upp; han sette Bjørguv i skule med sine eigne born [...]

Bjørguv skriva so hågt eit tal - han rita det inn på svali i Jarinn'; det skulde vera kor hågt det var til hægste stjerne. Talet stod på svali i langsameleg tid. Då kom der ein studentar og skoda det: «De felar 'kji ko eitt tal», sa han - no nær gjekk det.

Bjørguv var so skikkeleg; dei fann han i kvernhuset med han låg på kne og las det sterkaste han kunde - han var so sveitt at det draup av han. Var det likferd måtte han vera med allstødt; då song han og las ei bøn som seden då var.

Der var etter so mykje av den gamle heidenskapen i Bykle. Han måtte aldri hogga torsdagskvelden; men Bjørguv hogg, kva so andre la til. Fyrste kvelden hogg det etter han so han ikkje fekk sova. Han la til att; men det gjekk på eitt vis. Han hogg tridje kvelden likeins - då vart det stilt. Sidan var der inkje anten knest ell brest. Men so var det på heidi, og Bjørguv var hit i ei slåtte og slo. Det var seint då han kvelda, og vegen var lang, og myrkret kom på. So gjekk han og las på ei preike, og han las dette so greidt, av di han var so vel lærd. Som han las la det til med so kaldleg ein dun. «Åhå», sa Bjørguv; «Mei!», sa han. Då vart det stilt som tein. Då han reiste hit i slåtta att, var det ein kaldleg stor stein dei hadde kasta etter han og inkje høvt. Steinen låg innmed vegen.

Bjørguv var sers god i rettar; det var ingen som stod han. Der var tvo som hadde sak på tinget - tingstaden var då i Homm. Då hadde den eine prukrat [prokurator] og den andre inkje. Men Bjørguv smøygde inni han kva han skulde svara - so vann han, mannen.

«Det er den forbannede underlensmand!», sa prukraten - av di Bjørguv var underlensmann i Valle [...]

Sitat
Gamalt or Sætesdal I, 282 f
Sitat Bjørguv Jòró gjorde vakter i Kjøbenhavn; det skulle vera det bil Tordenskiold stuka.

Bjørguv gjorde då slikt våe verk. Der kom ein orm or havet og åt upp liki på kyrkjegarden. Han kom kvar nott og rota. Då lyste kongen det ordet, at den som kabba ormen, skulde vera laus or kongens teneste og få fri skyss heim att.

Bjørguv la til. Han hadde ein dragonsabel til handyvle. Ormen kom beint imot han. Dei heldst lengje, men ormen laut til. Bjørguv hadde ein med seg, men han rann med det same ormen kom.

Kongen var so vel faren. So bledde han ut mannskap til å fylgja Bjørguv til Norig. Dei lende i Kristiansand. Dei hadde vilt fylgt han endå lenger; men då hadde han tenkt han kunde hitta vegen sjølv.

Sitat
Gamalt or Sætesdal I, 323

Den siste av desse sogene kan etter innhaldet greitt leggjast i skuffen for mytiske segner. Me har ikkje sett noko som tyder på at Bjørgulv gjorde militærteneste i København, og i Tordenskjolds tid kan han iallfall ikkje ha vore der, det var han for ung til. Også den fyrste av dei siterte passasjane har mytiske drag, men det er i det minste rett at Bjørgulv fungerte som underlensmann nokre år på 1740-talet. Om han gjekk i nokon borgarskule i Stavanger, kan tykkjast meir tvilsamt, men at han i samtida må ha vorte rekna for ein lærd og opplyst mann er sikkert nok, elles skulle såvorne historier ikkje ha overlevd til dei kunne skrivast ned.

Som me var inne på ovanfor, veit me ikkje heilt korleis det hadde seg med eigedomsretten til bruket i oppsitjartida åt Svein Gunsteinsson, men me torer rekne med at Svein må ha vore leigar og ikkje eigar. I den gamle gards- og ættesoga les me (122) at Bjørgulv Sveinsson kaupte 6 kalveskinn i Gjerden i 1749. Nå har me ikkje funne att den kjelda dette byggjer på, men trur likevel at opplysninga stemmer så nokonlunde. Men det Bjørgulv kaupte i 1749 kan snautt ha vore stort meir enn odelsretten og/eller åsætesretten, som på denne tid kunne omsetjast for seg, for den fyrrnemnde panteobligasjonen frå 1702, då Folke T. Hoslemo pantsette bruket til Knut O. Gjerden, sto framleis ved lag. Dette veit me avdi det i tingboka frå 1761 vert opplyst at Bjørgulv løyste inn obligasjonen det året, nest fyre han og kona heldt friviljug oppgjevingsskifte. Innløysinga vert elles også omtala i det nemnde skiftet. Kven som hadde fått pengane vert ikkje opplyst, men det må då vera einkvan som i si tid har overteke kravet frå enka etter Knut Olavsson.

I alle høve kan me slå fast at Bjørgulv Sveinsson på slutten av oppsitjartida si åtte bruket fullt ut. Det han sat med av buskap då skiftet vart slutta, var berre 2 kyr og 12 småkretur, står det, men då hadde båe døtrene fått heimanfylgjer.

I tillegg til dei 6 skinna sine i Gjerden åtte Bjørgulv også halvparten av Nigard Hoslemo. Dette var pantegods, og han hadde hatt det sidan 1749, vert det opplyst i skiftet.

Bjørgulv og Gunhild heldt att 4 av dei 6 kalveskinna i Attistog til trygd for foddoget sitt, og såleis fekk dei redusert verdet av det som skulle skiftast til 32 1/2 rdl. Dette svara akkurat til summen av gjeld og skiftekostnader, og dermed vart buet ståande i null. Men døtrene hadde alt fått heimanfylgjene sine, så foreldra kunne få foddog utan avkorting i pantet, og sonen overtok bruket utan gjeld.

  • Åsmund Bjørgulvsson Gjerden, f 1728, d 1789
g 1754 m Margit Olavsdtr. Byklum, f 1722, d ca 1800. Born:
  • Ingjerd, f 1755, d 1779, ug
  • Jorunn, f 1758, d 1759
  • Svein, f 1760, d 1760
  • Bjørgulv, f 1762, g 1790 m Gunhild Jonsdtr. Dale, sjå Austistog Byklum, bnr 7, jfr nedanfor
  • Torleiv, f 1769, d 1798, ug, sjå nedanfor

Margit Olavsdotter var frå Innistog. Foreldra hennes var Olav Torleivsson Byklum og kona, Ingjerd Kjetilsdotter.

Åsmund åtte også Ryningen. Det bruket hadde han kaupt av Snære Salmundsson, då Snære flutte åt Bjones i 1783. Då Åsmund døydde i 1789, gjekk Ryningen til den yngre av sønene.

Eldstemann overtok eigedomen her. Men eit par år seinare bytte Torleiv Åsmundsson bort Ryningen til Dreng Torleivsson i Innistog mot 4 1/2 skinn i Austistog. Parten i Austistog bytte Torleiv dinest bort til broren, Bjørgulv, som flutte åt det bruket, og er nærare omtala der, medan Torleiv fekk bruket her hjå Bjørgulv. Me kjem straks attende til dei nemnde brørne, men fyrst lyt me fortelje at då Torleiv, som var ugift, overtok bruket her, tok han inn ein brukarfamilie, som leigde halve eigedomen, og budde ilag med han. Dette var Olav Jonsson Tveiten, kona, Gro Torleivsdotter, og døtrene Tone og Margit. Fyre dei vart bruksfolk her hadde dei budd i [[Nordtveiti (Bykle gnr i bortimot 20 år. Olav og Gro budde i Attistog til 1807, då dei fekk bygsle Utistog Byklum og flutte dit. Dei er noko lite omrødde under det sistnemnde bruket, men hovudomtalen av dei er å finne i bolken om Nordtveiti.

Så langt komne, kan me snu oss attende mot åsmundssønene. Som nemnt overtok Torleiv bruket her i 1791.

  • Torleiv Åsmundsson Gjerden, f 1769, d 1798, ug

Ein fredag mot slutten av november 1797 kom Bjørgulv og vekte Torleiv fyre det var ljost om morgonen, og bad han med seg til skogs for å hogge tyrived. Dette var eit underleg påfunn på ei slik tid av døgeret, men Torleiv sto opp og vart med broren. Dagen fyre hadde Bjørgulv hogge tyri på Lislibruni, ei bergufs ved åjuvet ut mot Otra. (Ufsa vart sidan kalla Burvufsi, og det namnet er i bruk i dag. Me kjem attende til dette.) På denne staden skulle det vera meir å hente, sa Bjørgulv, så dit gjekk dei. På ufsa låg ein vedhaug som Bjørgulv hadde lagt opp dagen fyre, og heilt ytst på kanten sto ei stor turrfuru, som burde vera brukeleg.

Medan dei dreiv på med arbeidet såg Bjørgulv sitt snitt til å puffe til Torleiv, så han fall utfor ufsa og beint i fossen. Teikning av Tove Krogh 2005.

Men fyre dei hogg denne skulle dei flytje den ferdige veden noko lenger inn på berget, så han sidan skulle verta lettare å lesse på ein slede. Medan dei dreiv på med dette arbeidet såg Bjørgulv, etter det Torleiv sidan fortalde, sitt snitt til å puffe til han, så han fall utfor ufsa og beint i fossen. Merkeleg nok drukna han ikkje, men greidde å kara seg på land att 100 meter lenger nede. Bjørgulv såg ikkje at han kom livande frå fallet.

Torleiv gjekk då til Austistog, der han fortalde Gunhild Jonsdotter, kona åt Bjørgulv, og Alv Tovsson Mosdøl, som au budde i Austistog, kva som hadde hendt, og fekk dei med seg til skogs for å leite etter Bjørgulv. Tarjei Knutsson Maurlii, som på denne tid var busete i Der inne, kom til, og vart også med. Då dei fann Bjørgulv, låg han og gruvde i ei snofonn på Lislibruni. Han tyktest vera overraska over at Torleiv var i live, men ville elles lite og ingenting svara, då dei tala til han, og fylgde tagal og sturen heimatt.

Tradisjonen om det som hende på Lislibruni, eller Burvufsi, er framleis livande. Me gjev han att slik Folke Nesland har fortalt han (Stadnamn i Bykle, 1996, kartblad BE 033-5-3 Byklestøylane):

Sitat [Frå ]Burvufsi, [ei] ufs vest for Lisleli, [ var det] ein dei kalla 'Burven' (frå Der inne), som skuva ein eldre bror sin utfor, slik at han sjølv kunne få garden. Broren rok i land ved Grønemyrjuve. Då Burven kom heim, sat bror hans ved åren og turka kleda sine. Sitat

Som ein ser vert tilburden ihugkomen etter 200 år, jamvel om detaljane har vorte ein del omlaga i folkeminnet.

Etter fallet i fossen vart Torleiv liggjande lenge sjuk. Han meldte ikkje drapsforsøket til lensmannen, men det var likevel ikkje til å unngå at hendinga kom styresmaktene for øyra. Då det lei over jol, fekk sorenskrivar Koren brev frå sokneprest Peder Ludvig Lund i Valle, som hadde høyrt rykte på bygda, og fortalde kva han hadde høyrt. Etter mottakinga av dette brevet laut då skrivaren til å taka opp forklaring av partar og vitne i saka.

Torleiv kravde ikkje broren tiltala og straffa, men var ikkje i tvil om at han hadde «sagesløst søgt at skille ham fra livet». Motivet, trudde han, var at Bjørgulv og Gunhild ville skaffe seg hand om eigedomen hans i Attistog, som ville verta deira, om Torleiv døydde, ettersom han var ugift og utan andre ervingar. Forklaringa av Bjørgulv gjekk derimot ut på at dei hadde stått og hogge frå kvar si side på den store turrfura ytst på Lislibruna. Då treet datt, gjekk det til feil kant, beint utover ufsa, og ei av greinene kom attom Torleiv, og drog han med seg åt fossen.

Alv Tovsson og Tarjei Knutsson stadfeste at Torleiv måtte ha vore i elva. Han var gjennomvåt og full av is i hår og klede, då han kom til Byklum for å hente folk. Dei hadde sett spora i snøen, der han hadde krabba seg på land, og på kanten av ufsa, der han hadde fare utfor. Den store fura, som Bjørgulv påsto hadde drege Torleiv med seg, låg framleis nedi bergskortene mot fossen, men dei hadde berre sett fotspor på den eine sida av stuven, sa dei, så dei tvila på om det hadde vore to mann med på å styve treet. Spora stemte langt betre med Torleiv si forklaring, meinte dei.

Sorenskrivaren tykte seg etter dette nøydd til å taka initiativet til at det vart reist tiltale mot Bjørgulv, men i det brevet han skreiv til futen om dette, sa han at han såg med ulyst på den komande rettsprosessen. Han var sikker på at det var Torleiv som hadde fortalt sanninga, men tykte det var tynt med prov, og fælte for at Bjørgulv kom til å verta frikjend.

Partane og vitna i saka vart avhøyrde av sorenskrivaren 7. april 1798, så då var altså Torleiv i live. Noko seinare på året døydde han. Dødsdatoen hans kjenner me ikkje, men han vart iallfall gravlagd 24. juni, og det var ingen tvil om at han døydde av etterverknadene av fallet i fossen.

Det skal nemnast at den gamle gards- og ættesoga (121) melder at Torleiv døydde i 1796, noko som altså er 2 år feil. Korkje den gamle Bykleboka eller Vallesoga, som også fortel om Bjørgulv Åsmundsson (Valle III, 362 og VI, 524), har fått med noko om omstenda kring dødsfallet.

Ei vike etter gravferda sto Bjørgulv for bygdetingetTveiten i Valle, tiltala for overlagt drap. Domen fall den 7. juli. Me tek med eit stykke av domssluttinga av sorenskrivar Koren:

Sitat Saa synes det af disse og øvrige Sagens Beskaffenheder udenfor all Tvivl at Bjørguf har villet ombringe hans Broder Talleiv ved at udstøde ham i Otter-Aaen, og at her, uagtet Angieldende nægter Tildragelsen, er meere end vis Formodning, ja alle de Beviser som kan forventes at erholdes i en Sag af denne Beskaffenhed, hvor ingen tillades tilstæde at see hvad der passerer [...]. Til sidst anmærkede Laugrettet at det ville være noget for enhvers Sikkerhed høist farlig: om der til saadane Gierningers Afstraffelse skulde stedse udfordres tilstedeværende Øyen-Vidner, som noget der i et saa ubeboet Land, som her, næsten aldrig kan tænkes, og hvorved det ville blive mueligt for en eeneste Ildesindet at bortrydde ustraffet saa mange han fandt for godt, hvilket Foretagende her i Egnen dessværre allerede er altfor almindeligt - hvilke politiske Omstændigheder her anføres, skiøndt de icke kan have nogen Indflydelse paa den endelige Dom: Thi bliver af Dommeren og Meddoms-Mmænd alleene paa Grund af de tilveiebragte Beviiser i denne Sag [...], eensstemmig saaledes kiendt for Ret:

Sagsøgte Bjørguf Osmundsen Bøklum bør ifølge N(orske) L(ov)s 6. Bog, 6. Kap(ittel), 22. Art(ikkel), at have forbrudt sit Liv [...].

Sitat

Då avgjerda vart opplese, heldt Bjørgulv fast ved at han var uskuldig, og at han fylgjeleg laut «forlange [Dommen] indstævnet til Formildelse af høyere Retter».

Den 19. desember same året var saka framme for Stiftsoverretten i Kristiansand. Også her tykkjest domarane ha vore overtydde om at den tiltala var skuldig, men tykte ikkje det gjekk an å dødsdøme nokon på grunnlag av så ringe prov som her låg fyre. Likevel meinte dei at Bjørgulv var ein altfor farleg person å ha gåande laus. Kanskje ville han taka livet av endå fleire? I det minste laut han, av omsyn til den alminnelege rettskjensla i bygda, få noko straff. På denne bakgrunnen vart han då dømd til 3 års straffearbeid på [[Slaveriet påp Akershus Festning.

Men saka vart anka til høgsterett, og 23. mars 1799 slo denne retten fast at Bjørgulv laut frikjennast og setjast på frifot. «Det findis icke et eeniste Beviis», står det i voteringsprotokollen frå København. Men også høgsterettsdomarane trudde helst at den tiltala var skuldig, «han haver dog nogen Formodning imod sig», tykte dei, og påla han difor «at udreede de af Actionen flydende lovlige Omkostninger».

Men dei pengane var nok ikkje Bjørgulv i beit med å greie. For 4. juni 1799 fastsette sorenskrivar Koren i skifteretten at buet etter Torleiv som fylgje av høgsterettsdomen måtte overlatast til broren, som var einaste erving. Dette var andre venda skifteretten hadde denne saka framme, fyrste venda var 2. mai, då ingen ervingar møtte fram for å gjera krav på buet, avdi Bjørgulv på det tidspunktet endå ikkje hadde kome heim frå slaveriet på Akershus.

I bolken om Austistog har me fortalt om korleis Gunhild Jonsdotter, kona åt Bjørgulv, eit par år tidlegare, også ho under tvil, hadde vorte frikjend for å ha drepe Gunnar G. Flateland. Dette, saman med den saka me har fortalt om her, gjorde nok at ektefolka tykte at dei hadde vore lenge nok i Bykle. Både vitneavhøyra frå rettssakene og tradisjonen viser at mange av grannane meinte at dei båe var skuldige, og det er rimeleg å tenkje seg at dette var bakgrunnen for at dei, året etter at Bjørgulv kom heimatt frå fengselet, bytte bort Austistog til Tarjei Oddsson Røysland, og overtok bruket hans i Røysland. Sidan flutte dei endå lenger unna, då dei bytte bort Heimigard Røysland]] mot Nordigard Nomeland.

Attistog selde dei til ungkaren Åvold Jonsson Nesland. Pengane for bruket her gjekk til Tarjei Oddsson, som hadde bytt bort 13 1/2 skinn i Røysland mot 8 skinn i Byklum, og som difor hadde krav på eit monaleg mellomlag.

Åvold Jonsson hadde vakse opp i Vatnedalen Der sø, og var son åt Jon Åvoldsson Nesland på det bruket og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Åvold hadde ått Ryningen, truleg frå 1791, men miste det bruket på odel til Salmund Snæresson Ryningen i 1797. I 1800 kaupte han att Attistog og flutte hit.

  • Åvold Jonsson Nesland, f 1755, d 1816
g 1805 m Hæge Kjetilsdtr. Løyning, f 1780, d 1848. Born:

Hæge Kjetilsdotter kom frå Løyning under Vatnedalen. Foreldra hennes var Kjetil Eivindsson Skavleim og kona, Anne Helleiksdotter.

Kor mykje Åvold gav for bruket i 1800, har me ikkje funne oppgåve om, men i 1802 tykte jordtakstkommisjonen at det måtte vera verd 200 riksdalar. Kommisjonen fastsette normalbuskapen til hest, 3-4 kyr og 8 småkretur, og meinte vidare at her var åker til å så 2 tunner bygg, og at ein kunne rekne med å få att 8-10 tunner. Elles var her kleint med skog, beitet var berre måteleg godt, og åkrane var «ligesom de øvrige gaarder i Bykle» utsette for frost, heiter det i kommisjonsprotokollen. Som ein vil sjå, når me kjem til kretur- og sånadsopplysningar litt lenger fram i tida, tykkjest kommisjonen å ha undervurdert bruket.

Åvold og familien hans kom til å bu her så lenge han livde, men hausten 1810 kom den tidlegare eigaren, Bjørgulv Åsmundsson Gjerden, som på denne tid hadde flutt åt Nomeland (Valle), og kravde garden attende på odel på vegner av dottera Gunhild, ho var då 12 år gamal. Odelen var det ingen tvil om, og kaupesummen, som vart fastsett til 1000 riksdalar, vart utbetala med det same. Men Åvold fekk til den avtala med den nye eigaren at han skulle få leige bruket av henne så lenge ho var ugift. Det var ho til 1815, men då gifte ho seg med Tarjei Oddsson Byklum, og kravde å få flytje inn i laupet av det næraste året. Åvold kaupte då halve Dysje (dvs. Neire Dysje, bnr 2) hjå Åsmund Sørensson for 211 speciar, og rekna nok med å taka ut dit. Men utpå hausten, nokre dagar fyre flytjedagen, døydde han. Våren etter flutte familien hans åt Dysje, og dei nye eigarane kom hit.

Dette var som nemnt Tarjei Oddsson Byklum og kona, Gunhild Bjørgulvsdotter. Gunhild og Tarjei budde her til 1850, og fekk alle borna sine her. Men i det sistnemnde året selde dei Attistog, kaupte att Bratteland hjå Olav Torleivsson Bjørnarå (Stavenes), og flutte til den garden. Avdi alle etterkomarane deira sidan har vore omtala med etternamnet Bratteland, har me plassert den nærare omtalen av desse folka i brattelandsbolken.

Kauparen i 1850 heitte Hallvard Hallvardsson. Han var fødd i Ørnefjødd i 1813, som son åt Hallvard Ormsson på det bruket og kona, Jorunn Nilsdotter. Kona åt Hallvard var Åse Knutsdotter, ei dotter av Knut Knutsson i Midbø Breive og kona, Åshild Bjørgulvsdottter.

Hallvard og Åse budde her til dei i 1857 laut selje til ein som kom med odelskrav. Dei kaupte då att Nordgarden Breive, og flutte dit. Me har plassert hovudomtalen av dei i bolken om det bruket.

Den nye eigaren i 1857 var frå Hommelunden og son åt Torleiv Knutsson Homme og kona, Anne Drengsdotter, fødd Oddeskar (jfr Valle V, 524). Sjølv hadde han ingen odel i Gjerden, men det hadde kona hans, som var dotter åt ovanomtala Tarjei Oddsson Byklum eller Bratteland. Sidan det var hennes odel som skaffa dei gardsbruket, set me opp henne fyrst:

  • Margit Tarjeisdotter Bratteland, f 1825, d 1882
g 1854 m Knut Torleivsson Homme, f 1828, til Amerika 1883, seinare lagnad ukj. Born:
  • Anne, f 1854, d 1854
  • Torleiv, f 1855, til Amerika 1883, n 1913, g 1880 m Ingebjørg Eivindsdtr. Jore, born iallfall:
  • Knut, f 1881, jfr Valle VI,
  • Tarjei, f 1857, farmar, g 1881 m Turid Auversdtr. Vatnedalen, til Amerika 1883, 1900 busett Brown Township, Rolette County, Nord-Dakota, etternamn Bakken; born:
  • Birgit, f 1884
  • Gunhild, f 1886
  • Helga, f 1888
  • Olina, f 1890
  • Knut, f 1893
  • Syvert, f 1895
  • Anna, f 1897
  • Anne, f 1859, g 1883, d fyre 1897, g m Tarjei Knutsson Byklum, f 1857, til Amerika 1883, born: sjå Juvet, gnr 14, bnr 4, han g 2. 1897 m Jorunn (Julia) Steinsdtr. Flateland, f 1872, utv.1893 ( jfr. Valle VI, 451 f og 251), han 1900 busett Chester Township, Polk County, Minnesota
  • Olav, f 1862, d 1872
  • Daniel, f 1865, til Amerika 1883, 1900 busett Grafton, Walsh County, Nord-Dakota, ug då, snikkar, etternamn Knutson
  • Gunhild, f 1868, til Amerika 1883, d Strathcona, Alberta, Kanada, 1904, ug

Borna Tarjei, Anne og Olav vart døypte frå Gjerden, så huslyden har iallfall budd her i perioden 1857-1862. Men etter folketeljinga frå 1865 var dei det året i Stavanger, der Knut arbeidde som smed.

Sonen Daniel vart døypt og sikkert også fødd i byen, medan dottera Gunhild vart døypt frå Grjotsled i Valle i 1868. Ved folketeljinga i 1875 budde dei i Bakken under Lunden i Valle, men både fyre og etter dette året tykkjest dei ha vore i Bykle, ettersom alle borna vart konfirmerte her, såleis Anne i 1874 og Daniel i 1881.

Men då Margit, mor deira, døydde i 1882, budde dei i Bakken under Lunden. Året etter at ho var borte reiste Knut til Amerika med borna sine, både dei gifte og dei ugifte (jfr. Valle VI, 451 f).

I fylgje panteregisteret sto Knut Torleivsson som eigar av Attistog like til våren 1872, då han selde bruket til Odd Tarjeisson Bratteland for 500 speciar, men som me har vore inne på ovanfor hadde han då forlengst flutt ifrå, og me trur at salet i røynda gjekk

fyre seg langt tidlegare, helst fyre 1864, då me veit at han var i Stavanger. Men så har det då drege ut nokre år fyrr skøyte vart skrive og tinglyst. Grunnen til at me er tolleg sikre på dette, er at den mannen Odd Tarjeisson selde eigedomen til var på plass her alt i 1864, og at han i folketeljinga frå 1865 vart oppskriven som bonde og sjølveigar, så han har nok kaupt bruket hjå Odd med det same denne hadde vorte eigar. Me kan heller ikkje sjå at Odd nokon gong budde her, jamvel om den gamle gards- og ættesoga (120) gjev inntrykk av det. Han budde i Nordbygdi til han reiste or bygda i 1874. Ved salet av Attistog fekk han att 528 speciar, så han tente 28 på transaksjonen. Grunnen til at handelen vart gjort på dette viset, var nok at Odd hadde odel, og det hadde ikkje den nye mannen.

Han var frå Systog Stavenes, og son åt Åsmund Sigbjørnsson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Byklum.

  • Olav Åsmundsson Stavenes, f 1832, d 1875
g 1862 m e Gyro Folkesdtr. Trydal, f 1831, d 1891. Born:
  • Åsmund, f 1863, d 1863
  • Birgit, f 1864, g 1881 m Olav Drengsson Byklum (y.), sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1868, d 1969, g 1889 m Anne Torsdtr. Fodtveit, til Amerika 1891, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1871, konf. 1886, til Amerika 1891, så nedanfor.
  • Gunhild, f 1875, konf. 1890, til Amerika 1891 ug, lagnad elles ukj.

Gyro Folkesdotter var frå Trydal Der inne, og dotter åt bruksmannen Folke Øyulvsson Brokka og kona, Birgit Knutsdotter. Då ho gifte seg med Olav, var ho enke etter Pål Pålsson Byklum i Hisdal.

Då folketeljinga i 1865 vart oppteke, budde det nokså mange her på bruket. Forutan Olav og Gyro og den lisle dottera Birgit, var det for det fyrste Pål Pålsson, son åt Gyro frå det fyrste ekteskapet hennes. Han var fødd i 1850. I 1880 overtok han Brokka (gnr 22, bnr 1), som han hadde odel til gjennom mora, og gjekk sidan under namnet Pål P. Brokka (jfr. Valle VI, 414-418). For det andre var det Olav Salmundsson Tveiten (Ryningen), Åse Folkesdotter, kona hans, og dei 4 borna deira. Desse hamna sidan i Åsdokk i Trydal, gnr 17, bnr 22, og er nærare omtala der.

Endeleg hadde Olav Åsmundsson med seg mor si, enka Birgit Olavsdotter, dei to yngste brørne, Knut og Gunnar Åsmundssøner, og systera Torbjørg. Torbjørg vart sidan gift med Lisle-Olav Auversson Gjerden, og er nøyare omtala i bolken om Lii under Gjerden. Knut og Gunnar hamna båe nedi Valle, så dei kan ein lesa meir om i Vallesoga (III, 437 og VI 425).

Buskapen på garden i 1865 var hest, 9 storfe, 12 sauer og 11 geiter. Sånaden var 1 1/2 tunner bygg og 5 1/2 tunner jordeple.

Olav døydde i februar 1875, berre 42 år gamal. Året etter sytte Gyro endeleg for å få tinglyst skøyte på eigedomen. I dette brevet står Odd Tarjeisson, som framleis var formell heimelshavar, som seljar, medan den like formelle kauparen var den 12 år gamle Åsmund Olavsson.

Då den neste folketeljinga vart oppteke, på slutten av året 1875, var Olav som nemnt død og borte, men kona og borna hans var framleis her. Det var også mor hans og yngstebroren, Gunnar, og dertil var her ein tenestekar som heitte Hallvard Torleivsson [Byklum]. Han budde sidan i Haugebakk under Byklum, og er nærare omtala i bolken om den verestaden.

Buskapen i 1875 vert oppgjeven til 1 hest og 1 fole, 4 kyr, 3 ungnaut og kalvar, 7 sauer og lam, 10 geiter og kje. Sånaden dette året var 2 tunner bygg og 4 1/2 tunner jordeple.

Åsmund O. Gjerden i Amerika. Der skreiv han seg Osmond Brocken. Bilete frå Sherie Edwards, Grove Heights, Minnesota.

Gyro og borna hennes budde her til 1881. Då gifte den eldste dottera seg, og ho og mannen hennes overtok bruket. Mora og syskena flutte då til Pål Pålsson Brokka, den ovannemnde son hennes i Valle. Gyro døydde i Brokka sumaren 1891. Noko tidlegare same året hadde Åsmund, kona Anne, og Gyro, den lisle dottera, og sameleis dei to yngste systrene åt Åsmund, teke ut til Amerika (jfr. Valle VI, 418). Dei skulle til Nord-Dakota, står det i emigrantprotokollen.

Der var dei ei tid. Men i 1910 finn me Åsmund og familien hans att på ein farm i Chester Township, Polk County, Minnesota, der dei sokna til eit postkontor som heitte Espetveit. To av døtrene, Gertie (17 år) og Betty (15 år), var fødde i Nord-Dakota. Eldstedottera, Gyro, fødd i Valle i 1890, døydde i 1912 i Fillmore County, Minnesota. Ho var ikkje hjå foreldra i 1910. Det var derimot ei rekkje med yngre born, som alle var fødde i Minnesota: Torleiv (14), Margit (12 ), Jon (10 ), Oscar (8 ), Paul (5 ) og Gunnar (3). Anne døydde i Polk County i 1946, Åsmund livde til 1969, og vart såleis over 100 år gamal. Meir har me ikkje funne ut om desse folka, bortsett frå at det må vera av interesse å notere at dei i Amerika nytta etternamnet Brokken.

Systera Birgit gifte seg med ein Martin Skrivseth, som me ikkje veit meir om, og budde med han i Crookston, Minnesota. Dei fekk dei fylgjande borna: Lester, f 1905, d 2003; Melvin , f 1907 ; Clifford, f 1911 og Myrtle, f 1914. Den yngste dottera skal vera i live våren 2006, men me har ikkje fått greie på ektemakar eller born til nokon av desse syskena, og dermed lyt me sleppe me dei av syne.

Så langt kome kan stunda vera inne til å leggje fram eit oversyn over den neste oppsitjarhuslyden, dei som overtok bruket i 1881. Ettersom det var kona som hadde odelen set me opp henne fyrst:

Olav Drengsson Gjerden, fødd Byklum, og kona Birgit Olavsdtr., fødd Gjerden, her med dei to yngste borna, Torbjørg, g Åsen og Gunnar (y.). Biletet, som kjem frå Ingebjørg Vegestog, lyt vera teke kring 1914.
Jon og Knut Gjerden i Amerika, teke etter 1911, men fyre 1919. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Birgit Olavsdtr. Gjerden, f 1864, d 1949
g 1881 m Olav Drengsson Byklum (y.), f 1850, d 1925. Born:
  • Dreng, f 1883, til Amerika 1906, d 1959, sjå nedanfor
  • Olav, f 1885, g 1913 m Birgit Mikkelsdtr. Homme, sjå Myri under Gjerden.
  • Knut, f 1888, til Amerika 1906, d 1948, sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1891, d 1978, ug, sjå nedanfor
  • Jon, f 1893, til Amerika 1911, d 1952, lagnad elles ukj.
  • Gunnar (e.), f 1897, d 1976, ug
  • Torleiv, f 1899, d 1939, ug
  • Torbjørg, f 1902, g 1924 m Auver Olavsson Åsen, sjå Åsen, gnr 13, bnr 9
  • Gunnar (y.), f 1907, g 1932 m Torbjørg Olsdtr. Kyrvestad, sjå Kyrvestadbui, gnr 13, bnr 11, jfr. Kanada i Jåro

Olav Drengsson var frå Innistog, og son åt Dreng Olavsson Byklum og kona, Torbjørg Torleivsdotter.

I folketeljinga frå 1891 ser ein at enkemannen Ånund Pålsson [Byklum] frå Der inne var busete her, og det same var enkemannen Olav (y.) Auversson [Gjerden] frå Lii. Sistnemnde hadde med seg sonen, Auver (sjå Øvre Haugen, gnr 14, bnr 30). I 1900 var det Olav og Birgit og dei til då 7 borna deira som var her. Ånund Pålsson døydde i 1896, men om han då budde her eller i Der inne, veit me ikkje. Olav Auversson og son hans hadde flutt attende til Lii fyre 1900-teljinga vart oppteke.

Olav Drengsson hadde attåt garden lenge arbeid som postberar, truleg var det heile tida frå postberinga tok til i 1888 og til sonen overtok postberarjobben i 1908. Vidare veit me at han dreiv ein del med lasskøyring til og frå Byglandsfjord, reinsdyrslakt nedetter dalen og kaupmannsvarer oppatt.

Han avhenda nokre stykke av garden, ser me. I 1910 selde han ein parsell kalla Flatemyr (bnr 4) til Olav A. Stavenes i Tveitvodd. Året etter kaupte same mannen endå eit stykke av myra (bnr 5), og i 1915 overtok han resten av henne (bnr 8).

I 1913 selde Olav Drengsson Austre Grønmyrjuvet til Haddeland og Strandrud. Denne parsellen fekk bnr 6 og ei landssyld på 12 øre. Det kan vera interessant å notere seg at Olav selde stykket for 4360 kr, medan ervingane etter dei to fossekraftspekulantane i 1950 fekk att 500 000.

I 1919 selde Olav eit stykke tilleggsjord til ovanomtala Auver Olavsson Gjerden, som eit par år tidlegare hadde kaupt Øvre Haugen, gnr 14, bnr 30. Dette stykket vart matrikulert for seg sjølv med namnet Øvre Haugen og bnr 10 under Gjerden.

Dreng og Frieda Gjerden med borna Bettyan og Donald ca 1927. Bilete frå Sherie Edwards, Grove Heights, Minnesota.
John Jerden ca 1936, bilete frå Sherie Edwards. Me noterer oss at han droppa G-en i etternamnet.

Som ein ser ovanfor var det tre av sønene som utvandra til USA. Av desse har me greidd å finne att to, Dreng og Jon, i det nye landet. I 1911, då Jon kom til USA, budde Dreng i Crookston, Minnesota. Men i 1919 kaupte han ein farm i Custer County, Montana. Same året gifte han seg med Frieda Scholtz, fødd av tyske foreldre i Chicago i 1887. Dei fekk sonen Donald, fødd 1920, og dottera Bettyann, fødd 1925. I 1930 finn me Dreng som tilsett ved ein forsøksstasjon for storfe i Fort Keogh, nær Miles City, Montana. Frå 1935 budde dei i den nemnde byen. Frå same året arbeidde Dreng resten av yrkeslivet sitt i eit entreprenørfirma som dreiv med vegbyggjing. Kort etter oppnådd pensjonsalder døydde han, det var i 1959. Han og Frieda var då framleis busette i Miles City. Frieda livde til 1976.

Donald Gjerden var ute i andre verdskrigen, og deltok tre år i kampane i Sør-Stillehavet. Sidan arbeidde han som kokk, ma. i California og Oregon, men på slutten var han attende i Montana. Han døydde ugift i Miles City i 1978. Bettyan Gjerden var i det militære i Tyskland frå 1945 og frametter. Der gifte ho seg i 1947 med James Bergen Edwards frå Indiana, fødd 1919, død 1983. Dei fekk dottera Sherie i 1948. Bettyan og James skilde seg i 1970. Bettyan liver våren 2006, og bur ilag med Sherie, som er ugift, i Grove Heights. Minnesota. Sherie har fortalt oss det me veit om denne ættgreina, og skaffa bilete av dei.

Jon, bror av Dreng, er attfunnen i Chicago i den amerikanske folketeljinga frå 1930. Han var ugift på den tid, står det, og arbeidde som mekanikar. Seinare gifte han seg med Edith Mathiesen, og budde med henne i Chicago til han døydde i 1952. Dei var barnlause.

Når det gjeld Knut, den tredje broren i Amerika, veit me dødsåret hans, som vart funne i ei landsomfattande dødsfallsoversikt (IGI), som er tilgjengeleg på Internett, men om han var gift eller kvarhelst han budde, vert ikkje oppgjeve.

Olav, den nest eldste av brørne, hadde slege seg ned på plassen Myri i 1915 eller kanskje endå litt tidlegare, så då faren i 1920 ville levere bruket sitt til neste generasjon, vart det den fjerde sonen i rekkja ovanfor som overtok.

Åsmund O. Gjerden. Biletet, som skal vera teke i 1941, kjem frå Setesdalsmuseet.
  • Åsmund Olavsson Gjerden, f 1891, d 1978, ug

Åsmund dreiv garden sin, og var «glad i hesten og buskapen», fortel Olav G. Holen jr. (vol 3, 66). I 1949 sette han seg opp ny uthusbygning med løe og fjos, der han i 1953 hadde 3 kyr, 3 ungdyr og 17 sauer. Vidare bar han posten til Nordbygdi frå 1908, han overtok dette arbeidet etter faren, og heldt på med det i mange år. Elles dreiv han med så mangt: Han handla med reveskinn, mårskinn, røyskattskinn, ryper, storfugl og kjøt, selde forsikring, og bygde og dreiv campingplass på Byklestøylane. På sine gamle dagar sette han også opp nokre campinghytter i Nedre Sarv, og budde der. Om ein torer døme etter det portrettet Olav G. Holen jr. har teikna av han, tykkjest han ha gjort det godt med det meste han tok i, og rakk over mykje. Morosam var han også, og ikkje så lite av ein skjemtegauk, som hadde lett for å få stemninga i veret kvarhelst han vanka.

I 1926 selde Åsmund eit lite stykke med tilleggsjord til Auver Olavsson Åsen på gnr 13, bnr 9. Stykket vart matrikulert under namnet Åsen, og fekk bnr 13 under Gjerden.

I 1932 fekk Gunnar O. Gjerden (y.), bror åt Åsmund, som dreiv handel i Kyrvestadbui (Bykle gnr 13/11) (gnr 13, bnr 11), og er nærare omtala der, overtaka ei slette i austkanten av eigedomen. Her bygde han etter kvart opp eit småbruk, som sidan gjekk under namnet Kanada. Kanada vart aldri matrikulert, truleg avdi det frå 1960 hadde same eigar som Attistog. Me kjem attende til Kanada lenger ut.

Tomta Livodd var det neste stykket som gjekk ut frå Attistog. Ho vart frådela i 1947, tildela bnr 15, og selt til Torleiv Åsmundsson Byklum. På slutten av 1950-talet gjekk ho attende til Attistog. Også dette kjem me attende til.

Åsmund sat på bruket sitt til 1960, då han skøytte det over til brorsonen for foddog og 15 000 kr.

Flytjelass på Byklestøylane 1947. Frå venstre ein Holvik, så Torbjørg (Myri) Gjerden, g Neset, Gunhild O. Byklum, Gunnar O. Gjerden (e.), fru Hvidsteen, Birgit Attistog Gjerden, fru Holvik, Åsmund O. Gjerden. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Gunnarsson Gjerden (e.), f 1933, ug

Olav hadde overteke Kanada frå foreldra i 1958, og då han også overtok Attistog, gjekk dei to bruka i hop att. I Olav si eigartid har nokså store stykke av beiteområda til Attistog vorte eksproprierte av Bykle kommune til byggjegrunn.

Eit par einskildtomter har også vorte selde ifrå. I 1970 kaupte Åsmund P. Ryningen ei tomt kalla Ryningen, bnr 37. I 1973 kaupte Trygve T. Gjerden tomta Jarehaugen, bnr 41. I 1979 overtok Bykle kommune eit stykke på 13,5 mål, som vart matrikulert med namnet Austre Bekkimellom og bnr 76.

Same året overtok kommunen også eit område på 27 mål, som vart kalla Nedre Sarv II, og tildela bnr 86. Dinest overtok kommunen i 1982 eit stykke på 3,5 mål med nemninga Nedre Sarv III, bnr 90. I 1985 fylgde ein parsell på 32 mål, som vart matrikulert med namnet Nedre Bekkimellom, bnr 103. I 1989 overtok kommunen eit felt på vel 20 mål, som vart bnr 106 med namnet Bjårlii A, medan ei tomt på vel 1 mål med namnet Bjårlii B og bnr 107, samstundes vart lagt innåt same byggjefeltet, men bortfest til Statkraft. Sidan har det gått ut ei lang rekkje med einskildtomter frå bnr 76, 86, 90, 103 og 106, men dei spring me over i denne samanhengen, og kjem attende til dei lenger ut (sjå Bruk og tomter under Gjerden, gnr 15). Fyrr me slepper tråden skal likevel nemnast at bnr 76, 90, og 103 i 1995 vart slegne saman med bnr 11 i matrikkelen, slik at desse tre bruksnummera har gått ut.

Trass i alle frådelingane er innmarka til garden for så vidt intakt. Dei reknar at her skal vera kring 18 mål som har vore dyrka, men mykje av dette er nå attgrodd med lauvskog. Skogsog heiområda vert oppgjevne til å vera på kring 2000 mål.

Stoge og lopt i Attistog 30.7.2002. Biletet her er teke av Knut Erik Paulsen. Me fann det i kommunearkivet.

Stoga på garden, som tykkjest vera frå 1700-talet, og då helst vart oppsett anten av Bjørgulv Sveinsson eller Åsmund Bjørgulvsson, står som ho har gjort, men det har ikkje budd nokon her etter at Åsmund O. Gjerden flutte åt Sarv. Uthuset frå 1920 står framleis. Endeleg må nemnast at bruket har eit fint gamalt lopt, som me vil tru skriv seg frå 1600-talet.


0941 Bykle komm.png Attistog (Bykle gnr 15/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog • Neste bolk: Kanada i Jåro

Koordinater: 59.35430835° N 7.34216113° Ø