Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Innistog Byklum 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Slik Innistog i Bykle ligg i dag har det Austistog på vestsida og Utistog på austsida. Men den nåverande plasseringa av tunet og innmarka fortel lite og ingenting om tilhøva i eldre tid, ettersom husa i Innistog vart flutte ut frå det gamle fellestunet i 1835, og utskifting av innmarka vart gjennomført i 1905. Men også i gamle dagar låg Innistog heilt sikkert i midten.

Om det er rett, slik me har kome til, at driftseiningane med kvar sine tun på «Tuptine» vart etablerte kring 1650, eller jamvel fyre dette året, vil me tru at også nemningane Innistog, Utistog og Austistog kom i bruk samstundes. Så langt dette stemmer, gjev det meining å plassere oppsitjarane på kvar si eining. Me lyt då setje Jon Åsmundsson i Innistog. Han var den eldste av åsmundssønene, og ville då ha krav på den eldste og dermed gjævaste eininga. Vidare er det på det reine at ætlingane hans sidan budde i Innistog. Dette samstavar også med det som står i den gamle gards- og ættesoga (107).

  Les mer …

Dette er stoga i Der nede ein gong i 1960-åra. Diverre brann dette huset 6.10.2005, så her ser ikkje lenger såleis ut. Bilete frå Torjus Lunden på grannebruket.

Bureisingsbruket Myro Der nede i Bykle kommune, som ligg vestom Bjørnarågardane, ned mot Bjørnaråhylen, vart utskilt frå Der heime i 1921. Det er litt rart at det skulle verta kalla Nordigard i matrikkelen, ettersom det ligg sør for det hitt, jamgamle bureisingsbruket i Bjørnarå, som vert kalla Uppigard, men såleis er det. Til dagleg går likevel båe bruka under namnet Myro, Nordigard er Myro Der nede, Uppigard er Myro Der uppe, og dette virkar meir logisk.

Det var Hallvard Knutsson Skarberg og kona, Jorunn, fødd Haugen, som fekk kaupe denne parsellen av Der Heime. Seljaren var Tarjei, son åt Jorunn, som hadde overteke Der heime etter faren. Jorunn var enke etter Bjørgulv T. Bjørnarå då ho gifte seg med Hallvard i 1910. Hallvard var son åt Knut Ånundsson Skarberg, som på denne tid var brukar i Der heime, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Uppstad.   Les mer …

Bjørnarå Der Aust 24.7.1918. A.B. Wilse tok biletet, Norsk Folkemuseum skaffa kopien. Stoga, som er så gamal at ho godt kan vera bygd av den fyrste kjende bjørnaråbonden, vart kring 1950 seld til Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og står der idag. Loptet, som er minst like gamalt, vart noko over 10 år seinare selt til Morten Henriksen, og står idag i Lislestogtunet i Bykle.

Der aust er eitt av bruka på Bjørnarå i Bykle kommune. Som nemnt framanfor har dette bruket vore det gamle hovudbølet, som det andre har gått ut i frå. Den gamle tunstaden låg austom der tunet i Der heime ligg i dag, på same sida av Bjørnaråni.

Denne tunstaden vart bytt ut då det i 1950 vart bygt nytt tun på Neset ut mot Bjørnaråhylen på sørsida av elva.

Den fyrste oppsitjaren her etter delinga i 1662 var som nemnt Olav Tarjeisson (e.), Store-Olav. Om ein kan feste lit til aldersoppgåvene i manntala frå 1664 og 1665, var han då 50 år, og altså fødd ca 1614. I 1645 var han gift, går det fram av koppskattmanntalet frå det året, men namnet åt kona hans finn me ikkje nemnt.

Sakefallslista frå 1646/47 syner at Olav då hadde måtta bøte 3 riksdalar for å ha vore i slagsmål med Gunnar Torgrimsson Flateland, som må ha vore syskenbarnet hans. Elles er det ikkje stort me har funne ut om han, då bortsett frå at han hadde ein son.

  • Store Olav Tarjeisson Bjørnarå, f ca 1614, d ca 1680
g m ukj. Born iallfall:

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Haugen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Haugen i Hoslemo i Bykle kommune ligg vestom Nordigard med tunet i omlag same høgde som Nordigardstunet. I utgangspunktet var det plass under det udela Uppigard, det vart busett i 1874 eller 1875, og matrikulert til eit sjølveigande småbruk 15-16 år seinare.

Dei fyrste som budde her var Ånund Sigbjørnsson og familien hans. Han var frå Vatnedalen Der hite, og son åt Sigbjørn Knutsson på det bruket og kona Gunvor Hallvardsdotter, fødd Tveiten.Då Gro Hallvardsdotter gifte seg, var ho tenestejente einkvarstad i Trydal. Her fører me henne opp med etternamn Oddeskar avdi foreldra hennes budde på den plassen, gnr 27, bnr 8. Dei heitte Hallvard Olavsson Mule og Tone Olavsdotter, og kom frå Skafså til Valle ca 1843 (jfr Valle VI, 65). Olav, bror åt Gro, budde i Sollid, gnr 13, bnr 38, og er omtala der.

Ånund og Gro døypte dei to eldste borna i Vatnedalen, Ånund vert då kalla bruksmann, og har vel vore medbrukar hjå faren. I 1870 tykkjest dei ha vore busetar i Hoslemo, men i 1872 og 1874 var dei attende i Vatnedalen, og Ånund vert då kalla «husmann». Me trur helst at han då hadde fått feste på Haugen, men at plassen endå ikkje var klar til innflytjing. Men det vart han nok like etter, for i folketeljinga frå 1875 finn me familien som husmannsfolk i Haugen, og sidan vart dei verande her.

  Les mer …

Nordgarden 20.07.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Nordgarden er den av gardane i Breive i Bykle kommune som ligg lengst vest, eller inst, om ein vil. At dette bruket, som er det tredje eldste, har fått bnr 1, kan tykkjast rart, men matrikkelnummera er ordna etter som mennene i matrikkelkommisjonen på 1830-talet fann det praktisk å rykkje fram i terrenget, og det var ikkje nødvendigvis i historisk rekkjefylgje. Bruket her vart utkløyvd frå Der inne så seint som i 1787, i samband med skiftet etter Ingebjørg Salmundsdotter. Ingebjørg hadde vore kona åt Torbjørn Jonsson, som åtte 3 skinn i garden, dvs. halvparten. Buet skulda 100 dalar til Olav Nylend i Grungedal og vidare var det nokre smågjelder på i alt 23 dalar. Jon Torbjørnsson og systera Gyrid kom då til om at dei skulle dele eigedomen midt i to. Gyrid fekk Der inne mot å taka far sin i foddog, medan Jon fekk Nordgarden mot å taka på seg gjelda.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar