Der heime (Bykle gnr 18/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Der heime
Bjørnarå 8b - Abrahm026.jpg
I Bjørnarå Der heime ein gong i åra 1900-1910. Foto: August Abrahamson. Bydama med hatt midt på biletet er truleg Ragna Abrahamson, kona til fotografen. Frå Setesdalsmuseet.
Utskilt: 1662
Stad: Bjørnarå
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 18
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Når dette bruket kunne verta kalla Der heime, medan det gamle hovudbølet på Bjørnarå vart av uti Der aust, virkar det litt rart. For å få denne nemningsbruken til å stemme lyt ein tenkje seg at namnsetjaren har sett Bjørnarå liksom frå Kyrkjebygdi i Bykle, for berre då vert Der heime det heimare av bruka.

Som me har vore inne på framanfor, var fyrste oppsitjaren her Olav Tarjeisson (y.), Lisle-Olav. Liksom for syskena hans vantar me ein god del opplysningar, men me kjenner til eit par søner, og kan då setje opp ei uheil familieliste som fylgjer:

  • Olav Tarjeisson Bjørnarå (y.), f ca 1624, d fyre 1689
g m ukj. Born iallfall:
  • Steinar, f ca 1650, n 1664-66, lagnad ukj.
  • Gunnar, f ca 1658, g m Birgit Arnesdtr. Lunden, sjå nedanfor

Av dei to nemnde sønene må Steinar ha døytt ung, ettersom Gunnar, som var yngre, vart neste oppsitjar. Han dukkar opp som skatteytar frå 1689 og frametter, og difor reknar me med at far hans var død litt tidlegare.

  • Gunnar Olavsson Bjørnarå, f ca 1658, d 1733
g m Birgit Arnesdtr. Lunden, f ca 1655, d 1743. Born, iallfall:
  • Gunhild, f ca 1675, g 1. m Tarjei Olavsson Nesland, g 2. 1721 m Auver Tarjeisson Holen, sjå nedanfor
  • Margit (e.), g m Svein Knutsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Margit (y.), g m Tallak Bjørgulvsson Dysje, sjå Dysje, gnr 8, bnr 1
  • Hæge, g 1716 m Eivind Olavsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5

Birgit Arnesdotter var dotter åt Arne Hallvardsson på bnr 3 i Lunden, Valle. Kva kona åt Arne heitte er ukjent (jfr. Valle VI, 435).

Gunnar og Birgit var sjølvefolk på bruket til 1729, då dei overlet det til eldste dottera. Dei sat gjeldfritt, så Gunhild, odelsjenta, og mannen hennes, kunne overtaka garden for 90 riksdalar til medervingane og foddog til foreldra.

Etter dette må dei likevel ha kome i økonomiske vanskar, skjønar me, etterdi dei tre verbrørne av Gunhild, Svein Hoslemo, Tallak Dysje og Eivind Stavenes, einkorleis kunne skaffe seg heimel på halve bruket, og i 1737 skøytte denne halva over til Ånund Torgrimsson Flateland. Det er ikkje likt til at denne handelen førde bruksdeling med seg, så det var berre ein ideell halvpart som vart seld. Korleis eller kva tid denne eiga kom attende til dei gamle eigarane, har me ikkje funne noko om, men Ånund Flateland døydde i 1746, og i 1758 var Gunhild og Auver atter eigarar av heile bruket.

Gunhild Gunnarsdotter var to vender gift, og det var i det andre ekteskapet sitt ho budde her. Me set likevel opp oversyn over båe ekteskapa hennes under dette bruket, ettersom det tykkjest mest praktisk.

  • Gunhild Gunnarsdotter Bjørnarå, f ca 1675, d 1764
g 1. ca 1708 m Tarjei Olavsson Nesland, f ca 1648, d 1720. Born, iallfall:
  • Birgit, f ca 1709, trulova 1731 m Hallvard Såvesson Stavenes, d 1731, g 1732 m Tarjei Halvorsson Hoftuft, sjå Vodden Nesland, gnr 10, bnr 1
  • Gudveig, f ca 1712, d 1717
  • Gyri, f 1715, g 1742 m Dreng Olsson Besteland, sjå Valle V, 213
  • Torleiv, f 1718, g.1748 m Birgit Knutsdtr. Løyland, sjå nedanfor
g 2. 1721 m Auver Tarjeisson Holen, f ca 1692, d 1772. Born:
  • Torbjørg, f 1722, d 1722
  • Torbjørg, f 1723, d 1723

Tarjei Olavsson, fyrste mannen åt Gunhild Gunnarsdotter, var frå Vodden Nesland, og son åt Olav Knutsson Nesland, kva kona åt Olav heitte er ikkje kjent.

Tarjei åtte Vodden, og han og Gunhild budde der til han døydde i 1721. Året etter gifte ho seg oppatt med Auver Tarjeisson, ein son åt Tarjei Andresson i Holen Der uppe. Såvidt me kan skjøne budde dei på Nesland til dei fekk overtaka bjørnaråbruket i 1729. Auver dreiv bruket her til 1758, då son åt Gunhild frå det fyrste ekteskapet hennes kom og kravde retten sin, og sette mora og mannen hennes på foddog. Korleis Auver stuka etter at Gunhild var død i 1764, vert omtala i bolken om Holen.

Torleiv Tarjeisson overtok som nemnt bruken av eigedomen frå mora i 1758. Han hadde då vore gift i 10 år, og budde på Nesland mykje av denne tida. Tinglyst skøyte på bruket her fekk han ikkje fyrr i 1766, 2 år etter at mora var borte.

  • Torleiv Tarjeisson Bjørnarå, f 1718, d 1789
g 1748 m Birgit Knutsdtr. Løyland, f 1727, d 1812. Born:
  • Birgit, f 1751, g 1771 m Dreng Torleivsson Byklum, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Gunhild, f 1754, g 1790 m em Mikkel Tarjeisson Mosdøl, sjå Lunden, Mosdøl, gnr 13, bnr 1
  • Tarjei, f 1757, g 1785 m Hæge Pålsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1760, d 1789, ug, soldat
  • Bjørn, f ca 1763, d 1787
  • Kjetil, f 1765, d 1839, ug, «føderådsmand»
  • Knut, f 1768, g 1795 m Gyro Torleivsdtr. Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2

Birgit Knutsdotter kom frå Nordstog Løyland, bnr 1, og var dotter åt Knut Sigurdsson og kona, Gyro Olavsdotter, fødd Hillestad i Tovdal (jfr. Valle VI, 85).

Torleiv hadde i mange år ombodet som «præstens medhjælper», står det i kyrkjeboka. Såvorne karar hadde nok fleire interessante oppgåver, men ei av dei var iallfall etter beste skjøn å granske ut kven som var barnefar i saker der mødrene ikkje ville gjeva opp kven som var den skuldige.

Birgit og Torleiv dreiv garden til 1786, då dei overdrog buet sitt til ervingane og tok foddog. Dette skiftet har me diverre ikkje lukkast i å finne, men der må ha vore godt med midlar, ettersom Tarjei Torleivsson i 1793 hadde lånt bort 437 dalar til Torleiv Åsmundsson Løyland, medan broren Bjørn i 1787 hadde 569 dalar til gode hjå Dreng Torleivsson Byklum.

Bjørn Torleivsson har me ikkje funne fødselsoppgåve for, men då han døydde i 1787 vart det halde offentleg skifte. Her går det fram at han var son åt Torleiv og Birgit, og at han var yngre enn Tarjei og Gunnar, men eldre enn Kjetil.

Om Kjetil Torleivsson veit me berre at han var ungkar og foddog då han døydde i 1839, og at han i 1801 er oppført som tenestekar hjå Tarjei, eldstebroren.

Yngstebroren, Knut, kan heller ikkje ha vore fri for mynt, ettersom han i 1799 fekk tilslaget på Systog Løyland, som då gjekk under hamaren. Sidan miste han dette bruket etter odelssøksmål, og hamna i Systog Trydal.

Eldstesonen overtok bruket av foreldra i 1786.

  • Tarjei Torleivsson Bjørnarå, f 1757, d 1805
g 1785 m Hæge Pålsdtr. Stavenes, f 1761, d 1795. Born:
  • Borghild, f 1786, d 1786
  • Borghild, f 1787, g 1. 1806 m Bjørgulv Sveinsson Røysland, g 2. 1835 m em Gjermund Gunsteinsson Byklum, sjå nedanfor, jfr. Uppistog Byklum og Nordstog Stavenes.
  • Torleiv, f 1791, d 1791
  • Birgit, f 1793, g 1831 m Jørund Torjusson Jore, sjå nedanfor

Hæge Pålsdotter var frå Utistog i Stavenes, dotter av Pål Eivindsson på det bruket og kona, Borghild Sveinsdotter, f Trydal.

Etter at Hæge var død fekk Tarjei sonen Gunnar, fødd 1800, mora var Torbjørg Pedersdotter Bjones, dotter åt Peder Såvesson Vatnedalen og kona, Margit Olavsdotter, fødd Dysje (sjå Bjones).

Denne Gunnar Tarjeisson vart sidan bonde i Systog Røysland, var to vender gift, og fekk folk etter seg (sjå Bjones, jfr. Valle VI, 494).

Birgit Tarjeisdotter fekk i 1822 sonen Tarjei med Sigurd Hallvardsson Rygnestad, ein son åt Hallvard Hallvardsson Steinsland og kona, Gunhild Sigurdsdotter. Sigurd døydde i 1825.

Tarjei Sigurdsson drog til Amerika i 1856. Året fyre hadde han vorte far til ein Hallvard, mora var Tone Torleivsdotter Jore. Noko seinare drog ho etter han til USA, og dei vart gifte der (jfr. Valle IV, 600f).

Birgit vart 1831 gift med Jørund Torjusson Jore (1787-1851). Jørund var klokkar og lærar, og må ha vore halt, ettersom plassen hans under Jore i Valle vart kalla Halte-Jørundstuptin. Birgit og Jørund fekk ei dotter Turid i 1833, men denne jenta døydde alt i 1835, og fleire born vart det ikkje. Birgit døydde i Valle i 1848 (Valle IV, 600 f).

Etterdi ingen ektefødd son av Tarjei Torleivsson hadde livd opp til odelsgut i Der heime, gjekk bruket til eldste dottera. Ho og mannen hennes overtok i 1808:

Torleiv Bjørgulvsson Bjørnarå (f 1819) fotografert i Amerika i 1882. Bakpå biletet står det at det er teke av ein fotograf A.E. Taylor i Clinton, Wisconsin. Her kjem det frå Ånund Flateland via Setesdalsmuseet.
  • Borghild Tarjeisdotter Bjørnarå, f 1787, til stades 1850, dødsår ukj.(Amerika?), sjå nedanfor
g 1. 1806 m Bjørgulv Sveinsson Røysland, f 1780, d 1822. Born:
  • Tarjei, f 1808, g 1831 Anne Drengsdtr. Lunden, f 1809, sjå nedanfor
  • Svein, f 1811, g 1841 m Jorunn Tarjeisdtr. Uppstad, busett Røysland, sjå Valle VI, 485f
  • Dreng, f 1815, d 1815
  • Dreng, f 1816, d 1891 g 1844 m Anne Olsdtr. Nomeland, busett m.a. Åknes i Åseral, sjå Valle V, 90 og VI, 487
  • Torleiv, f 1819, g 1844 m Ingebjørg Gjermundsdtr. Løyland, til Amerika 1844, sjå nedanfor, jfr. Valle VI, 90
g 2. 1835 m em Gjermund Gunsteinsson Stavenes, f 1770, d 1858, ikkje born.

Bjørgulv Sveinsson kom frå Sygard Røysland, bnr 1. Foreldra hans var Svein Drengsson Røysland og kona, Targjerd Ånundsdotter, fødd Åmli. Gjermund Gunsteinsson var fødd i Nordstog Stavenes. Foreldra hans var Gunstein Såvesson Stavenes og kona, Gunvor Gjermundsdotter, fødd Byklum.

Då Gjermund gifte seg med Borghild Bjørnarå, sat han enkemann i Nordstog Stavenes. Margit Tallaksdotter, fyrste kona hans, hadde døytt i 1827. Ved giftemålet i 1835 vart det tinglyst at han sidan skulle ha heimel til bruket her saman med Borghild. Tre år seinare, i 1838, sette dei to ektefolka saman bort bruken av halve eigedomen (4 1/2 kalveskinn) til Tarjei Bjørgulvsson, eldste son åt Borghild. Den årlege leiga vart sett til V «1/4 af det avlede korn, samt fodring af 1 ko og 6 smaakreaturer, samt noget gjødsel». På dette viset gjekk det då med sambruk inntil 1850, då Tarjei fekk skøyte på heile bruket for 215 spd og foddog til mora.

Gjermund fekk ikkje foddog av Bjørnarå, endå han normalt skulle hatt krav på det, og etter familietradisjonen kosta det mykje overtaling å få han til å avstå frå å gå til rettssak om dette. På denne bakgrunnen, og avdi dødsfallet åt Borghild ikkje er å finne i kyrkjeboka, har Aasmund Tveiten ymta om at ekteskapet hennes med Gjermund kan ha gått i oppløysing (Tveiten 2002, kap. 5, 37). Dette virkar truleg nok, ettersom ho ikkje budde i Bykle eller Valle då ho døydde, og då heller ikkje godt kan ha budd ilag med Gjermund. Om ho tok ut til sonen Torleiv i Amerika, slik Tveiten er inne på (s.st.) er uråd å stadfeste, men i så fall må ho ha døytt fyre 1860, ettersom ho ikkje er med den amerikanske folketeljinga frå det året.

Men Torleiv Bjørgulvsson, som emigrerte i 1844, let seg finne att i Amerika. I den amerikanske folketeljinga frå 1850 er namnet hans skrive som «Tolef Biergasen». Han hadde ein farm i Manchester Township, Boone County, Illinois, og er notert som busett på denne staden i alle folketeljingane f.o.m. 1850 t.o.m. 1880. Ingebjørg, fyrste kona åt Torleiv, er derimot ikkje å sjå i 1850-teljinga, så ho var truleg død fyre denne vart oppteke. Men to små søner, som heitte Bjørgulv og Gjermund, og var 6 og 3 år gamle, var til stades.

I 1851 gifte Torleiv seg omatt med enka Birgit Eivindsdotter Brokke. Ho var dotter åt Eivind Knutsson Sandnes og andre kona, Liv Grundesdotter, fødd Langeid. Då ho gifte seg med Torleiv, var ho enke etter Knut Augundsson Brokke (H), fødd 1814. Ho og Knut hadde emigrert i 1845, og hadde då borna Augund, f 1838; Eivind, f 1840; Sigrid, f 1841 og Liv, f 1844 (jfr. Valle II, 364). I Amerika fekk dei William i 1846, Jon i 1848 og Eliza i 1849. Men så døydde Knut same året som den yngste dottera vart fødd, eller kanskje året etter. I den amerikanske folketeljinga frå 1860 ser me at Eivind, Sigrid, William, Jon og Eliza budde hjå mora og den nye mannen hennes. Torleiv og Birgit hadde på denne tid også borna Ingebjørg (Emma), f 1852 og Knut, f 1854. I 1861 fekk dei også ei dotter som heitte Birgit (Betsy), men henne oppdagar me sjølvsagt ikkje fyrr i teljinga frå 1870. Dei to sønene åt Torleiv frå det fyrste ekteskapet, som skulle vore 16 og 13 år i 1860, var ikkje hjå faren då, så ein lyt vel fæle at dei hadde døytt. I 1870-teljinga finn me elles at dei andre borna som var heime då var Eivind, Emma og Knut. Etternamnet vert denne venda notert som «Burgason». I 1880 hadde Torleiv vorte enkemann på nytt, ser me. Nå vert han oppskriven med etternamnet «Burguefson». Den yngste dottera, Birgit frå 1861, var då den einaste av borna som budde heime, men systera Emma var gift med ein Thomas Anderson, budde på farmen ved sidan av Torleiv sin, og hadde på på denne tid 4 born (Charles, William, Bert og Etta.) Knut Torleivsson arbeidde hjå systera og mannen hennes, og budde hjå dei. I 1900 finn me Thomas og Emma att på ein farm i Mount Pleasant Township, Racine County, Wisconsin. Syskena hennes veit me ikkje kvar var på den tida.

På dette punktet slepper me denne amerikanske ættgreina av syne, og vender attende til Bjørnarå, til den eldste av brørne åt Torleiv. Som me var inne på ovanfor, overtok han farsgarden i 1850.

  • Tarjei Bjørgulvsson Bjørnarå, f 1808, d 1866
g 1831 Anne Drengsdtr. Lunden, f 1809, d 1880. Born:
  • Hæge, f 1832, g 1863 m Torgrim Torsson Homme, sjå Valle V, 519
  • Targjerd, f 1835, g 1870 m Ånund Taraldsson Homme, sjå Valle V, 509;VI 148f
  • Bjørgulv, f 1837 g 1862 m Kristi Torgimsdtr. Flateland, sjå nedanfor
  • Dreng, f 1839 g 1863 m Tore Pålsdotter Steinsland, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1842, g 1865 m Ånund Tarjeisson Nomeland, jfr. Valle III, 643, 1903 busett Langeid Township, Starbuck County, Minnesota
  • Borghild, f 1848, g 1. 1874 m Knut Hallvardsson Hisdal, g 2. 1880 m Olav Olsson Åmli, til Amerika 1894, sjå Hisdal, jfr. Valle VI, 144; III 454
  • Kjetil, f 1851, g 1871 m Gyro Hallvardsdtr. Homme, f 1854, til Amerika 1882, g 2. m e Birgit Folkesdotter Røysland (Flateland), sjå nedanfor
  • Arne, f 1855 g 1877 m Tone Tarjeisdtr. Bakken, f 1855, til Amerika(?), sjå nedanfor

Anne Drengsdotter kom frå Lunden i Valle, bnr 6. Foreldra hennes var Dreng Torsson på det bruket og kona, Gyro Olsdotter, fødd Røysland.

Alle borna åt Tarjei og Anne vart fødde i Bjørnarå, så dei budde og bruka altså her lenge fyre Tarjei fekk tinglyst nokon bruks- eller eigedomsrett. Dei må ha hatt gode evner, desse folka, for nesten heile barneflokken fekk karakteren «kundskab og flid meget god» til konfirmasjonen, og både Targjerd og Borghild var nr 1 på kyrkjegolvet.

Rike-Ånund Pålsson i Utistog Stavenes fekk i 1805 hand om ein part på 1 ½ kalveskinn i Der heime. I tida som fylgjer gjev likevel skattelister og panteregister inntrykk av at odelsætta åtte heile bruket, men Pålsætta i Stavenes tykkjest trass i dette å ha halde fast på den omtala parten. I motsett fall vert det ugreitt å forklare at Tarjei Bjørgulvsson i 1854 fekk tinglyst at han hadde bunde seg til å yte foddog til Arne Ånundsson Stavenes. Arne var fødd i 1803, og såleis berre vel 50 år i 1854, men foddogsmann i Bjørnarå vart han verande til han døydde i 1871. Forklaringa lyt vel vera at han har ervt gardparten etter bestefaren, og bytt denne bort mot foddoget.

I 1865 sat Tarjei og Anne med hest, 9 storfe, 29 sauer og 7 geiter. Det sette 3 1/2 tunner jordeple og sådde 4 tunner bygg.

Året etter at desse oppgåvene vart nedskrivne døydde Tarjei, og på skiftet etter han vart bruket overdrege til Bjørgulv, eldste sonen. Me kjem attende til han nedanfor, men fyrst høver det å taka med det me kan finne ut om brørne hans, for dei kom alle til å bu i Bjørnarå fyrste tida dei var gifte, fekk born her, og nytta sidan bjørnarånamnet. Me tek den yngste av brørne fyrst:

  • Arne Tarjeisson Bjørnarå, f 1855, til stades i Valle 1880, seinare lagnad ukj. (Amerika?)
g 1877 m Tone Tarjeisdtr. Bakken, f 1855, n 1880. Born, iallfall:
  • Tarjei, f 1877
  • Anne, f 1880

Tone Tarjeisdotter var frå Bakken, bnr 9 under Lunden, og dotter åt Tarjei Hallvardsson Oddeskar og kona, Gyro Tarjeisdotter, fødd Sandnes. I Vallesoga (VI, 452), der ekteskapet åt Tone og Arne i 1877 ikkje vert registrert, vert det berre oppgjeve at ein ikkje veit kvar det vart av henne etter 1875. Her kjem me då eit par små stig lenger, for då Tone og Arne døypte Tarjei i 1877 var dei hjå bror hans i Bjørnarå, og då dei døypte Anne i 1880, budde dei i Fodtveit, Lunden, bnr 3. Men etter dette har me ikkje sett noko til dei i Bykle eller Valle. Einast kan me slå fast at dei ikkje var i Noreg i 1900.

Skal me då våge oss på ei gjeting om at dei har fare til Amerika? Det virkar iallfall ikkje urimeleg at Arne og huslyden hans kan ha slege fylgje med broren, Kjetil, og folket hans, då dei reiste i 1882. Eit moment til, som kan styrke tanken om at dei kanskje emigrerte, er at det er kjent at Gyro Tarjeisdotter, mor av Tone, også gjorde det. Dette var i 1895, og ho var då ei enke på kring 50 år, som hadde budd i Valle heile sitt liv. Jamvel om ho hadde ein tilkomande ektemann (Tallak Ulvsson Brokka) ventande på seg i Minnesota, måtte det vera lettare å reise om ho også hadde ei dotter «over there».

Men det har ikkje lukkast å finne att Gyro, eller Tone og Arne, i USA i 1900, så om dei ikkje var døde då, er det mogeleg at dei budde i Kanada. Meir har me ikkje om dei, og kan då gå over til den neste broren i rekkja.

Kjetil Tarjeisson gifte seg i 1871, og tykkjest liksom Arne ha vore busete i Der heime hjå Bjørgulv eit par år etter giftarmålet. Men i 1874 eller 1875 flutte han med kone og born til ein plass kalla Røysi under Nistog Hommelunden, bnr 2. Her var han då nokre år husmann, og sat i 1875 med hest og 2 kyr. Men ved sidan av plassdrifta dreiv han au handel i Tårstog, og ettersom han berre er oppførd som landhandlar i folketeljinga frå 1875, har nok det vore hovudyrket.

  • Kjetil Tarjeisson Bjørnarå, f 1851, til Amerika 1882, d etter 1910, fyre 1920
  • g 1. 1871 m Gyro Hallvardsdtr. Homme, f 1854, d etter 1891, fyre 1899. Born, iallfall:
  • Hallvard, f 1871, farmar, g 1900 m Emma (Ingebjørg) Danielson, f 1877, d 1920, 1900 busett Nelson County, Nord-Dakota, 1920 Star Township, Pennington County, Minnesota, born, iallfall:
  • Birgit, f 1905, g m Albert Sundsdahl, busett Goodridge, Minnesota
  • Helga, f 1907, g m John Larson, busett Aneta, Nord-Dakota
  • Tilla, f 1910, g m Lewis Taube, busett Salt Lake City, Utah
  • Rosie, f 1913, g m Adolph Jacobson, busett Kloten, Nord-Dakota
  • Kjetil, f 1917; Floyd, busett Tacoma, Washington
  • Alvin, busett Seattle, Washington
  • Anne, f 1874, d 1876
  • Anne, f 1877, seinare lagnad ukj.
  • Tarjei (Thomas), f Nord-Dakota, 1883, seinare lagnad ukj.
  • Anne, f Nord-Dakota 1891, seinare lagnad ukj.
g 2. 1899 m e Birgit F. Danielson (Flateland) f 1846, sjå nedanfor, ikkje kjende born

Gyro Hallvardsdotter var frå Tårstog, Hommelunden, bnr 3 og dotter åt Hallvard Taraldsson Homme og kona, Ingebjørg Drengsdotter, fødd Lunden. Gyro og Kjetil var syskenborn, ettersom Anne Drengsdotter, mor åt Kjetil, var syster til Ingebjørg, mor til Gyro.

I 1876 og 1877 måtte Kjetil punge ut med bøter for ulovleg brennevinssal, tre vender var han då for retten for denne synda. I 1877 vart han også dregen for retten i ei sivilsak. Det var Halvard Torjusson Åmli som stemnde han for ei gjeld på 400 kr for ei hoppe. Kjetil vedgjekk at han hadde kaupt hoppa av Halvard, men meinte han måtte få eit monaleg avslag på prisen, ettersom denne hesten var sky og løpsk og vanskeleg, og hadde det med å slite seg frå tjor og reiskap og taka ut. Retten gav Kjetil medhald, og avgjorde at han kunne velje om han ville ha hoppa til halv pris, eller betale henne etter takst.

Året etter var Kjetil for retten att, men nå var det han som stemnde: Saksøkte var Ingebjørg Tarjeisdotter Tveiten, som sumaren fyre hadde late ein arbeidskar som heitte Kjetil Tarjeisson Rygnestad taka varer på borg i Tårstogbui i sitt namn. Til Ingebjørg hadde denne sidan gjeve opp at han hadde henta langt mindre varekvanta enn det seljaren hadde notert, og ho hadde i neste omgang gjort opp i samsvar med det kauparen hadde sagt til henne. Nå kravde Kjetil betaling for alt det han hadde levert ut, noko sorenskrivaren gav han medhald i, rett nok med det atterhaldet at dersom Kjetil Rygnestad eller kona hans ville møte i retten og sverje på at dei ikkje hadde fått meir enn det Ingebjørg hadde betala for, så skulle ho sleppe. Nokon slik eid vart likevel aldri svoren, så saksøkjaren fekk nok pengane sine.

Det kan det vel vera meir uvisst om han gjorde i den neste gjeldssaka han hadde for retten, jamvel om han også då fekk medhald. Kjetil hadde i 1878 kaupt året avlinga av bnr 3 i Jore i Valle for kr 440, og betala 216 kr av dette i kontante pengar. Men våren 1879 gjekk avlinga av garden på tvangsauksjon for gjeld til kreditorane i dødsbuet av Lavrants Danielsson Jore. Dermed gjekk Kjetil glipp av det han hadde kaupt, og difor kravde han våren 1881 pengane sine attende av Jorunn, enka etter Daniel Lavrantsson. Som sagt ovanfor fekk han medhald i retten, men om det var noko å hente hjå Jorunn i Jore er nok meir tvilsamt.

Om det var problem med å få inn det han hadde til gode, som fekk Kjetil til å gjeva opp handelen i Tårstog, skal vera usagt. Men iallfall ser ein at han i 1882 tok med seg huslyden sin og emigrerte til Amerika. I 1900 budde han i Belmont Township, Traill County, Nord-Dakota. Han hadde då blitt enkemann, og gift seg oppatt. Den nye kona hans, som han gifte seg med i Grand Forks i Nord-Dakota i 1899, var Birgit Folkesdotter, fødd i Valle i 1846, ei dotter åt Folke Hallvardsson Flateland og kona, Torbjørg Olsdotter, fødd Lien (jfr. Valle VI, 180). Då ho gifte seg me Kjetil var ho enke etter «Frank Danielson», som i Valle heitte Folke Danielsson Oddeskar, og var fødd i 1845. Om han melder Vallesoga (VI, 66) «lagnad ukj.» (jfr. Valle VI, 66). Men i 1885 finn me han og Birgit med 5 born (Aamund, 13; Tilda, 11; Ingebjørg, 9; Emma, 8; Ola, 3) i Traill County, Nord-Dakota, og Folke har då døytt ein gong i åra mellom 1885 og 1899. Året etter at Kjetil Bjørnarå gifte seg med Birgit, gifte Hallvard Kjetilsson seg med Emma, dotter hennes, som var fødd i Nord-Dakota i 1877.

Den neste av brørne var Dreng. Han gifte seg i 1863. Den eldste av sønene tykkjest vera døypt herifrå, men i folketeljinga frå 1865 er Dreng og huslyden hans registrerte som bruksfolk i Brokka. Då Anne, Pål og Birgit vart døypte, vart faren framleis oppskriven som bruksmann, men innan Bjørgulv vart døypt i 1878 hadde han skift status til landhandlar. Fyrst handla han visst eit bil i Kyrvestad, men i 1879 fekk han kaupe seg ein part av Viki (bnr 5), og sidan dreiv han handelen sin derifrå, og han og huslyden budde der. Etter det som vert opplyst i Vallesoga (V, 258), var han aktiv som handelsmann til 1915. Vidare var han frå 1891 også hotellvert («Vallarheim»). Attåt alt anna var han også bonde.

Dreng Tarjeisson Bjørnarå og kona, Tore Pålsdotter, fødd Lunden. Foto frå Setesdalsmuseet.
  • Dreng Tarjeisson Bjørnarå, f 1839, d 1921
g 1863 m Tore Pålsdotter Steinsland, f 1833, d 1899. Born:
  • Torgeir, f 1864, d 1951, g ca 1889 m Aase Helene Landaas, Iveland, sjå nedanfor
  • Anne, f 1867, d 1918 ug
  • Pål, f 1868, jordbr.arb., til Amerika 28.5.1886, d 1912, Langheid Township, Pope County, Minnesota, ug, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1867, g 1902 m Olav Eivindsson Risdal, busett Kallhovd, Kristiansand
  • Olav, f 1875, d 1897, ug, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1878, d 1942, g 1900 m Ingebjørg Sigurdsdtr. Brokka, f 1878, til Amerika, 1901, sjå nedanfor

Foreldra åt Tore var Pål Gunnarsson og kona, Birgit Jonsdotter, fødd Kyrvestad. Dei budde på bnr 3 i Steinsland i Valle.

Den eldste og den yngste av sønene vart i si tid nokså kjende menn, medan dei to mellomste vart ihelslegne. Me tek dei fyre oss i tur og orden, og byrjar med den eldste:

Torgeir D. Bjørnarå (1864-1951) og familien hans.Frå venstre: Tora (1893 -1972), mor Aase Helene, fødd Landaas (1863-1954), Ragnar (1895-1986), Borghild (1901-1990), far Torgeir, Solveig (1903-1977) og Dagny (1894-1973). Me ser at Dagny har duskeluve på seg, noko me tek til å tyde at ho har teke artium den våren biletet vart teke. Om me seier at ho var 18 år, lyt det då vera frå sumaren 1912 eller 1913. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
g 1892 m Aase Helene Landaas, Iveland, f 1863, d 1954. Born:
  • Tora, f 1893, d 1972, lærar, g m Johannes Nesse, busett Oslo, 3 born
  • Dagny, f 1894, d 1973, journalist, frå 1922 redaktør i Norske Kvinder, g 1. m Øyvind Hogstad, g 2. m Nils Øveraas, Vestnes, busett Oslo, ikkje born
  • Ragnar, f 1895, d 1986, journalist, red.sekr. Aftenposten, g m Ingvarda Løchen, Askim, busett Oslo, 1 barn
  • Einar, f 1897, d liten
  • Borghild, f 1901, d 1990, lærar, g m Ragnvald Bonde Tørris, busett Oslo, ikkje born
  • Solveig, f 1903, d 1977, lærar, g m Sverre Fosse, busett Alversund, Hordaland, 1 barn

Foreldra åt Aase Helene Bjørnarå var frå Evje, og heitte Ole Nottosen og Ingebjørg Såvesdotter. Dei budde i 1865 på Søndre Landsverk i Evje. Seinare flutte dei eit stykke søretter til Landås, som nå ligg i Iveland, men fyrr høyrde til Evje. Dottera vart oppskrive med etternamnet Landaas, då ho og Torgeir gifte seg i Kristiansand i 1889.

Torgeir var lærar, journalist og forfattar. Han gjekk amtsskulen i Åmli i 1879-80, og hadde der Jørgen Løvland til lærar. Sidan gjekk han ved seminaret i Kristiansand, og tok eksamen der i 1883. Det neste skuleåret var han lærar i Hylestad, og deretter privatlærar hjå stortingsmann, seinare statsråd, Lars Liestøl i 2 år. I åra 1890 til 1893 budde han i Kristiansand, og derifrå gav han i desse åra ut den originale kommentaravisa Sæbyggjen, og dertil ei stund også eit meir fagprega bondeblad som heitte Søndenfjeldske Landbotidende. Hausten 1893 flutte han til Seljord for å vera lærar ved lærarseminaret i den bygda, der Viggo Ullmann var styrar. Han prøva ei stund å halde fram med utgjevinga av Sæbyggjen frå Seljord, men etter nokre få utgåver laut bladet gå inn. Den tida det hadde kome ut hadde det i alle høve gjeve redaktøren ry som ein av dei mest radikale - mange meinte rabulistiske - politiske skribentane i samtida. (Det var vel difor Ullmann lika han så godt, han hadde sjølv meir enn ei reim av den huda.) Sidan var Torgeir i periodevis m.a. bladstyrar i Fedraheimen og Arbeideren, og meir og mindre fast skribent ma. i Socialdemokraten, Arbeiderbladet, Den 17. Mai og Gula Tidend. Vidare var han fast leverandør av artiklar om tekniske og naturvitskaplege emne til For Bygd og By og Syn og Segn.

Mest kjend er han likevel for dyresogene sine, som han skreiv ei av i veka for Norsk Barneblad i 23 år (1912-35). Desse vart sidan samla i bøker, i alt kom det ut 10 band. I yrkeslivet elles var han som nemnt lærar. Han var ved seminaret i Seljord 1894-99, ved middelskulen i Askim 1899-1909, adjunkt og seinare overlærar på Stord Lærarskule 1909-29. Medan han var lærar i Askim var han formann i De høiere skolers landslærerforening, og representerte samstundes Arbeidarpartiet i Askim heradsstyre. Då han gjekk av med pensjon i 1929, flutte han til Asker, der han kaupte seg gard, og m.a. braut opp 30-40 mål jord. Han døydde i ein brann på garden sin i 1951 (jfr. Norsk Allkunnebok, 2, 188; Valle IV, 151, 278 ff, 288).

Pål Drengsson, den neste broren i rekkja, emigrerte i 1886. I 1910 finn me han som ugift jordbruksarbeidar i Irving Township, Ramsey County, Nord-Dakota, men sidan flutte han til Starbuck, Minnesota. På den sistnemnde staden budde han, framleis ugift, då han den 6. april 1912 døydde som fylgje av slagsmålsskadar. Det var einkvan han vore i ote med, som slo han i hovudet med eit økseskaft, fortel soneson åt broren Bjørgulv.

Olav Drengsson vart drepen i eit brudlaup i Rike i 1897. Det var Hallvard Olsson Harstad, ein son åt Olav Gunnarsson Harstad, som på denne tid var brukar i Bjørnarå Der Aust, som slo han i hel. Etter det som vart fortalt om denne hendinga i Fæ'vennen like etterpå, gjekk det til som fylgjer:

Sitat Som Dansen nu gik paa det bedste, og Olav Bjørnaraa, der sad paa Bænkekanten, skulde frem til en Dans, fik han et voldsomt Slag i Hodet med en Steen af Halvor Harstad, saa han seg i ulvet med een Gang, hvorpaa Voldsmanden yderligere gav han flere Spænd med Hæljærnene. [...]

Drabet skulde [...] altsaa være foregaaet ved et ligefremt Overfald uden Foranledning fra Afdødes Side, og maatte vel da, naar man gaar ud fra, at det ikke er overlagt, ha sit Motiv i den Vildskab, der søger den første og bedste Gjenstand for sin Voldstrang.

Sitat

Denne saka er ikkje omtala i Vallesoga. Derimot opplyser ho at drapsmannen reiste til Amerika i 1903 (Valle III, 279 f, jfr I, 164).

Nestemann til handsaming er yngstebroren i rekkja. Fyrst er det det å fortelje at han hadde lærareksamen frå 1898, og var utdanna ved Viggo Ullmanns seminar i Seljord (jfr. Aanund Olsnes: «Lærarutdaning i 'Frisindets' teneste», i Lærerutdanning i Telemark gjennom 250 år, Notodden 1988). Der hadde han då broren, Torgeir, som ein av lærarane sine.

Bjørgulv og Ingebjørg Bjørnarå då dei gifte seg i 1900. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Dette skal vera Bjørgulv Drengsson og kona, Ingebjørg Sigurdsdotter, fotograferte i Amerika omlag 20 år etter emigrasjonen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
g 1900 m Ingebjørg Sigurdsdotter Brokke, f 1879, d 1966. Born:
  • Tore, f 1901, d 1902
  • Dreng, f 1903, d 1987, journalist, sidan off.adm., sist informasjonsdirektør, busett St. Paul, Minnesota, g m Elfrida Knutson, f 1898, d 1961, 1 barn, g 2 1962 m e Elizabeth G. Hobe
  • Olav, f 1905, farmar, Hickory Township, Minnesota, ug, d 1960
  • Selma, f 1907, lærar, g m Eric Johnson (svensk), busett Trail, Minnesota, 1 barn
  • Torvald, f 1909, d 1960, farmar, sidan byggmeister, sist busett Oklee, Minnesota, g m Geline Alvhilde Stålesdtr. Tveiten (etternamn frå Høydalsmo), f 1918, d 2001, 2 born
  • Einar, f 1911, farmar, spelemann, Hickory Township, Pennington, Minnesota, ug, d 1972
  • Tora, f 1913, kosmetolog, Trail, Minnesota, ug, d 1936, bilulukke
  • Borghild, f 1916, d 1987, deltok i 2. verdskrigen, seinare postfunksjonær, g m Fred Lublow, busett El Cajon, California, ikkje born
  • Sigurd, f 1919, d 2005, deltok i Koreakrigen, arbeidde seinare i bygningsbransjen, g 1949 m Denver Arnold, busett Eureka, California, 2 born
  • Anna, f 1921, d 1935
  • Solveig, f 1923, sekretær, liver våren 2005, g m William Costa, busett Victorville, California, 3 born

Opplysningane ovanfor om borna åt Bjørgulv i Amerika kjem frå sonesonen Bob Bjornaraa (f 1938) i Apple Valley, Minnesota, som er son åt Thorvald Bjørgulvsson.

Bjørgulv hadde au dottera Birgit, fødd 1900. Mor hennes heitte Gyro, og var dotter av Olav Knutsson Bø og kona, Birgit Håvardsdotter, fødd Viki, som budde i Innistog Viki. Birgit Bjørgulvsdotter vaks opp hjå farsystera Hæge Tarjeisdotter og Torgrim Torsson Homme, mannen hennes, i Hommelunden, bnr 6. I 1916 gifte ho seg med Bjørgulv Torsson Homme og budde med han i Gråmannshus. (jfr. Valle IV 288; V 50f, 448ff, 462, 520).

Ingebjørg, som Bjørgulv gifte seg med i 1900, og tok ut til Amerika med i 1903, var dotter åt Sigurd Tarjeisson Berg og kona, Targjerd Taraldsdotter, fødd Brokke. Bjørgulv og Sigrid budde i Minnesota. Dei fyrste åra der arbeidde Bjørgulv som lærar i Starbuck, Pennington County, nær byen Glenwood. I 1912 fekk han seg eit homestead i Langeid Township, Pope County, nær byen Thief River Falls, og huslyden budde sidan der. Etter dette heldt han fram som lærar nokre år, men dreiv også farmen sin. I samband med flytjinga til Langeid var dei utsette for eit alvorleg uhell, ettersom flytjelasset med omlag alt det dei åtte gjekk med i ein brann. Det var Sigrid og borna som laut stå for det meste av gardsarbeidet, ettersom Bjørgulv nytta mykje av den svære arbeidskrafta si som organisasjonsmann, skribent og folketalar. Dertil spela han hardingfele. I lokalmiljøet i Minnesota gjorde han lenge teneste som byskrivar (town clerk) og protokollførar for skulestyret. Vidare var han aktiv som skribent i lokalavisene (t. d. Starbuck Times, Glenwood Herald, Thief River Falls Times), der han gjennom åra hadde mengder av dikt og artiklar, sameleis i ei rekkje norskamerikanske publikasjonar (t.d. Nordmanden og Decorah Posten. Han tok også initiativet til, og fungerte som formann i, ei rekkje ungdomslag, skyttarlag og idrottslag.

Men det var i det norske organisasjonslivet i Midtvesten han la ned den største innsatsen. I 1909 tok han initiativet til skipinga av det amerikanske Setesdalslaget, og var sidan formann der i 32 år. I 1916 var han med og skipa «Norwegian-American Bygdelagenes Fellesraad», ein samskipnad for alle dei omlag 50 norske bygdelaga i Amerika, og sat sidan i styret der i alle år. Då han døydde var han formann i det laget. Han var også ein av grunnleggjarane av Sons of Norway i Minnesota, og var mykje etterspurd som talar ved norskamerikanske stemne og samkomer av alle slag. Dei reknar med at han gjennom åra kom til å vitje alle dei 50 bygdelagssamskipnadene med taler, dikt og felespel. Vidare var han spelemann og kappleiksdomar, og i 1914 fekk han skipa The Hardanger Violinist Association of America. Målsetjinga hans var heile tida at norsk kultur skulle dyrkast og vyrdslast i det nye landet, og det var knapt nokon som gjorde ein større innsats for dette fyremålet. Han arbeidde også for at dei norske i USA skulle halde kontakt med gamlelandet. I 1930 leidde han ei gruppe på bortimot 1000 norskamerikanarar på ei reise til Noreg i høve 900-årsjubileet for slaget på Stiklestad. Den sommaren var han også på talarferd kringom i Noreg, og heldt då fyredrag på 35 stader. Det amerikanske setesdalslaget finst framleis, og har vore i samanhengjande drift sidan starten, det same gjeld den nasjonale bygdelagssamskipnaden. Det amerikanske landslaget for spilemenn gjekk i oppløysing då Bjørgulv døydde, men vart teke oppatt fyrst på 1980-talet. I gravferda til Bjørgulv i 1942 møtte det opp over 2500 menneske.

Dermed er me ferdige med drengssønene, og borna deira, og kan då gripe attende til den eldste av brørne åt Dreng, han som fekk garden etter faren i 1853. Prisen då vart forresten sett til 750 speciedalar.

Bjørgulv T. Bjørnarå med andre kona, Jorunn O., f Haugen. Borna er Kristi (1896-1912) og Torgeir (1899-1941). Bilete frå 1900 eller 1901. Frå Ingebjørg Vegestog.
  • Bjørgulv Tarjeisson Bjørnarå, f 1837, d 1905
g 1. 1862 m Kristi Torgrimsdtr. Flateland, f 1841, d 1886. Born:
  • Tarjei, f 1864, d 1864
  • Anne f 1867, g 1887 m em Olav Pålsson Kjelleberg, sjå Valle IV, 561
  • Ingebjørg, f 1871, d 1891, tæring, ug
  • Gyro, f 1874, g 1895 m Torgrim Halvorsson Homme, sjå Valle V, 360
  • Tore, f 1878, d 1878
  • dødfødd gut, 1879
  • Tarjei, f 1880, d 1880
g 2. 1896 m Jorunn Olsdtr. Haugen, f 1869, d 1926. Born:
  • Kristi, f 1896, d 1912, tæring
  • Tarjei, f 1899, sjå nedanfor
  • Olav f.1901, d 1944 i Kanada

Kristi, fyrste kona åt Bjørgulv Tarjeisson, kom frå Flateland, bnr 10, og var dotter åt Torgrim Ånundsson og kona, Ingebjørg Hallvardsdotter, fødd Åmli. Kone nr 2, Jorunn Olsdotter, kom frå bnr 4-5 Oppundhaug Steinsland i Valle. Foreldra hennes var Olav Torleivsson Holum og kona, Birgit Torgrimsdotter, fødd Haugen.

Som enke gifte Jorunn seg i 1910 omatt med Hallvard Knutsson Skarberg, og budde med han på bureisingsbruket Nordigard Myro, som dei fekk utskilt frå garden her. Den verestaden kjem me til litt lenger ut.

Med tanke på å unngå plunder med lensmannen var det betre om handelsmannen tok heim varene frå samlaget i byen på flaske eller krukke enn på kagge. Dette fall sjølvsagt dyrare, så kaggane var meir nytta, men det vart då også henta ei og anna butelje og krukke, som denne 1800-tals geneverkrukka frå Henriksen-samlinga (reg.nr MOR 0276) viser. Setesdalsmuseet skaffa biletet.

I folketeljinga frå 1875 er Bjørgulv Tarjeisson oppførd som bonde og landhandlar i Bjørnarå. Året fyre hadde han vorte bøtelagd to vender for ulovleg brennevinshandel. Slike problem kom svært mange landhandlarar uti på denne tid, som fyrr fortalt også den yngre broren, så det er langt ifrå noko særsyn. Lova var då også noko snodig: Dersom spleiselaget som skulle ha spriten, hadde teke med seg kaggen og dela godsakene heime, hadde handelen vore lovleg, men når delinga fann stad i kråmbua, vart det lovbrot av det.

Bjørgulv dreiv som landhandlar og bonde til utpå 1890-talet, men i 1900 var han berre bonde, viser folketeljinga frå det året.

Han døydde i 1905, og to år etter fekk Tarjei, odelsguten og yngstesonen, skifteskøyte på eigedomen. Han skreiv sjølv namnet sitt som Torgeir, så me skal nytte same skrivemåten her.

Me kjem straks til han, men som det går fram av familielista ovanfor, var han berre 6 år då faren døydde, og difor var det nødvendig at her kom brukarar på garden. Me har ikkje full oversikt over kven desse var, men me veit at Knut Ånundsson Skarberg var her frå 1909 eller 1910, og frametter til 1920. Han budde mange stader, og er nemnd i bolkane om Bjørnarå Der aust, Stigamidjom Trydal, Kroné Trydal, Skolås, Bratteland og Brotteli, men hovudomtalen av han og folket hans står i bolken om Skarberg under Bratteland.

Men nå attende til odelsætta på Bjørnarå.

Torgeir B. Bjørnarå (1899-1941) på eit bilete frå omlag 1922. Biletet kjem frå Torgeir B. Bjørnarå (f 1950).
Torgeir B. Bjørnarå (1899-1941) sin familie hans fotografert i 1943, eit par år etter at han var borte: Bak frå venstre.: Dreng (f 1925), Jorunn (f 1928), Olav (f 1922) og Bjørgulv (f 1921). Framme: Gunhild (f 19 8) , Kjetil (f 1933), mor Ingebjørg (1898-1982) med Torgeir (f 1941) på fanget, Torleiv (f 1935) og Knut(f 1931). Biletet kjem frå Torgeir B. Bjørnarå ( f 1950).
  • Torgeir Bjørgulvsson Bjørnarå, f 1899, d 1941
g 1920 m Ingebjørg Olsdtr. Rike, f 1898, d 1992. Born:
  • Bjørgulv, f 1921, g 1949 m Helga Aslaksdtr. Rike, f 1924 (sjå nedanfor)
  • Olav, f 1922, anleggsarb., busett Øvrebø, g 1949 m Liv Sigurdsdtr. Rygnestad, f 1913, born:
  • Torgeir, f 1950
  • Sigmund Inge f 1951
  • Ingebjørg Signe f 1958
  • Karin 1961
  • Torgeir f 1966
  • Wenche f 1968
  • Jorunn, f 1928, gardkone, g 1949 m Dreng Ånundsson Viki, sjå Valle IV, 301
  • Knut, f 1930, i Amerika 15-16 år frå 1956, sidan m.a. verkstadformann, Fiskaa, d 1998 i Kristiansand
  • Kjetil, f 1933, d 1955, ug
  • Torleiv, f 1935, snikkar, Bykle, d 1995, ug
  • Gunhild, f 1938, til Amerika 1956, busett San Francisco, California, g m Albert Bedrocian, born:
  • Albert
  • Diana
  • Anne
  • Torgeir, f 1941, lærar, busett Kristiansand, g m Kari, born:
  • Ingebjørg
  • Marte

Ingebjørg Olsdotter kom frå Ròta, Rike, bnr 3, og var dotter åt Olav Drengsson på det bruket og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Dale.

Torgeir og Ingebjørg dreiv garden til han døydde i 1941. I 1949 overtok eldstesonen:

Helga og Bjørgulv Bjørnarå. Brurebilete 1949, bilete frå Torgeir B. Bjørnarå.
  • Bjørgulv Torgeirsson Bjørnarå, f 1921, d 1972
g 1949 m Helga Aslaksdtr. Rike, f 1924. Born:
  • Torgeir, f 1950 g 1975 m Magnhild Løyning (sjå nedanfor)
  • Aslak, f 1952, tømrar, busett Kristiansand, ug
  • Ingolf, f 1954, elektrikar, busett Kristiansand, g hv, born:
  • Helene f 1983
  • Jannike f 1990
  • Remy, f 1998
  • Torbjørg, f 1958, sj.pl., busett Askøy, g m Karsten Høidal,born:
  • Marita, f 1988
  • Silje, f 1991
  • Ingebjørg, f 1962, blomsterdekoratør, busett Kristiansand, g m Harald Jacobsen, born:
  • Ina, f 1995
  • Peter, f 1998
  • Linn, f 2002

Helga Aslaksdotter kom frå bnr 2 i Rike, Skarpækre. Foreldra hennes heitte Aslak Olsson Rike og Torbjørg Eivindsdotter, fødd Lunden.

Bjørgulv stelte opp det gamle bustadhuset på bruket, ei setesdalsstoge med ei grunnflate på 98 kvadrat. Dette arbeidet var ferdig i 1950. I 1953 sette han opp nytt uthus.

Bjørgulv og kona dreiv gardsbruket til i 1968. Då flutte huslyden til Strai ved Kristiansand, der Bjørgulv døydde i 1972. Eldstesonen overtok garden i 1974, og flutte heimatt i 1978.

Bjørgulv T. Bjørnarå, f 1983, på eit bilete frå 1989, som vart funne i kommunearkivet. Det er teke av Mads Widén, Stockholm.
Helga Birgit Bjørnarå, f 1984, på eit bilete frå 2003. Bilete frå Magnhild Bjørnarå.
  • Torgeir Bjørgulvsson Bjørnarå, f 1950
g 1975 m Magnhild Løyning, f 1952. Born:
  • Bjørgulv, f 1983
  • Helga Birgit, f 1984

Magnhild Bjørnarå kjem frå Steinsland, gnr 3 bnr 17 i Bykle, og er dotter av Olav S. Løyning og kona, Birgit Andresdotter, fødd Bratteland.

Torgeir driv røyrleggjarforretning i Bykle og på Hovden. Magnhild arbeider som sekretær. På fritida lagar ho program for Bykle radio.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der heime (Bykle gnr 18/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der aust • Neste bolk: Myro Der nede