Der nede (Bykle gnr 2/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Der nede
Hovden 3.jpg
Stoga i Hovden Der nede 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Hovden der nede;
Hovden der nor;
Der nor
Fyrst nemnd: 1617
Rydda: truleg 800-talet
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Der nede, Hovden der nede eller Der nor, er gardsnummer 1 blant Hovdengardane i Bykle kommune.

Sitat Rudkallen i Hovden het Lei’uv. Men Hovden var eldre gard enn Breivi; det kann ein sjå av det at Hovden hev næraste heidemarki. Breivingane laut heilt austom Hovde-eigni med sine støylar og slåttor. Sitat

Såleis står det å lesa i Gamalt or Sætesdal (II, 8), og tradisjonen har tvillaust rett i at dette er mykje gamal busetnad. Eldre enn Breive er han nok likevel ikkje, for der kan arkeologane melde om jordbruk så tidleg som frå 500-talet. Men frå Hovden fortel dei om jernvinne attende til 800-talet, og ettersom denne aktiviteten tykkjest ha vore driven på heilårsbasis, skal me altså rekne med fast busetnad frå vikingtida og frametter. Resonnementet om at den garden som hadde dei næraste heiane lyt vera den eldste, fyreset at hei- og fjellstrekningar ikkje kan ha skift eigar i eldre tid, men den fyresetnaden er nok ustø. Eit stykke ut i gardssoga finn me også ein Leidulv, som budde her, men nokon rudkall var den mannen ikkje.

Når dei skulle over fjellet med klyv vinterstid, nytta dei trugar på hestane. Teikninga her gjev inntrykk av at også menneska i millomalderen gjekk på trug, og altså ikkje på ski, men det er usikkert (Teikning frå Olaus Magnus: Historia om de Nordiska Folken, Roma 1555).

Ein gard som heitte Hovden er omtala i eit diplom frå 1351[1], som har vore ein del pågauma i seinare tid. Men ettersom det nå tykkjest vera sannsynleggjort at den garden det er tale om i dette brevet er Hovden i Dypvåg, nåverande Tvedestrand kommune (sjå Reidar Vollen i Setesdølen 19.7.2005), lyt me vel berre slå oss til ro med at vårt Hovden, elles tilliks med dei fleste gardar i Bykle, ikkje er omtala i skriftlege mellomalderkjelder.

Då vert den eldste kjeldeopplysninga me kan finne om garden her ein notis i ei skatteliste frå 1617, der det står at han då låg øyde. Det er rimeleg å taka dette som eit vitnemål om at futen på den tid hadde kjennskap til at her hadde budd folk i eldre tid, men helst hadde her då stått tomt sidan fyre Svartedauden, og endå skulle det taka fleire tiår fyrr her kom folk att. Ingen skattelister frå fyrste halvparten av 1600-åra nemner nokon oppsitjar på Hovden. I 1644 og 1654 var det Knut i Breive som åtte både Hovden og Breive, fortel skattelister frå dei åra, men dei nemner ingen som budde her.

Fyrst i 1659 får me endeleg vita om ein mann som heldt til her: Olav Hovden eig og brukar garden, står det i ei skatteliste frå det året. I 1665 og 1666 var denne Olav-en framleis til stades. I manntalet frå 1665 står det at han var 39 år, og at han hadde ein son som heitte Folke, som var 15. Namna stemmer nok, men aldersoppgåvene tykkjest tvilsame, for i manntalet frå året etter les me at Olav og Folke då hadde dela bruken av garden, og hadde 1/2 geiteskinn (= 1 1/2 kalveskinn) kvar, og at ein 16-åring skulle drive sjølvstendig jordbruk er lite truleg. Manntalet frå 1666 fortel vidare at Folke hadde ein bror som heitte Tarjei, som skal ha vore 11 år det året. I den mon aldersoppgåva for faren hadde vore rett, kunne me vel rekne med at han måtte ha vore fødd kring 1626, men helst vil me tru at han var noko eldre. Iallfall skjønar ein at han må ha vore død fyre 1670, for i jordeboka frå det året står det at dei som då åtte garden var Folke og Tarjei og systrene deira, som heitte Turid og Sigrid. Meir har me ikkje å fortelje om desse folka, og det lisle me veit kan då summerast opp i eit familieoversyn som fylgjer:

Olav, f ca 1626?, d fyre 1670

g m ukj. Born:
  • Folke, f ca 1649?, g m Gunhild Jonsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Tarjei, f ca 1654?, lagnad ukj.
  • Turid, n 1670, lagnad ukj.
  • Sigrid, n 1670, lagnad ukj.

Etter at Olav var død ser ein at sonen Folke overtok garden. Me har omlag ingenting å fortelje om han heller, men iallfall har alle landskattelister frå og med 1673 til og med 1711 Folke som einaste oppsitjar på Hovden. I skoskattelista frå 1711, som var betre à jour enn landskattelista frå det same året, ser me at han hadde fått avløysing av ein ny mann, noko som tyder på at han var død då den fyrstnemnde lista vart sett opp. Me kjem straks til den nye oppsitjaren, men lat oss fyrst setje opp eit oversyn over familien åt Folke:

Folke Olavsson Hovden, f ca 1649(?), d ca 1711

g m Gunhild Jonsdotter Byklum, n 1685. Born, iallfall:
  • Astrid, f ca 1674, d 1753, g 1. m Hallvard, d fyre 1711, g 2 m Knut Torbjørnsson Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Jorunn, g m Olav Torbjørnsson Vatnedalen, sjå Der hite, gnr 6, bnr 4, jfr nedanfor
  • Gunvor, g m Tarjei Hallvardsson Nedgarden, Smørklepp, sjå Vinje og Rauland IV, 393, jfr. nedanfor

Gunhild Jonsdotter var frå Innistog, og dotter åt Jon Åsmundsson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter. Astrid Folkesdotter døydde i 1753. Ho var då enke etter Knut Torbjørnsson, og skal i fylgje kyrkjeboka ha nådd 79 år. Dette koplar me i hop med ei opplysning i eit militærmanntal frå 1718, der det står at det det året var ein heimeverande, 18 år gamal, son som heitte Folke Hallvardsson hjå Knut Torbjørnsson på Hovden. Folke må sjølvsagt ha vore son åt ein Hallvard, og i og med at han som odelsmann også må ha vore ektefødd, fylgjer det at Astrid må ha vore to vender gift, og at Hallvard var fyrste mannen hennes.

Når Knut, som hadde gift seg til garden, vert oppskriven fyrste venda som oppsitjar på Hovden i skoskattelista frå 1711, er det greitt at Hallvard må ha vore død fyre det dokumentet vart skrive. Utover dette kan ein ikkje vita stort meir om han, men ettersom sonen var 18 år i 1718, må foreldra ha vore gifte i 1700. Me kjem attende til sonen om litt, men lat oss fyrst oppsummere det me kan vita om mora og ekteskapa hennes:

Astrid Folkesdotter Hovden, f ca 1674, d 1753

g 1. m Hallvard, d fyre 1711. Born, iallfall:
  • Folke, f ca 1700, g 1725 m Gunvor Sveinsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
g 2. m Knut Torbjørnsson Vatnedalen, f ca 1672, d 1747, ikkje kjende born.

Kvar Hallvard kom frå er på vona, men Knut var frå Vatnedalen, og son åt Torbjørn Knutsson Byklum og andre kona, Margit Knutsdotter. Olav, bror åt Knut, var gift med Jorunn, syster åt Astrid. Desse budde her i mykje av ekteskapet sitt, men i beitevis var dei også i Vatnedalen. Ettersom Olav åtte ein part i Vatnedalen, men ikkje hadde eigedom i Hovden, og då lyt ha vore bruksmann eller busete hjå broren, og sidan hjå son åt brorkona, er hovudomtalen av han plassert i bolken om Vatnedalen Der hite.

I 1725 tok Knut og Astrid foddog, og overdrog garden til odelsmannen:

Folke Hallvardsson Hovden, f ca 1700, d 1772

g 1725 m Gunvor Sveinsdtr. Gjerden, d 1772, inga aldersoppgv., ikkje born

Gunvor var fødd i Ryningen som dotter åt Svein Gunsteinsson og kona hans, som me trur heitte Birgit. Svein og folket hans flutte frå Ryningen til Attistog Gjerden veit me, men det var etter 1725, så når dottera vart oppskrive med etternamn Gjerden då ho gifte seg, må det vel vera avdi ho hadde tent der. Gunvor og Folke var såpass skylde, syskenborn eller tremenningar, at dei måtte løyse kongebrev for å få gifte seg, står det i tingboka, men korleis dette nærare heng i hop veit me ikkje. Sjølvsagt går det an å gjeta på at Hallvard, far åt Folke, kan ha vore frå Tveiti, men det let seg ikkje stadfeste. Gunvor døydde same året som Folke, men ho livde då dei heldt skifte etter han i slutten av mars 1772.

Ettersom det ikkje var livservingar, skulle halve arven gå til skyldfolka hans i Vinje, etterkomarane til ovannemnde Gunvor Folkesdotter og Tarjei Hallvardsson Nedgarden, det var Hallvard Tarjeisson Kili, Olav Tarjeisson Edland, Sissel Tarjeisdotter Romtveit og ervingane etter Lidvord Tarjeisson Nedgarden. Avdi det tilsynelatande var meir gjeld enn eige, avgjorde sorenskrivaren at garden skulle auksjonerast bort for å dekkje så mykje som råd av gjelda. Auksjonen vart halden og Hallvard Olavsson Edland fekk tilslaget for 135 riksdalar, som var 15 dalar meir enn taksten på 40 rd pr skinn. Då skiftet vart endeleg oppgjort, synte det seg at det likevel hadde vore nok eige til å dekkje gjelda, men det ser ikkje ut til at auksjonssalet for den saks skuld vart annullert.

Frå 1772 er ein «Ole Olsen» oppskriven som eigar og brukar på Hovden. Me reknar med at han kan ha kaupt garden hjå Hallvard O. Edland. Men bortsett frå at han er nemnd i nokre skattelister, gjorde denne mannen ingenting me har funne spor etter i kjeldene våre, så me lyt berre føre han opp som ukjend.

Olav Olsson, n 1772, 1776

I 1777 fekk Olav avløysing av Leidulv Knutsson, som kaupte garden hjå han det året. Ettersom han er den einaste Leidulv-en me har sett nemnd på Hovden, kan det kanskje vera han tradisjonen av ein eller annan grunn har oppfatta som rudkallen på garden?

Leidulv var fødd på plassen Homlid under Berge i Åmotsdal, som son åt Knut Torsson Hardang og kona Gro Leidulvsdotter, fødd Rue (jfr. Seljord V, 543).

Leidulv Knutsson Homlid, f 1733, d 1820

g 1764 m Torbjørg Torsteinsdotter Juvland, f ca 1736, d 1817. Born, iallfall:
  • Gro, f 1769, lagnad ukj.
  • Knut, f 1774, g 1796 m Anne Knutsdtr. Årak, busett Treungen i Nissedal

Torbjørg Torsteinsdotter var frå Nordigard JuvlandRauland, dotter åt Torstein Lidvordsson på den garden og kona Aslaug Bjørgulvsdotter, fødd Tvitekkja. Leidulv og Torbjørg budde i Rauland til dei flutte åt Hovden i 1777. Han er nemnd eit par vender i bygdesoga derifrå (Vinje og Rauland III, 357 og IV, 299), men ikkje slik at det er nokon mon i å herme. Etter å ha ått heile garden nokre år, selde Leidulv halvparten av eigedomen til Jon Torbjørnsson Breive. Me veit ikkje tidspunktet for denne handelen, men det må ha vore i andre halvparten av 1780-åra.

Det ser ut til at garden då vart fysisk dela i to bruk, slik at Jon hadde Der sø, medan Leidulv vart buande nokre år til på den halvparten som etter dette heitte Der nor. I 1792 selde han den halvparten han framleis åtte til Vrål Gunsteinsson Berdalen, kaupte att Meinstad i Fyresdal, gnr 28, bnr 1, og flutte dit, men budde der berre eit par år. (Fyresdal Gards- og ættesoge, II, 748ff). Dinest drog han, kona og sonen Knut til ein gard heilt i sørenden av Treungen i Nissedal, som heitte Uvdalen. Denne vert karakterisert som svært einbølt, det har ikkje budd folk der sidan 1910, og i dag er der berre skog. Men tydelegvis tykte Leidulv han hadde hamna i kystnære strok : «No hev eg kome ut til sjøskjeri», hermer dei etter han. Det er stor etterslekt etter Knut Leidulvsson i Treungen, Felle, Gjerstad og Amerika (jfr. Kjell Åsen: Nissedal Gard og Ætt, Treungen sokn, 399).

Vrål Gunsteinsson Berdalen, som kaupte bruket av Leidulv Knutsson, var eigar og oppsitjar her i 5 år. I 1797 flutte han heimatt til Hagen, Berdalen. Ein kan lesa meir om han i artikkelen om det bruket.

I 1797 vart båe dei to bruka selde til den same mannen. I åra som fylgde var det fleire handlar, men fram til 1834 var det ein mann som åtte båe halvpartane av garden, jamvel om det stundom var brukarar på den eine av dei. Kvar eigarane budde, her eller Der sø, kan vera uvisst nok, men ettersom Der nor var hovudbølet, har me valt å plassere dei her.

Kauparen i 1797 var frå Hovden på Møsstrond, og son åt Jon Olavsson Hovden og andre kona Birgit Torsteinsdotter, ho som seinare gifte seg oppatt med Olav Nilsson Husevoll, og budde med han einkvarstad i Breive.

Sigurd Jonsson Hovden (y.?), f ca 1751, dødsår ukj.

g 1788 m Gunhild Torsteinsdtr. Holvik, f 1770, dødsår ukj. Born, iallfall:
  • Birgit, f ca 1793, d Vinje 1820, ug
  • Jon, f ca 1797, konf. Vinje 1814, seinare lagnad ukj.
  • Svanaug, f 1805, seinare lagnad ukj.

Jon O. Hovden på Møsstrond hadde to søner som heitte Sigurd, men sannsynlegvis var det den yngre av dei som var i Bykle. Han gifte seg i 1788 med Gunhild Torsteinsdotter Holvik, som var dotter åt Torstein Sigurdsson Holvik på Møsstrond og kona, Svanaug Trulsdotter, fødd Gausta. Heller ikkje Sigurd og Gunhild skulle verta verande på Hovden. I 1802 selde dei garden til ein kreturhandlar frå Suldal, og flutte sjølve til fjellgarden Gjøsløys aust for Bordalsvatnet i Vinje. Kauparen i 1802 var frå Vetterhus i Suldal, og son åt Tjerand Torsson på bnr 1 i den garden og kona, Valborg Olsdotter, fødd Overskeid.

Tjerand Tjerandsson Vetterhus, f 1764, dødsår ukj.

g 1.1800 m. Marta Torjusdtr. Bratland, f 1772, d 1808. Born:
  • Tjerand f 1802, d 1892, g m Valborg Olsdtr. Overskeid, busett Bratland, Suldal, gnr 63, bnr 4
  • Torjus, f 1803, d liten
  • Gyri, f 1804, dødsår ukj., g 1827 m Åke Mikkelsson Bleskestad, busett Bleskestad, Suldal, gnr 67, bnr 3
  • Valborg, f 1805, d 1830, g 1829 m Olav Larsson Bratland, busett Myrane under Bratland, Suldal, gnr 63, bnr 7
  • Torjus, f 1808, lagnad ukj
g 2. 1819 m e Marta Johannesdtr. Bergjord, f 1778, dødsår ukj., ikkje born .

Marta Torjusdotter var frå Bratland i Suldal, og dotter åt Torjus Olsen Gautun og fyrste kona, Guri Olsdotter. Marta Johannesdotter var enke etter Lars Åkesson Bergjord (e.). Foreldra hennes var Johannes Øysteinsson Bergjord og kona Brita Olsdotter. I dei 4 åra frå 1802 til 1806 var Tjerand for forlikskommisjonen i Bykle 16 vender, stundom avdi han var i pengekrangel, stundom avdi han var vond på folk som hadde skjelt han ut, og stundom avdi han sjølv hadde vore for grov i kjeften. Det var på denne tid ikkje så uvanleg at folk kom slik i ugreie at dei måtte for kommisjonen, men i dei åra Tjerand budde her var han tvillaust den i Bykle som krangla mest.

Ein skulle tru at dei fire eldste av tjerandsborna vart fødde medan foreldra budde i Bykle, men me kan ikkje sjå at andre enn Valborg vart døypt her. Dette kunne få ein til å tenkje at dei hadde drygt med med å flytje hit til 1805, men protokollen frå forlikskommisjonen viser at iallfall faren må ha halde til i Bykle frå 1802. Opplysningane våre om dei andre borna er henta or bygdeboka frå Suldal (Gamle Suldal, 1972, 304, 654 m fl). I alle høve vart Tjerand og huslyden hans berre nokre få år på Hovden. I 1806 selde dei til neste oppsitjar, og flutte sjølve til Veka i Suldal. I 1814 flutte dei vidare til eit anna bruk i same bygda, Sørestadhaugen, gnr 26, bnr 4. Tjerand dreiv det bruket til han i 1827 overlet det til versonen Åke Mikkelsson.

Han som kaupte Hovden av Tjerand Tjerandsson i 1806 heitte Olav. Etter den gamle gards- og ættesoga (198) var det fulle namnet hans Olav Tarjeisson Nedgarden, og han skulle vera frå Smørklepp i Vinje. Dette er gale, jamvel om det i og for seg er rett at han flutte hit frå Nedgarden på Smørklepp. Men Olav Tarjeisson heitte han ikkje, det rette namnet hans var Olav Torjusson, og han var ikkje frå Vinje, men frå Seljord. Foreldra hans var Torjus Andresson Selstad og kona, Ingebjørg Hallvardsdotter, fødd Skori. Desse folka budde på Neire Øvrebø i Åmotsdal (Seljord V, 594, 672). Men nå attende til han som budde her:

Torjusson-rose på gamal skåpdør i Hovden Der nede. Denne døra er truleg det einaste som finst att av Torjusson-måling på Hovden. I kva mon fargane har halde seg uendra er me usikre på, men i andre arbeid me har sett av denne målaren er det nytta monaleg sterkare fargar. Linjeføringa er likevel lett å kjenne att. Hit frå Setesdalsmuseet.
Foto: Leonard Jansen
  • Olav Torjusson Øvrebø, f 1754, d 1828
g 1790 m Signe Gunnarsdotter Nedgarden, f 1766, d 1816. Born, iallfall:
  • Aslak, f 1791, d 1792
  • Aslak f 1793, lagnad ukj.
  • Torbjørn, f 1796, «målarbeistet», fraus i hel i fylla ca 1838
  • Ingebjørg, f 1799, g m Olav O. Fetveit, busett Listøyl under Nedgarden
  • Birgit, f 1803, d 1807

Signe var dotter åt Gunnar Olavsson Nedgarden på Smørklepp, og såleis syster åt Hallvard Gunnarsson, som seinare kom til Bjåen. Olav var truleg den beste, og vel også den mest vidgjetne, av alle bygdekunstnarar frå Telemark i 1700-åra, og iallfall den av dei gamle rosemålarane Øystein Vesaas har mest å fortelje om (Rosemåling i Telemark, I, 1986 utg., 256-280). Vesaas har likevel ikkje vore merksam på at han budde ei tid i Bykle. Alle arbeid som me kan vita heilt sikkert er utførde av Torjussonen er framifrå gode, men det av dei meir kjende som er lettast tilgjengeleg for ålmenta, er stogeinnreidinga frå Djuve i Øyfjell, der han har stått både for snikkering, treskjering og måling. Dette huset står nå på Vest-Telemark museum i Eidsborg, Tokke. Men så kan ein spørje seg kva han skulle i Bykle å gjera, om han ikkje hadde oppdrag her? Kan han ha utført delar av dekorasjonane i Bykle kyrkje?

Heller ikkje Olav Torjusson var verande lenge på Hovden. Alt i 1808 selde han til neste oppsitjar, ein raulending som tidlegare hadde budd på Byrte i fleire år. Torjussonen flutte attende til Smørklepp, og budde sidan lengste tida på ein plass under Nedgarden. Men nå skal me sjå på den nye oppsitjaren:

Olav Jonsson Kråmviki, f 1761, d 1829

g ca 1788 m Ågot Torjusdtr. Gausta, f 1762, dødsår ukj. Born:
  • Birgit f, 1789, g.m. Torjus Gjermundsson Bakkhus, Dale i Tinn
  • Sigrid, f 1791
  • Margit, f 1795
  • Jon, f 1797
  • Guri, f 1801, d. 1801
  • Gunhild, f 1802, d1802
  • Torjus, f 1803
  • Gunne, f 1805, d 1808
  • Liv, f 1807, d 1807
  • Torjus, f 1810

Olav Jonsson var frå Kråmviki i Rauland, og son åt Jon Jonsson på den garden og kona Gyro Trulsdotter, fødd Gausta. Ei syster åt Gyro, som heitte Turid, var gift med Olav Knutsson Såheim, som budde eit bil i Der sø, og difor er nemnd i artikkelen om det bruket.

Elles kan ein lesa meir om desse folka i bolken om Bjones. Ågot Torjusdotter, kona åt Olav Jonsson, var også frå Gausta i Tinn, men tykkjest ikkje ha vore større skyld vermora, ettersom Gyro var frå Nordigard Gausta og Ågot frå Sudigard Gausta (jfr. Tinn-soga II, 571, 579). Olav og familien hans flutte frå Kråmviki til LoftsgardenByrte. Dette må ha vore i byrjinga av 1790-åra, ettersom berre dei to eldste borna var fødde i Rauland (jfr. Mo bygdebok I, 47). Men i 1808 kom dei som nemnt hit.

Borna i denne huslyden har me ikkje funne ut meir om enn det som står i Mosoga. Olav dreiv med driftehandel. Han budde lenger på Hovden enn dei fleste av fyremennene, og sat her heilt til 1827, då han selde garden til Hallvard Ånundsson Vå frå Rauland, og kaupte att Foldøy i Jelsa. På den sistnemnde garden døydde han eit par år seinare (jfr. Vinje og Rauland IV, 300, 435). Neste oppsitjar her vart då Hallvard Vå, ofte omtala som «Våguten», men stundom også som Hallvard Bratsberg etter ein plass han sat på i Vå ei tid. Fyrste tida han var på Hovden budde han nok helst i Der sø, og bruka den halvparten av garden for Olav Jonsson, men då han kaupte heile garden i 1827, flutte han nord. Der sø vart då sett bort til Såve Knutsson. Me veit ikkje nett kva tid Hallvard flutte åt Hovden, men frå då av var her altså atter to brukseiningar, slik det hadde vore fyre 1797.

Hallvard var frå Vå, Setberg, son åt Ånund Sigvaldsson på det bruket og kona, Gunvor Olavsdotter, fødd Edland. Gunvor var syster åt Olav «Blodtapparen», som var far åt Storegut, så det var kjempegrjot i denne ætta, noko ikkje minst Hallvard var eit døme på, slik Rikard Berge fortel (Vinje og Rauland IV, 432 ff):

Sitat Våguten var ikkje mykje stor, heller liten og trek, rund som ein kubbe, kaldleg før. Andlitet heller breidlagt, lokane store og græmande, tumane snudde alltid fram når han

gjekk. Senane låg ikkje som på andre, dei strama tykke som tóg, og låg som dei var tvilagde under hudi. «Eg hev alli sétt noko so fint som når Haddvaar Hovda rekte seg», fortalde ei gamal kone i Sætesdal - Hallvard budde på Hovden i Bykle då - «Dei stripa seg so vent senane i kåvo», sa ho. Bjørnestyrken hans sat i blodet, trudde dei. Det rann varmare enn på andre, han bruka aldri votter um vetteren. Han bar ei jarnstong berrhendes etter Totak i sprakande vetterkulde. Det svolla på båe sidur av hondi hans, men den var like raud og varm [...]

Han gjorde mange varp. Han skulle ein gong hava krøkt armen i hempa på eit skippundslodd, og endå teki eitt til [i neven] og lyft[...]. Eit anna meisterstykke: han tømde 9 kvartel jordeple i eit stort tjeld, sveipte snippane i hop og bar det inn, Då sokk han knedjupt i åkeren [...]

Han handla mykje, Hallvard, det var handel han hadde hug til og det han dreiv mest med. Stuvarbeid var han lite tess til, og dreiv jordvegane heller skralt. Best lika han fara med hestehandel og buhandel, liggje med drift i fjøllet, draga til by med slagtenaut um hausten, med skinn og smør og villvare um vetteren. På desse ferdene fekk folk finne Våguten; han fekk snart ord for den magtigaste karen i fjøllstoga, og var han ikkje sterkare enn systkinbarnet sitt - Storeguten, so var han so visst ikkje veikare, meinte dei.

Sitat

Hallvard Ånundsson Vå, f 1784, d 1856

g 1.1812 m. Kjersti Jacobsdtr. Langeli, f 1774, d 1826. Born:
  • Ånund, f 1813, d 1873, busett Nordstog Felland, Mo, g 1860 m. Else Olsdtr. Felland, born:
  • Hallvard, f 1853, d 1943, g 1901 m Margit Bjørgulvsdtr. Reini
  • Kjersti, f 1863, d 1949, g 1888 m Olav Vetlesson Bakken
  • Margit, f 1865, d 1906, g 1889 m Petter T. N. Gravir
  • Olav f 1869, d 1893, ug, jfr Mo bygdebok I, 485 f
  • Gunvor, f 1817, d 1903, g 1846 m Knut Såvesson Straumstøyl, f 1796, d 1867, busett Straumstøyl, Grungedal, Vinje, born, iallfall:
  • Såve, f 1848
  • Kjersti f 1852
  • Gyri, f 1855
  • Hallvard, f 1858
  • Jacob, f 1816, d 1816
  • Jacob, f 1820, vanfør, 1865 busett plass under Uppgarden, Haukeli, d Straumstøyl, Grungedal 1871, ug
  • Ingebjørg f 1826, g 1851 m Olav Torsson Heie(e.), f 1827, 1865 busett plass u Uppgarden, Haukeli, ikkje born, til Amerika 1869, seinare lagnad ukj.
g 2.1834 m Åsne Hallvardsdtr. Kjetjusland, f 1807, d 1860. Born:
  • Kjersti, f 1831, d 1853, ug
  • Tjodvor, f 1834, til Amerika 1860, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Gunlaug, f 1838, g 1867 m Knut Tjøstovsson Gunvaldjord, f 1843, til Amerika 1867, seinare lagnad ukj.
  • Gunvor, f 1841, d 1877, 1867 til Mo, g 1870 m em Aslak Ånundsson Rovshus, Rauland, f 1834, busett Runningen under Felland, Mo kommune, born:
  • Ånund (e.), f 1871
  • Ånund (y.), f 1875
  • Olav, f 1876, Aslak til Amerika med sønene 1885, seinare lagnad ukj., jfr. Mo bygdebok I, 491
  • Jorunn f 1844, til Amerika 1869, ug då, seinare lagnad ukj.

Kjersti Jacobsdotter var frå eit bruk under Midjås i Mo kommune som heitte Evre Langeli. Foreldra var Jacob Tarjeisson frå Midjås og kona, Ingebjørg Andersdotter, fødd Reini. Ei syster åt Kjersti heitte Torbjørg. Ho var gift med Knut Olavsson Felland, som budde i Hagen, Berdalen, og det står difor litt meir om henne i bolken om det bruket.

Me veit at Jacob Hallvardsson vart fødd i Rauland, og at Kjersti Jacobsdotter døydde på Hovden etter å ha fått Ingebjørg her. Då kan me avgjera at Kjersti og Hallvard flutte åt Hovden mellom 1820 og 1826. I 1832 gifte Hallvard seg oppatt med Åsne Hallvardsdotter. Ved giftemålet vart ho oppskrive i kyrkjeboka med etternamn Vinjerui, så då har ho vel budd der eit tak, men far hennes, som var ein kjend smed og heitte Hallvard Asbjørnsson, åtte Kjetjusland på Smørklepp, og budde der (jfr. Vinje og Rauland IV, 487 f).

Som det går fram av det me hermde etter Rikard Berge ovanfor, var Hallvard driftehandlar liksom fyremannen på garden, men meir kjend som kjempekar. Så uløyseleg sterk var han, at han aldri tapa i noko ærleg slagsmål. Einaste venda det er kjent at han kom til kort var då Olav Aasmundsson Plassen (far åt A.O. Vinje) lukkast i å fylle han opp og sende han på ryggen, og deretter hoppa på bringa hans og krasa sidebeina. Nokre ville ha det til at Olav ved det høvet også trykte ut eine auga hans, så han sidan gjekk einøygd. At han hadde berre eitt auga, er rett, men det var ikkje Olav Plassen som hadde skulda for det, skriv Berge, Hallvard miste auga sitt avdi han smurde seg med noko ureint feitt ein gong han hadde vorte snøblind.

I bolken om Ørnefjødd har me ei forteljing Johannes Skar har gjeve att etter Svein Hovden om korleis Hallvard Ørnefjødd eingong var nære på å koma i kast med Bjørgulv Uppstad, og korleis Bjørgulv då for ein gongs skuld let kona si koma i mellom, slik at båe fekk gå udengde. Men så syner det seg at Svein også har fortalt nett den same soga om Hallvard Vå. (Gamalt or Sætesdal II, 229 f, jfr. Jansen og Berg 1991, 63 f), og Rikard Berge tykkjest vera overtydd om at dette er det rette. Men kanskje var Hallvard Vå og Hallvard Ørnefjødd same mannen, «Kannhende var han båe stader?», seier han. (Vinje og Rauland IV, 505). Dette siste stemmer ikkje, så helst er forklaringa berre at når ein mann fyrst hadde kjempeord på seg, var det lett for at soger om andre kjempekarar seinare vart hengde på han. Kven av dei to Hallvard-ane det var som slapp å slåst med Bjørgulv Uppstad er vel då i røynda på vona.

Derimot skal det vera sikkert nok at Eivind Kyrkjeled i Valle slost med Bjørgulv, men ikkje torde gjeva seg i kast med Våguten (Vinje og Rauland IV 438):

Sitat Hallvard hadde au nære slegi lokane sine i Kyrkjeleden, som skulle vera beste karen i Valle ei tid. Eivind Kyrkjeledet i Homsbø var eit filleting, ei ugjegne. Dei fortalde han gjorde seg koparklør og klora med i slagsmål, han klora auga ut på'n Bjørgulv Uppstad, sume segjer han klemde det ut med tumen. I nokre aar rekna Bjørgulv seg frikaren i heile

landet, men so kom Kyrkjeleden og tok honom, han såg so ut i andlitet etterpå slagsmålet at han gret, Bjørgulv. Kyrkjeleden kom or vedskog med eit veddrøgje, og Bjørgulv rusla full og byrte seg åt honom. Dei høyrde honom ein fjordung, koss han kytte. Det var då han fekk slik smurning.
- No hadde Hallvard Vå au mist auga sitt, liksom Bjørgulv, og so råka han Kyrkjeleden ei vende han for gjenom Valle. Eivind var full og eikla seg på'n Hallvard, som gav berre fult. «Du må 'kji kjyte so», sa Kyrkjeleden, «du e 'kji ko barre einoygde». «Om so de eine ouga'e sat i fói, sille eg taka Kyrkjeleden», sa Hallvard. So torde ikkje hin.

Sitat

Eivind Arneson Kyrkjeled (f 1804) reiste elles til Amerika med kone og born i 1846 (jfr. Valle V, 543), på same skipet som brattelandane frå Bykle. I 1850 budde kyrkjeledane i Ixonia Township, Jefferson County, Wisconsin. Etter boka Nordmændene i Amerika av Martin Ulvestad (Minneapolis 1907, 79 f) høyrde Eivind frå 1853 til den fyrste flokken av pionerar i Harmony Township, Fillmore County, Minnesota. Der var også broren Arne, og endå ein valldøl til, som heitte Tjøstov Olsson Hoftuft. Ein soneson åt Eivind (og dotterson åt Tjøstov) er nemnd i bolken om Systog Trydal, avdi han fyrst var gift med Birgit Åsmundsdotter Trydal, og sidan med Anne, syster hennes. Den yngre Eivind-en, som skreiv seg Ed Kirkeley, var son åt Arne Eivindsson og Gyro Tjøstovsdotter.

Men attende til Hallvard Vå. Hausten 1834 kvitta han seg med Hovden-eigedomen sin. Fyrst selde han Der sø til Johans Jacobsson Tigel, dinest bytte han bort Der nor til ein annan vinbyggje, og flutte våren 1835 til HaugåsmoMogane i Vinje, som han hadde bytt til seg. Sidan, etter at verfaren døydde i 1839, overtok han Kjetjusland, og flutte dit. «Men Hallvard treivst ikkje heime, han rakla på handel som fyrr», fortel Berge (n.v. IV, 440). Han som overtok bruket her heitte Knut Sigvaldsson. Han var fødd på Haugåsmo i Vinje, som son åt Sigvald Knutsson frå Kvammen i Åmotsdal og kona, Aslaug Persdotter frå VeisfitliiMøsstrond. Karane frå Kvammen var vidgjetne og sjølvmedvitne: «Me er nie brøar i Kvammen, og alle er slike kjempekarar at det finst ikkje i nie prestegjeld maken til dei», kytte dei. Sigvald var den yngste av dei ni kvamsbrørne, men kjempekar som dei hine, fortel Berge, og opplyser vidare at Sigvald og Aslaug kom til Haugåsmo i 1802 (jfr.Vinje og Rauland III, 514). Tidlegare hadde dei budd eit tak i Veisfitlii (jfr. Seljord V, 727). Men her skal det nå handle om son deira.

Knut Sigvaldsson Hovden, f 1809, d 1860

g 1828 m Gyro Sveinsdtr. Tovsland, f 1803, d 1882. Born:
  • Aslaug, f 1830, dødsår ukj., g 1848 m Talleiv Henriksson Kasti, busett Vinje, sjå nedanfor
  • Sigvald, f 1832, d 1882, g 1859 m Margit Talleivsdtr. Håtveit, Mo kommune, til Amerika 1871, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1835, dødsår ukj, til Vinje 1850, g 1859 m Olav Torsson Heii (y.), til Amerika, sjå nedanfor
  • Anne, f 1838, dødsår ukj., g m Ånund Tarjeisson Juvet, til Amerika som enke 1889?, ikkje kjende born, sjå Maurlii
  • Svein, f 1841, g 1871 m Tone Knutsdtr. Gardsteig, sjå nedanfor.
  • Vetle, f 1844, d 1907, til Amerika 1866, g 1.1873 m Anne Talleivsdtr. Håtveit, Mo kommune, g 2. 1880 m Liv Sveinungsdtr. Kvanbekk, Åmotsdal, f 1859, sjå nedanfor

Også Gyro Sveinsdotter, kona åt Knut, var av kjempeætt. Ho var frå Nordistog Tovsland i Grungedal, dotter åt Svein Tarjeisson Tovsland og kona, Hæge Knutsdotter, fødd Vinjerui. Svein att var soneson åt den Svein Tovsland som i fylgje tradisjonen gjekk på bjørnejakt i Bandaksli utan andre våpen enn stein (jfr. Jansen og Berg 1991, 73 f).

Gyro fortalde sonen, Svein, om korleis det bar til at dei hamna på Hovden, og korleis det gjekk dei her, og Svein fortalde vidare til Knut Hoslemo. Me vil tru at manuskriptet er mellom dei Hoslemo hadde på prent i Agder Tidend. Det er prenta ei avskrift i Bykle kultursoge (1993, 298 ff), men der vert kjelda ikkje oppgjeve.

Sitat Som eg fyrr hev fortalt flutte eg til Haugåsmo i 1830. Denne garden var inkje stor, men lett å drive - me ha heime mest alt høyet. Me fødde 3 kyr, ei kvige og nokre sauer. Me livde godt og sorgfritt i mange år og ha nokso ljose framtidsvoner.

Men so ein laurdagskveld kom Hallvard Hovden, eller Hallvard Vå, som'n meste vart kalla. Han va lett drukkjen, og brenn'vin ha'n mæ seg. Han og far din tok snart te å drikke og svalle. Hallvard tok då te fortelje om Hovden, og skrytte av dei store fjellstrekningane og om dei gode fiskevatni og rjupeheiane, og dei store og gode slåttune, og om Viemyr, der ein med langorv kunne slå 20 vetrelass i ein teig, og mykje anna. Han fortalde og at han ha selt halve Hovden, og hadde soleis att halve garden o.s.fr. No tok'n te å bjode far din å byte gardar, og sa: «Detti æ garde fø deg, som æ slik rjupefangare å fiskare. Vi du leggje meg 100 dalar i byte i Haugåsmo og halve Hovden, so handlar me». Far din, som va blivi uppglødd for desse svære rjupetrakter og fiskevatn, bau'n då å kastebyte gardar. Eg trudde dette berre var fyllevas, og gjekk ned i fjoset og sille mjølke. Men då eg kom inn or fjoset, hadde Hallvard teke'n på bodet og handelen var upp- og avgjord med mange vitne. Avtala var slik at me skulle flytje neste vår, seinaste jonssok. Det var då inkje anna å gjera.

Sitat
«So måtte far din yvi fjellet til Suldal fleire vender etter mat og anna». Teikning av Egil Torin Nesheim på stor akvarellplansje i Hovden Fjellstoge. Eigar: Bjørnar Mørenskog.
Foto: Aanund Olsnes

Men det gjekk ikkje så bra for dei på Hovden, fortalde Gyro vidare:

Sitat No gjaldt det for oss å få upp stoge og fjos te vinteren, og attåt måtte far din yvi fjellet til Suldal fleire vendur etter mat og anna, og det kosta pening. So kom vinteren med lite og inkje rjupor, dette som no var fars største von. So kom det fleire uår. Alt måtte kjøpast og klyvjast eller berast yvi Meienfjell. Me kom snart i gjeld og måtte låne pening. Men tree våren gjekk det galnaste. Då reiste far din og Johannes til Bleskestad for å klyvje heim sumarsmat. Då fekk far din det uhell at han braut av seg foten neafor kneet, og vart liggjande so å segja hjelpelaus. Folki på Bleskestad skulle flytje til fjells, og so gjorde'n seg so hard at han leigde folk med seg. Hest hadde han sjølv. Han vart sett i salen, og so våga'n seg på heimveg yvi det høge og bratte Meienfjell. Men då'n kom til Hovden var han so veik og matt at'n uvita, so dei måtte bera'n inn.

No syntest alt å gange i meinlås for oss, som dei segjer. Me måtte kjøpe alt og leige til alt. Eg måtte vera heime heile sumaren og stelle med far din, og so måtte me leigje både slåttekar og breislejente, og dette kosta mange pening. Far din vart liggjande heime sumaren, og om vinteren att var han inkje so sterk at'n kunne gange etter rjupor, eller gjera noko som var nemnande. Reisa yvi fjellet ha teke so hardt på'n at det trong dubbelt lang tid for å verta god atte.

Sitat

Vidare i det refererte stykket vert det fortalt at Knut og Gyro selde halve Der nor til Tarjei Kjetilsson Breive i 1843. Den andre halvparten, som dei framleis åtte, leigde dei sidan bort til verson åt Tarjei, som heitte Knut Olavsson, og var frå Tveiten på Byrte. Etter den gamle gards- og ættesoga (200) budde Knut Olavsson og huslyden hans i Der sø, og det er rett at dei var der i nokså mange år, frå 1848 og frametter. Men i alle høve kom dei til å flytje hit kort etter 1860, og me set difor inn hovudomtalen av dei i bolken om dette bruket. Men fyrst lyt me gjera oss ferdige med Knut Sigvaldsson.

Etter å ha selt halve bruket flutte Knut og huslyden hans til Suldal, fortalde Svein. Dette trur me er rett, men då må det vera gale det han sa ei anna vende, at dei budde eit bil i Ørnefjødd fyrr dei drog åt Suldal, (jfr. Jansen og Berg, 1991, 30). Det siste er det då også vanskeleg å finne rom for i Ørnefjøddsoga.

Etter flytjinga til Suldal i 1843 budde dei eitt års tid på plassen Træet under Bleskestad, dinest flutte dei til ein annan plass i Suldal, Ulladalsbakkane under Meland, og etter eitt år der drog dei vidare til Østerhus i Hjelmeland, der Knut var med på notfiske etter sei og makrell. Attende til Bykle kom dei i 1847, då Knut vart lutbrukar for Hallvard Gunnarsson på Bjåen. Etter det Svein fortalde var faren bruksmann på Bjåen i 3 år, men det stemmer ikkje med det han også har fortalt detaljert om, at Knut framleis var på Bjåen i 1854, då Hallvard Bjåen gifte seg andre venda, og det vil me halde for å vera sikkert. Svein har fortalt om far sin ved fleire høve, og har nok hugsa noko ulikt frå den eine gongen til den andre.

På denne bakgrunnen vil me tru at Knut var bruksmann på Bjåen i minst 7 år, eller også må han og familien hans ha flutt inn og ut der fleire vender. Det siste passar i og for seg godt med det det som står i den gamle gards- og ættesoga (198), der det heter at dei «flakka rundt». Derimot kan det vanskeleg vera rett, slik det også står, at Knut «kom til slutt til Bjåen, til Hallvard». Då sonen Sigvald i 1860 døypte ei lita dotter, budde han på Hovden og vert kalla «gaardmandssøn», og då far hans vart gravlagd seinare same året vart han oppskriven som «gaardmand Knud Sigvaldsen Hovden». Av dette skjønar me at Knut Sigvaldsson budde på Hovden då han døydde, og at han framleis åtte ein part i garden.

Knut Olavsson Tveiten kan då ikkje ha leigd parten av Knut Sigvaldsson lenger enn frå 1848 til kring 1854. Etter at Knut Sigvaldsson var borte, gjekk det fyre seg fleire endringar i eigedomstilhøva på garden, med derav fylgjande flytjingar ut og inn. Om me her skulle halde oss til eit strengt gardskronologisk mønster, laut me nå med ein gong taka fatt i dette, og sleppe familien åt Knut Sigvaldsson ifrå oss. Men avdi me tykkjer det gjev betre flyt i framstillinga å handsama dei av borna åt Knut som flutte ut på denne staden, og gripe attende til gardssoga frå 1860 og frametter lenger ut, har me valt å gjera det såleis. Me tek fram døtrene fyrst.

Eldstedottera Aslaug meldte utflytjing til Vinje i 1846, og gifte seg to år seinare i den bygda. Ho og familien hennes budde på husmannsplassen Hyljelii i Haukeli.

Aslaug Knutsdotter Hovden, f 1830, d fyre 1900

g 1848 m Torleiv Henriksson Kasti, f 1820, d 1903. Born, iallfall:
  • Henrik, f 1848, g m Ingebjørg Knutsdtr. Søndenå, Vikedal, 1900, busett Kronå under Steinsland (plassen vart matrikulert og kalla Hølgjeli i 1904), Vikedal (nå Vindafjord), Rogaland, iallfall 5 born
  • Knut, f 1852, til Amerika, lagnad ukj.
  • Sigurd, f 1855, til Amerika, lagnad ukj.
  • Ingjerd, f 1858, d 1942, g m Torstein Olsson Hildal, f 1855, d 1928, busett Hildal, Odda, 8 born
  • Gyro, f 1865, d 1945, til Amerika 1884, g 1891 m Thomas Quam, f 1870, 1900 busett Freeman Township, Freeborn County, Minnesota, iallfall 2 born
  • Anne, f 1868, g 1888 m Olav Sveinsson Hagen, Røldal, f 1865, 1900 busett plass Hagen under Gugarden, Haukeli, iallfall 3 born

Foreldra åt Torleiv Henriksson var Henrik Torleivsson og kona, Ingebjørg Sigurdsdotter, fødd Gunvaldjord, som budde på Neire Kasti i Haukeli. Henrik att var opphavleg «utmann» og kom frå ein plass under Nordbø i Bøherad, som vart kalla Hytta (jfr. Vinje og Rauland II, 520). Dei fleste av opplysningane våre om folket åt Aslaug og Torleiv har me fått frå ættegranskaren Knut Hildal i Odda, som er soneson åt Ingjerd Torleivsdotter Hildal. Hildal har fylgt desse ættegreinene fram til skrivande stund, men då dei yngre ledane av henne fell utanfor det ein rimeleg kan oppfatte som Byklesoge, går me over til den yngre syster åt Aslaug.

På dette kartet over Minnesota kan ein finne att dei stadene i denne staten der det budde byklarar. Hovden-ætlingar er nemnde i Lincoln, Lyon og Filmore counties, alle i sørenden av staten. Andre byklarar slo seg ned i Freeborn, Faribault, Mower, Yellow Medicine, Kandiyohi, Mille Lacs, Lac Qui Parle, Otter Tail, Red Lake, Pennington, Marshall og Beltrami. Frå US Census Bureau

Hæge (Helen) Knutsdtr. Hovden, f 1835, til Amerika 1861, d 1913

g 1859 m Olav (Ole) Torsson Heii, Vinje, f 1835, d 1915 (?). Born, iallfall:
  • Tor, f 1860
  • Olav, f 1866
  • Ingjerd, f 1870
  • Hallvard, f 1873
  • Jon, f 1876

Olav Torsson var son åt Tor Olavsson Heii og kona, Hæge Sveinsdotter, som budde på Veheii i Grungedal. Hæge Sveinsdotter att var syster åt Gyro, mor åt Hæge Knutsdotter, så Hæge og Olav var altså syskenborn på morssida. Ovanfor har me nemnt ein eldre son åt Tor O. Heii, som også heitte Olav. Han var gift med Ingebjørg Hallvardsdotter Hovden, og drog til Amerika med henne i 1869. I bolken om Der sø har me med ein tredje bror i Amerika, Tor Torsson, som var gift med Ragnhild Johansdotter (Tigel) Hovden. I 1880 og 1900 finn me Hæge og Olav på ein farm i Freeman Township, Freeborn County, Minnesota. Hæge vart då notert med fyrenamnet Helen. Sonen Tor var fødd i Vinje, Olav i Wisconsin, og dei 3 yngste i Minnesota. Frå avsnittet om syster åt Hæge ovanfor kjem me ihug at systerdottera Gyro Talleivsdotter i 1900 budde i same township som Hæge og Olav. Freeman Township i Freeborn County ligg nær byen Albert Lea, heilt sør i Minnesota, ved grensa til Iowa. Dødsåret åt Olav er me litt usikre på, ettersom fødselsdatoane til folk som var fødde utanlands ofte vantar i dødsfallsregisteret frå Minnesota, og det var mange i den staten som gjekk under namnet Ole Thorson. Vonleg har me likevel funne den rette oppgåva.

Den eldste av sønene åt Knut var Sigvald. Han gifte seg, slik det går fram ovanfor, med ei jente frå Håtveit i Mo. Den fyrste tida dei var gifte budde dei som busetar på Håtveit (jfr. Mo bygdebok I, 216), men ei dotter dei døypte derifrå hausten 1859 vart gravlagd frå Hovden fyre året var ute. Året etter hadde dei ei ny dotter til dåpen frå Hovden, så då var dei framleis her.

Sigvald Knutsson Hovden, f 1832, d 1882, til Amerika 1874

g 1858 m Margit Talleivsdtr. Håtveit(y.), f 1834, d 1875. Born:
  • Gyro, f 1859, d 1859
  • Gyro, f 1860, d 1864
  • Ragnhild (Rachel), f 1862, farmarkone, d 1929, g m Hans Anderson Holtan, Sauherad, busett Almont, Nord-Dakota, 8 born
  • Ingjerd (Emma), f 1864, farmarkone, dødsår ukj., g 1.1893 m Jacob Bisel, busett Watertown, Sør-Dakota, 5 born; g 2. m Alexander McLean, busett New Town, Sør-Dakota, 1 barn
  • Gyro (Julia), f 1866, farmarkone, d 1936, g 1887 m Chris Larson (bror åt Gilbert og Laura nedanfor), busett Pierce County, Sør-Dakota, 10 born
  • Knut, f 1871, farmar, dødsår ukj., g m Laura Larson (syster åt Chris ovanfor og Gilbert nedanfor), busett Plain Township, Renville County, Nord-Dakota, am. statsborgar 1900, n

1910 og 1920, ikkje kjende born

  • Anne, f 1874, d 1875
  • Margit (Mary), f 1875, farmarkone, d 1945, g m Gilbert Larson (bror åt Chris og Laura ovanfor), busett Plain Township, Renville County, Nord-Dakota, 3 born

Margit Talleivsdotter var frå Søgard Håtveit, foreldra hennes var Talleiv Gjermundsson Håtveit og andre kona, Ragnhild Knutsdotter, fødd Ljostad. Dei fleste av borna frå Søgard Håtveit reiste til Amerika. Den fyrste var Knut, f 1832, som tok ut i 1859. Tre år seinare drog Margit(e.), f 1828; Gjermund, f 1828; Anne (e), f 1839; Ingebjørg, f 1842 og Anne(y.), f 1845. Ragnhild, mor deira, var også med på utreisa i 1862.

Sigvald og Margit(y.) kom også til å emigrere, men prøva fyrst å slå seg gjennom i heimlandet endå nokre år. Såleis finn me dei i 1865 som busetar på ein plass som heitte LillesandFinnøy i Ryfylke. Dei hadde då med seg døtrene Ragnhild og Ingjerd, og Sigvald vart registrert som «Daglønner». Ragnhild vert i 1865-folketeljinga av ein eller annan grunn kalla Rakel, slik ho sidan heitte i Amerika, men den fyrste tida der borte, såleis i ei lokal folketeljing frå Minnesota frå 1875, kalla dei henne Ragnhild. Ho var fødd i Telemark, medan Ingjerd (i Amerika heitte ho Emma) var fødd på Finnøy, og dette tyder på at foreldra har budd ei stund i Mo att, fyrr dei reiste til Rogaland. Men i 1874 tok dei ut med eit emigrantskip frå Stavanger, som gjekk til til Quebec, Kanada. Vidare derifrå reiste dei med skip eller jernbane til Detroit, Michigan. Etter utreisa fekk dei seg fyrst eit homstead i Nordland Township, nær byen Minneota, Lyons County, men flutte sidan til ein annan farm nær byen Porter, Lincoln County. Lyons og Lincoln grensar mot kvarandre, og ligg i det sørvestre hyrnet av Minnesota. Det me har fortalt om Sigvald og huslyden hans i Amerika er opplyst frå ættegranskarane Mary Farrell i Sacramento, California, Lorna Mandt Robertson i Issaquah, Washington og Gunhild Kaasin Haugerud på Gvarv, som alle er av Hovden-ætta.

Vetle Knutsson Hovden i Minnesota med døtrene Julia og Rachel. Bilete frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
På dette kartet over Alberta, Kanada, ser ein ma. Edmonton. Star, der Vetle Hovden budde, ligg like nordvest for denne byen.

Yngstebroren Vetle reiste til Amerika i 1866, altså nokre år tidlegare enn Sigvald og folket hans.

Vetle (William Knut) Knutsson Hovden, f 1844, d 1907

g 1.1873 m Anne Talleivsdtr. Håtveit, Mo, f 1845, d 1879. Born:
  • Rachel, f 1873, farmarkone, d 1927, g 1. m Theodor Haraldson Utigard Byrte, d 1914, busett Glenville, Freeborn County, Minnesota, 5 born, g 2. m Rolf Brekken, busett Star, Alberta, Kanada, 4 born
  • Julia, f 1874, farmarkone, d 1934, g 1894 m John Hanson, busett Gardner, Nord-Dakota, 10 born
g 2 1880 m Liv Sveinungsdtr. Kvanbekk, Åmotsdal, f 1860, d 1934. Born:
  • William f 1881, farmar, dødsår ukj., g m Anne Sophie Twedt, busett Bowbells, sidan McVille, Nord Dakota, iallfall 1 son
  • Carl, f 1884, d 1925(?), teolog, g m Sophie Anderson, busett Oak Grove, Minnesota, sidan Livingston, California, sjå nedanfor, iallfall 1 son

Anne Talleivsdotter var syster åt Margit, som var gift med Sigvald, bror åt Vetle. Vetle og Anne budde på dei same stadene som Sigvald og Margit, fyrst i Lyon, sidan i Lincoln County, Minnesota. I 1879 døydde Anne. Året etter gifte Vetle seg oppatt med Liv Kvannbekk (Louise Quanbeck). Ho var frå Nedre Kvannbekk i Åmotsdal. Foreldra hennes var Sveinung Hallvardsson Forberg frå Bø kommune og andre kona, Hæge Jacobsdotter, fødd Kultan (jfr Seljord V, 716). Desse hadde teke ut til Amerika med dei fire yngste borna sine i 1879, og budde i Nordland Township, Lyon County. Liv og Vetle flutte til ein ein farm i Freeborn County, nær byen Glenville. Denne staden ligg heilt sør i Minnesota, omlag ved midtpunktet etle Knutsson Hovden i av grenselina mellom Minnesota og Iowa.

Det nye ekteskapet åt Vetle var konfliktfylt. Ein grunn til dette var at han var hard til å drikke og slåst, og det såpass at han snart vart nekta tilgjenge til det som fanst av barar og saloonar i området. Til dette kom at Liv og dei to stykdøtrene ikkje gjekk vel i hop. Dei tykte ho var streng og vrang, medan ho meinte dei var bortskjemde. På denne bakgrunnen sa Liv i 1885 takk for seg, og skaffa seg skilsmål, noko som var heller sjeldant på denne tid. Ho tok att jentenamnet sitt, og flutte med sønene til foreldra i Lyon County. Sidan gifte ho seg oppatt med ein Hans Olsson, og flutte til ein farm nær Livingston, California.

Av sønene, som båe nytta etternamnet Quanbeck, vart William farmar i Nord Dakota, medan Carl vart teologiprofessor i Minnesota, sidan i California. Carl forsvant elles på mystisk vis, det var kring 1925. Han var ein tur til San Francisco, og vart borte frå det hotellet han budde på. Bagasjen hans vart attfunnen i hamneområdet i byen, og det vart rekna med at han hadde vorte offer for eit brotsverk, men akkurat kva som hadde hendt, kom aldri for dagen.

Vetle budde på farmen sin ved Glenville til 1891, men då selde han og reiste med hestar og vogn til Kanada, til ein stad som heitte Edna i det som då vart kalla Nordvest-Territoriet. Sidan skifte postkontoret i Edna namn til Star. Staden ligg like i nærleiken av den byen som heiter Lamont, omlag 55 km nordvest for Edmonton, Alberta. Her fekk Vetle seg eit homestead, og bygde etter kvart opp ein ny farm. I tillegg dreiv han og vaska ut gull i Saskatchewan-elva omlag 25 km lenger nord. I 1898 vart han kanadisk statsborgar. Hausten 1907 gjekk han på toget for å reise til dottera Julia, som budde i Gardner, Nord Dakota. Han hadde då vorte sjuk, og rekna truleg med at han ikkje hadde lenge att. I så fall rekna han rett, for på togreisa søretter vart sjukdomen verre. Då han kom til Winnipeg, laut han leggjast inn på næraste sjukehus, og der døydde han etter tre veker. Julia fekk han gravlagd i Nord Dakota, nær Gardner. Systera Rachel overtok farmen i Kanada, og flutte dit som enke med dei 5 borna sine i 1915. Der gifte ho seg omatt med Rolf Brekken. Han adopterte borna, som difor sidan nytta hans etternamn. Det meste av det me her har fortalt om Vetle og familien hans i Amerika, kjem frå eitt av oldeborna, Robert Coe i Edmonton, Alberta, Kanada.

Dermed er me ferdige med desse amerikanske ættgreinene, og då er det på tide å gripe attende til det som gjekk fyre seg på Hovden etter at Knut Sigvaldsson døydde i 1860. Det fyrste var at ervingane tydelegvis overdrog fjerdeparten hans i garden til Knut Olavsson i Der sø. Etter denne handelen flutte Knut Olavsson og huslyden hans hit, og samstundes selde han halve Der sø til Bjørgulv Jonsson Gunvaldjord, som flutte inn der då Knut flutte hit. Nett kva tid dette hende er uvisst, ingenting vart tinglyst, men det må ha vore etter at Knut Sigvaldsson døydde i mai 1860, og det må ha vore fyre Bjørgulv Jonsson døypte ei dotter frå Der sø i oktober 1865. På slutten av det sistnemnde året var iallfall Knut Olavsson på plass her.

Knut Olavsson Tveiten, f 1815, d 1889

g 1844 m Torbjørg Tarjeisdtr. Breive, f 1821, d 1903. Born:
  • Olav, f 1845, d 1895, ug, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1848, g 1886 m Turid Bjugsdtr. Brokke, sjå Der sø, bnr 2
  • Torjus, f 1852, d 1853
  • Margit (e.), f 1854, g 1875 m Sjur Sjursson Natland, sjå Vatnedalen der inne, bnr 1
  • Margit (y.), f 1857, g 1874 m Knut Knutsson Breive, sjå Nordstog Stavenes, bnr 2

Knut var frå TveitenByrte, son åt Olav Hallvardsson Haugo på det bruket og kona, Margit Torjusdotter, fødd Utabjå. Torbjørg Tarjeisdotter var frå Nordgarden, dotter åt Tarjei Kjetilsson Breive og kona Margit Torjusdotter, fødd Flothyl. I Bykle kultursoge (1993, 348) står ein passasje om Knut og Torbjørg, som me plukkar med oss (her omsett til standard nynorsk):

«Ho hadde hatt det annvinnt den dugurdsøkta, Torbjørg». Teikning: Tove Krogh 2005.
Sitat Knut Hovden og kona hans, Torbjørg, dreiv med slåtten på Finnstøyl. Ein morgon då Knut skulle ut og slå, sa Torbjørg til han: «Om ikkje eg kjem ut til deg til dugurds, lyt du koma inn». Ja, Knut reiste ut og slo heile dugurdsøkta, og så gjekk han innatt i bua. Då han kom inn, sto Torbjørg og koka graut. Knut sette seg på sengekanten, og ville leggje seg nedpå litt til grauten var ferdig. «Nei, pass deg nå, eg har noko der», sa Torbjørg. Og då Knut brette sengekleda til sides, låg den nyfødde Tarjei der, vaska og stelt. Så ho hadde hatt det annvint den dugurdsøkta, Torbjørg. Sitat

I 1865 sat Knut og Torbjørg med 2 hestar, 11 storfe, 30 sauer og 18 geiter. Dei sådde 2 1/2 tunner bygg og sette ut 3 1/2 tunner jordeple. I 1875 var her 3 hestar, 1 stut, 8 kyr, 4 ungnaut og kalvar, 22 sauer og lam, 15 geiter og kje, men av desse åtte kreturhandlaren Sjur Sjursson Natland, som var busete her og gift med den eldste dottera, den eine hesten, og Knut Knutsson Breive, som også var busete og gift med den yngre syster hennes, åtte 1 kalv, 2 sauer og 5 geiter. Sjur og Margit(e.) flutte snart til Vatnedalen, og Knut og Margit(y.) flutte til Stavenes, medan foreldra åt dei to Margit-ene vart verande her.

Men eigedomstilhøva endra seg i åra som fylgde. I 1865 åtte Knut Olavsson halve garden, dvs. heile Der inne, medan Sigbjørn Knutsson og Bjørgulv Jonsson åtte kvar sin halvpart av Der sø. Men innan 1878 må dei ha dela på ein annan måte, for då pantsette Bjørgulv 2/5 av Der nede og 2/5 av Der sø til landhandlar Åsmund Pedersen Hylen i Hjelmeland, og då Knut og Torbjørg tok foddog og overdrog bruket sitt til sønene i 1880, åtte dei 3/5 av båe bruka. Av dette skjønar me at det må ha gått fyre seg minst ein handel som me ikkje har funne opplysning om i kjeldene våre. I fylgje folketeljinga frå 1875 var Sigbjørn Knutsson «selveier» ved utgangen av det året, men året etter døydde han, og sannsynlegvis var det etter dette at hans part vart seld til oppsitjarane på dei to andre bruka. Knut Sigbjørnsson, som var einaste erving, har vel då selt eigedomen etter faren, som var på 1/4 eller 5/20 av heile garden, til Knut Olavsson og Bjørgulv Jonsson, og samstundes fått husmanns- eller bruksmannskontrakt hjå dei. For at brøkrekninga skal gå opp, må Knut Olavsson då ha kaupt 2/20, medan Bjørgulv kaupte 3/20, og samstundes må Knut ha bytt til seg delar av Der sø frå Bjørgulv, og lagt tilsvarande delar av Der nor i byte, elles skulle dei ikkje båe hatt eigarinteresser i båe bruka. Sjølvsagt treng det ikkje ha gått fyre seg akkurat slik det her er sagt, kanskje var det fleire handlar fram og attende fyrr resultatet vart som det me ser i 1880, då Knut Olavsson åtte 3/5, Bjørgulv 2/5, og Knut Sigbjørnsson ingenting. Men den forklaringa me har lagt fram tykkjest vera den enklaste, endå ho er meir enn innvikla nok.

Kvifor det skulle stellast så innfløkt til, kan me ikkje vita, men karane har tvillaust hatt sine grunnar. Som nemnt ovanfor overdrog Knut og Torbjørg eigedomen sin til sønene i 1880. Utetter 1880-talet gjekk det ut med dei to andre oppsitjarene på Hovden, Bjørgulv Jonsson og Knut Sigbjørnsson. Bjørgulv sat likevel på bruket sitt til han døydde i 1886, men enka hans og Knut Sigbjørnsson, som hadde kaupt att den eine femteparten av Bjørgulv, laut ifrå. Nett kva tid dei gav opp bruka sine, veit me ikkje sikkert, men om me seier 1890, kan det ikkje vera mykje gale. Utan at me har noko tinglysing å vise til for salet av dei to bruka, ser me at Olav og Tarjei Knutssøner vart nye eigarar, og etter folketeljinga frå 1891 budde dei to brørne det året i kvar sin heim i Der sø. Plassen var endå ikkje matrikulert, og difor vart dei båe oppskrivne under bnr 2, men me trur nokså sikkert at den eine av dei heldt til på det som sidan vart bnr 8. Me har funne det mest tenleg å avstå frå vidare gjeting på dette punktet, og handsamar båe der folketeljinga plasserer dei, under bnr 2.

Kvifor dei båe ville flytje herifrå, kan me ikkje vita, men det me ser er at dei sette bort bruket her til Knut Monsson Breive, som ved dette leitet hadde måtta gjeva opp å sitje med Utistoga, bnr 6. Då folketeljinga frå 1891 vart oppteke, var det difor han og Else Olavsdotter, kona hans, som budde her. Med seg hadde dei Margit Kjetilsdotter, enka etter Bjørgulv Jonsson, som då hadde mist bruket sitt i Der sø. Ho vart oppskrive som «Enslig losjerende».

Knut Monsson og Else Olavsdotter døydde båe i 1892. Kven som budde her dei nestfylgjande åra, eller om her var nokon då, er uvisst, men det er vel lite rimeleg at Olav og Tarjei Knutssøner let det stå tomt. Olav Knutsson døydde i 1895, og då vart den yngre broren eineeigar av heile Hovden. Året etter selde han bruket her, altså halve garden, til den nest eldste av sønene åt Knut Sigvaldsson, som då flutte hit frå Grungedal.

Svein Hovden i tunet på Hovden saman med born, borneborn og svigerborn ca 1920. Til venstre for Svein sit verdottera Torbjørg (1890-1953) med Valborg på fanget, attom henne att står mannen hennes, Kjetil S. Hovden (1887-1964). Til venstre for Svein sit Ingjerd (f 1890) med dotttera Gudrun på fanget og sonen Olav ved sidan av seg. Attom Ingjerd står mannen hennes, Odd Åsheim frå Suldal. Mannen med sykkel i bakgrunnen er Halvor Olsson Breive. Dei to andre i bakgrunnen er ikkje identifiserte. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Portrettfoto av Svein Hovden frå ca 1890. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Svein hadde ei elegant handskrift, ser me. Han skreiv seg jamt med etternamn Tveiten, men vart i Bykle sjeldan omtala med anna namn enn Svein Hovden. Foto frå Setesdalsmuseet.

Svein Knutsson Hovden, f 1841, d 1924

g 1871 m Tone Knutsdtr. Gardsteig (Tveiten), f 1850, d 1892. Born:
  • Guro, f 1873, d 1958, lengste tida busett i Sauherad, ug
  • Bergit, f 1875, dødsår ukj., til Amerika, g m Ånund Gjermundson Vistad, Mo kommune, busett Halliday township, Dunn County, nær byen Dodge, Nord-Dakota, born:
  • Gilbert
  • Thea
  • Joseph
  • Aslaug, f 1877, dødsår ukj., til Amerika, g m Aslak Omsberg, Byrte, f 1875, d 1943, busett nær byen Albert Lea, Minnesota, born:
  • Tina
  • Agnes
  • Olga
  • Ella
  • Alvin
  • Knut, f 1879, d liten
  • Gunhild, f 1882, d 1929, g 1901 m Halvor Kaasin, Sauherad, busett Sauherad, born:
  • Gunda, f 1902, ug, busett Sauherad
  • Torbjørn, f 1904 g m Astrid Ellefsen, busett Sauherad
  • Svein, f 1905, g m Asbjørg Aamaas, busett Mælum
  • Tone, f 1907, g m Karl Steinhaug, busett Skien
  • Guro, f 1909, g m Ingvald Slaaen, busett Sauherad
  • Anne, f 1912, g m Einar Evensen, busett Skien
  • Bergit, f 1914, g m Olav Sunde, busett Sauherad
  • Erling, f 1916, g m Ingeborg Eika, busett Seljord
  • Andres, f 1918, g m Anna Øya, busett Sauherad
  • Gunhild, f 1920, g m Edvin Haugsvær, busett Hønefoss
  • Halvor, f 1922, g m Kari Svartdal, busett Sauherad
  • Sigvald, f 1925, g m Birgit Bergsland, busett Sauherad
  • Knut f 1929, d 1929
  • Vetle, f 1885, d 1899
  • Kjetil, f 1887, d 1964, g m Torbjørg Olavsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Ingjerd, f 1890, dødsår ukj., g 1913 m Odd Olsson Åsheim, busett Åsheim, Suldal, gnr 62, bnr 8, born:
  • Olav, f 1914
  • Tone, f 1917
  • Gjertrud, f 1919
  • Gudrun f, 1920
  • Svein, f 1922
  • Øystein, f 1925, jfr. Gamle Suldal, 647
  • Erling, f 1892, d 1893

Tone Knutsdotter vert som regel omtala med Tveiten til jentenamn, og ho var fødd på Tveiten, men oppvakse på Gardsteig i Haukeli. Foreldra hennes var Knut Kjetilsson Tveiten og Birgit Olavsdotter, fødd Vå. Knut att var fødd og oppvaksen i Nordistog Tveiten. Han var son åt Kjetil Tjøstovsson Edland, som kaupte Nordistog Tveiten i 1801, og sat med det bruket til han døydde i 1846. Ei syster åt Knut heitte Sigrid, og var gift med syskenbarnet Lidvord Olavsson Vå (jfr. Vinje og Rauland II, 391), medan ein bror som heitte Tjøstov budde på Maurdalen i Nesland sokn, og hadde m.a. sønene Knut og Kjetil. Knut Tjøstovsson var gift med Gunlaug, ei dottar åt ovanomtala Hallvard Ånundsson Vå, og sat med Nordistog til dei for til Amerika i 1867. Eigar då vart broren, Kjetil Tjøstovsson, men i 1871, det var same året som Svein og Tone gifte seg, selde han bruket til Lidvord Vå, som altså var gift med farsyster åt Tone. Det må vel då ha vore Lidvord Vå som selde Nordistog til Svein «ei stund etter» at han og Tone gifte seg (jfr. Jansen og Berg, 1991, 34). Nett kva tid denne handelen sto, har me ikkje undersøkt, men iallfall flutte dei nygifte til Tveiten, og det ser då ut til at dei var brukarar eit tak fyre dei fekk kaupe. Sidan nytta Svein sjølv etternamnet Tveiten, også etter at han flutte attende til Hovden i 1896. Men i Bykle vart han alltid kalla Svein Hovden, og i denne boka held me fast på det namnet. Me kjem attende til den sistnemnde flytjinga, men fyrst skal me taka med noko meir om tida hans i Grungedal.

Svein Knutsson lagar tresko, medan barnebarnet Svein Kjetilsson held han med selskap. Det kan vera verd å leggje merke til at Svein har skallar - hudsko av reinsskinn - på føtene. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Tresko etter Svein Hovden, foto frå Setesdalsmuseet.

Tresko etter Svein Hovden, foto frå Setesdalsmuseet.

Nordistog var ikkje mykje til gard då Svein overtok. Husa var små og kleine, og det dyrka arealet trong til utviding, men bruket kunne ikkje utan vidare bera naudsynleg påkostnad. Svein var difor om seg etter attåtinntekter, og dreiv m.a. med jakt, skogsarbeid og handverk. Det siste vart etter kvart det viktigaste. Særleg la han seg etter treskomaking. Han kunne på jamnen greie 7-8 par om dagen, men det hende at han kom opp i 10, fortalde han.

Sitat På 17 år tenkjer eg at eg gjorde umlag 700 par tresko i gjennomsnitt i året. Eg køyrde lass etter lass nedetter dalen og selde på handelsbuine, so eg løyste meg snart frå adde mi skulli', og ha enno atte te mat'e og kaffi og anna[2] Sitat

Han hadde ein eigen svip på treskorne, som folk tykte om, og med tida vart Husfliden i Oslo fremste avtakaren. Han dreiv også med anna husflidsarbeid, m.a. ikkje så lite treskurd, og i alt han tok i synte han kunstgivnad og god handeferd.

Detalj av roseskurd på ryggstøet av ein kubbestol gjord av Svein Hovden. Hit frå Setesdalsmuseet.
Foto: Leonard Jansen

På 1870- og 80-talet var han lenge med i heradssstyret i Vinje. Fremste merkesaka hans her var å få skipa til postopneri i Grungedal, og sikker postgang til dette. Dette fekk han gjennomslag for, og frå 1886 vart han postopnar i bygda, og fast postberar. Dette arbeidet hadde han sidan så lenge han budde i Vinje. Gardsbruket sitt på Tveiten husa han opp og forbetra på fleire vis, m.a. med åkerbryting.

Etter det han fortalde til Knut Hoslemo i 1922 hadde han i 1884 kaupt Maurlii hjå eit handelslag i Mo for 200 kr., som han skulle betale med tresko til 75 øre paret, og i 1886 skal han ha kaupt Jeiskeli «av lappen Jon Jeiskeli for 800 kr». Her trur me at han må ha mishugsa seg noko, både når det gjeld årstal og prisar. Jon Andersen Stannfjell i Jeiskeli kom ikkje til Bykle fyrr i 1886, og hadde ingen eigedom å selje det året, og i panteregisteret står det at Svein kaupte både Jeiskeli og Maurlii hjå han våren 1896. Prisen for båe var 700 kr. Korleis handelslaget i Mo var inne i biletet, veit me ikkje visst. Kanskje har det hatt pengar til gode og teke utlegg i Maurlii, men me har ikkje funne dette tinglyst.

Svein K. Hovden på vitjing på Tveiten i Grungedal i 1915. Frå venstre: Hallvard K. Tveiten, f 1897, Svein K. Hovden, Knut S. Tveiten (f 1871), Tone K. Tveiten (f 1907) og Tjodvor H. Tveiten, fødd Bronen eller Vesle-Gunvaldjord. Bilete frå Knut H. Tveiten, Grungedal, via Setesdalsmuseet.
Knut O. Hoslemo (1889-1929) gjer oppskrift etter Svein K. Hovden. Biletet er teke i 1922 i stoga i Hovden Der nede. Frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet.

I 1896 gjekk eldsteson åt Svein, Knut, i giftetankar, og var huga på å overtaka Nordistog. Me trur helst det var dette som gav støyten til at Svein byrja å handle gardar i Bykle på denne tid. Same året som han kaupte Maurlii og Jeiskelid, fekk han, etter kva han fortel, kaupe halve Hovden hjå Tarjei Knutsson Hovden, som nå åtte heile garden. Prisen var visstnok 1700 kr. Denne handelen vart ikkje tinglyst, men ettersom det her var tale om å kaupe attende heimebruket, noko som tvillaust var meir om å gjera for han, reknar me med at han på dette punktet har hugsa rett, særleg når han straks etter handelen flutte hit, og sidan budde her. Knut Sveinsson overtok då Nordistog Tveiten.

Då Foss og Bjerke fekk taksert Berdalsskogen i 1896 budde dei og takstmennene deira på Hovden, og dette biletet vart teke då. Foss og Bjerke er dei to karane lengst til høgre, Tarjei K. Hovden er nr 3 frå venstre og kona, Turid Bjugsdotter, sit på trappa. Dei andre på biletet er ikkje identifiserte. Frå Setesdalsmuseet.

I 1898 selde Svein bruket sitt i Hovden og dertil også Maurlii og Jeiskeli til skogspekulantane Bjerke og Foss, som på denne tid åtte A/S Sætersdalen, for i alt 5.500 kr, som han tykte var ein svært god pris, særleg når han fekk halde att 21 års bruksrett. Samstundes selde Tarjei Knutsson i Der sø til dei same kauparane. Dette er i samsvar med det Svein fortalde til Knut Hoslemo i 1922, bortsett frå at han då plasserte salet til 1897. Den det han vidare fortalde, at han forsømte seg då Foss og Bjerke gjekk konkurs nokre år seinare, og at eigedomane difor gjekk over på A/S Sætersdalen, det stemmer ikkje aldeles. For den 31. mars 1905 var han til stades på tvangsauksjonen, og fekk då tilslaget på Maurlii og Hovden Der nede for kr 1900, derav 400 for Maurlii. Vidare viser panteregisteret at han like fyre jol 1906 selde dei same eigedomane att, også denne venda til A/S Sætersdalen, prisen nå var kr 2440. Også ved denne handelen fekk han halde att 21 års bruksrett. Her må me skjote inn ein oppklarande merknad om A/S Sætersdalen, og om tilhøvet mellom dette og Bjerke og Foss. Bjerke dreiv fyrst og handla eigedomar i Bykle på eiga hand. Sidan fekk han med seg Foss, men kompaniskapet gjekk konkurs i 1894. Etter dette fekk dei to tak i fleire interessentar, og skipa A/S Sætersdalen. Selskapet vart formelt konstituert i 1895, men fanst reelt til alt året fyre, då det kaupte bnr 4 i Hovden, Hovden skog, saman med fleire andre eigedomar i Bykle, på den fyrste tvangsauksjonen over eigedomane åt Bjerke og Foss. I 1904 var det ein ny konkurs, og denne venda var det A/S Sætersdalen som gjekk på ryggen, og laut selje eigedomane sine på auksjon. Nå møtte altså hovdenbøndene fram og fekk kaupe bruka sine attende for langt mindre enn dei hadde selt dei for 6 år tidlegare. Men på ein eller annan måte greidde selskapet å reise seg att, slik at det 2 år seinare kunne kaupe eigedomane av dei same hovdenbøndene ein gong til. Framleis sto Bjerke og Foss sentralt i selskapet ser me. Men så fylgde endå ein konkurs i 1911, og denne venda vart endeleg Bjerke og Foss sette utanfor. Selskapet vart rekonstruert av Øvre Otteraaens Brugseierforening, der hovudinteressentane var A/S Kristiansand Fossefald, Hunsfos Fabrikker og Vigelands Brug. Brukseigarforeninga overtok alle aksjane i selskapet, og dreiv det vidare under same namnet, slik ho gjer den dag idag. Men nå attende til Svein Hovden.

Den gamle merkesaka si frå Grungedal, at bygda måtte få postopneri, tok Svein med seg til Hovden, og til Bykle heradsstyre. Også her fekk han gjennomslag for henne, om det enn tok nokre år. Men i 1902 vart det oppretta såkalla brevhus, dvs. eit enklare postkontor, med adressa Hovden i Bykle, og 1.4. 1910 kom Byklehei postopneri med Svein Hovden som fyrste styraren. Han sto i stillinga som postopnar til 1921, dvs. frå han var 69 år og til han var 80.

Etter salet av garden i 1906 trega han: «Du veit de æ liksom so rart å sitje som leiglending på fedrajordi. Ein hev inkje den gleda og hugnad av å arbeida på den jordi ein ikkje eig», sa han. Men lova om ekspropriasjon av leiglendingsjord, som opna for at eigedomen atter kunne koma innatt i ætta, gav han likevel tru på framtida på garden.

«Hovdenbrohytten» slik ho såg ut den fyrste tida.. Prospektkort utgjeve av Kristiansand og Oplands Turistforening. Frå biletsamlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.

I 1909 skreiv han kontrakt med Kristiansand og Oplands Turistforening om at dei skulle få setje seg opp ei turisthytte på eigedomen mot ei årleg leige på 2 kr. Hytta sto ferdig i 1913, og Svein fekk arbeidet som tilsynsmann. Turisthyttetomta vart likevel ikkje matrikulert fyrr 1946, då ho fekk bnr 11.

Nå er det likevel ikkje gardbrukaren, heradsstyremedlemen, postopnaren, treskomakaren, treskjeraren eller turisthyttestyraren Svein Hovden som er hovudgrunnen til at han har vorte ihugkomen i ettertida. Det som fyrst og fremst gjorde han så pågauma og omtykt er at han var så framifrå ein berar og formidlar av munnleg tradisjon. Svein var storkvedar og sogemann av dei beste, og ei av dei fremste kjeldene både for Johannes Skar (jfr. Gamalt or Sætesdal III, 335) og ei rekkje andre folkeminnesamlarar (m.a. Rikard Berge, Catharinus Elling, Torleiv Hannaas, Knut Hoslemo, Knut Liestøl, L. M. Lindeman, O. M. Sandvik og Alexander Seippel). I 1991 gav Bykle kommune ut ei heil bok om han, skrive av Leonhard Jansen og Kirsten Bråten Berg. Der står det meste av det ein i dag kan vita om Svein Hovden.

I 1910 kom det opp både ny uthusbygning og ny stoge på bruket. Dei nye husa på Hovden var heilt like dei Svein tidlegare hadde sett opp på Nordistog Tveiten, og me trur difor helst at var han som bygde her også. Men denne venda hadde han visseleg hjelp av sonen Kjetil, som gifte seg på denne tid, og etter kvart fekk nya oppatt faren si leigekontrakt med A/S Sætersdalen. Kva tid dette siste var veit me ikkje, men det er på det reine at Kjetil overtok som brukar etter faren, og dreiv garden vidare.

Kjetil og Torbjørg Hovden. Brurebilete 1910. Torbjørg ber den såkalla Fjellgardsdrakta, som vart moderne frå ca 1890 og frametter. Visstnok var det nokre handarbeidslærarinner på folkehøgskulen i Seljord som introduserte denne modellen. Bilete frå Tone Uleberg via Ingebjørg Vegestog.
Torbjørg og Kjetil Hovden ein gong på 1950-talet. Bilete frå Tone Uleberg via Setesdalsmuseet.

Kjetil Sveinsson Hovden, f 1887, d 1964

g 1910 m Torbjørg Olavsdtr. Breive, f 1890, d 1953
  • Tone, f 1911, g m Olav Harald Uleberg, sjå bnr 23 Urheim, jfr. nedanfor.
  • Åshild, f 1913, d 2001 g m Såve Lidtveit, Åraksbø, sjå bnr 51 Furumo
  • Svein, f 1915, d 2003, g 1 m Ruth Jansen, g 2 m Ågot Gjerstad, sjå Malmvegen 21, bnr 322
  • Valborg, f 1917, g m Knut Torjusson Stavenes, busett Vennesla, sjå Bykle hotell, gnr 14, bnr 11

Torbjørg var frå Breive Der uppe og dotter åt Olav Alvsson Breive på det bruket og kona, Åshild Hallvardsdotter. Kjetil var brukar for A/S Sætersdalen, dvs. Otteraaens brugseierforening, som åtte aksjeselskapet, heilt til 1937. Då sette han ekspropriasjonssak, og fekk kaupe eigedomen attende. Prisen då var kr 9.500. Året fyre hadde A/S Sætersdalen selt ein parsell kalla Flatestøylåsen til A/S Hovden Høyfjellshotell for kr 4.000. Denne eigedomen, som fekk bnr 6, vart utskilt frå bruket her og bnr 2, med ei landskyld på 2 øre.

I 1953 vert det oppgjeve at buskapen på bruket var hest, 4 kyr, 2 kalvar, 3 høns, 1 gris og 12 sauer. Attåt garden dreiv Kjetil postopneriet på Hovden etter faren frå 1921, og i 1946 bygde han nytt posthus ved Hovdebru (sjå Furumo, bnr 51). I 1954 skøytte Kjetil eigedomen over til Harald Uleberg, som tre år tidlegare hadde gift seg med Tone, eldste dotter hans. Harald og Tone var ikkje gardbrukarar, men dreiv forretning i Hovden sentrum, og budde lengste tida i andre høgda på forretningsbygget sitt. Hovudomtalen av dei er difor plassert i bolken om den heimen (bnr 23 Urheim).

Det er i Harald og Tone si tid som eigarar av Der Nede den store moderniseringsprosessen og turistutviklinga tek til for alvor. Dei var av dei fyrste til å sjå at det opna seg ei ny og rikare framtid i fjellbygda, men dei såg også at denne framtida var avhengig av av interesse og engasjement frå grunneigarane si side. Dei sette då i gang med å setje bort tomter og leggje til rette for vidare utbyggjing, og fekk såleis stor innverknad på den vidare utviklinga.

Etter at sønene Jon og Kjetil overtok eigedomane i 1973 skaut denne utviklinga endå meir fart, slik at det i dag er kring 600 hytter, forutan ei rekkje med forretningsbygg av ulike slag, på grunnen av det gamle gardsbruket. I byrjinga var ein del bygdefolk skeptiske, og tykte ulebergane «øydela garden». Sidan har det nok stort sett vore semje om at få har greidd å få så mykje ut av eit, i utgangspunktet, nokså magert gardsbruk som dei. Kjetil vert nærare presentert i avsnittet om heimen hans i sentrum. Jon bur på garden og har sett seg opp nytt bustadhus her.

Jon Uleberg i 1955. Frå Ingebjørg Vegestog.
Jon Uleberg i 2005. Foto frå Setesdølen.

Jon Uleberg, f 1954

sb m Wenche Jorunn Brokke, f 1962. Born, sjå Belglii 2, bnr 561
g 2003 m Wenche Gøthesen, f 1955, ikkje born

Wenche Jorunn Brokke har bygt seg hus i Stussli, og vert nærare presentert saman med dei tre borna ho har saman med Jon i bolken om den verestaden, Belglii 2 bnr 561. Wenche Gøthesen er frå Søgne, og dotter åt Oddvar og Ingrid Gøthesen. Forutan eigedomsverksemda, som Jon har saman med Kjetil, starta han i 1991 firmaet A/S Uleberg Maskin og Transport saman med Olav Breivegen og Arne Midstøl. Han og Midtstøl er framleis medeigarar i dette. Jon arbeider delvis for firmaet, der Åmund Nesland, som også er medeigar, er dagleg leiar. Elles steller han mest med hyttevedlikehald.

Dei gamle husa på garden har vorte rehabiliterte, og gjev nå rom for eit kunsthandverkssenter, der det m.a. vert drive med keramikk, måleri, treskurd og sylvsmedarbeid.

Referansar

  1. DN III, nr 275
  2. Knut Hoslemo 1922, her etter Jansen og Berg, 1991, 36

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der nede (Bykle gnr 2/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hovden • Neste bolk: Der sø