Der sø (Bykle gnr 2/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Der sø
Hovden 27.jpg
Hovden Der sø 24.3.1940. Frå Norsk Folkemuseum.
Foto: Anders Beer Wilse
Alt. namn: Hovden der sø
Rydda: 1780-åra
Utskilt: 1780-åra
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Der sø eller Hovden der sø kom til då det vart utkløyvd frå den udela garden ein gong på 1780-talet. Eigedomen vart då dela midt i to, slik at kvar av delane fekk ei lansdskyld på 1/2 geiteskinn eller 1 1/2 kalveskinn, og dei vart liggjande jorde i jorde med Der sø på austsida.

Den fyrste som åtte bruket her som ei eiga eining var ungkaren Jon Torbjørnsson Breive. Iallfall ser me at han kaupte halve garden hjå Leidulv Knutsson. Leidulv vart då sitjande att med Der nor, og då lyt Jon ha hatt Der sø. Om han faktisk kom til å flytje hit er likevel usikkert, så vidt me kan sjå svara han aldri skatt herifrå, men me har ei kjensle av at han kanskje fekk opp hus, for elles kunne han snautt ha fått selje bruket sitt for såpass god pris til ein familiemann frå Vinje, som heitte Eivind Knutsson. Denne handelen veit me fann stad, men nett kva tid det var er uvisst. I alle høve må det ha vore fyre 1791, då Eivind døydde utan å ha rokke å flytje hit.

Jon hadde fått pengane, det var 277 riksdalar, men sat framleis med eigedomen, og var difor skuldig denne summen i buet. Det drygde med skiftet etter Eivind, og ein grunn til dette var rimelegvis at Jon hadde kvitta seg med gjelda gjennom å gifte seg med enka i 1792. Skiftet vart fyrst slutta to år seinare. Enka som Jon vart gift med, heitte Jorunn Aslesdotter. Ho og borna hennes flutte heim til Jon i Nordgarden Breive. Det me elles har å fortelje om dei står i bolken om det bruket.

Bruket her leigde Jon bort til Olav Knutsson Såheim frå Tinn, som då flutte hit frå Bjones, der han hadde vore busete ei tid. Men Olav og folket hans flutte nedatt til Bjones etter berre to år her. Ein kan lesa meir om dei i Bjones-bolken. I 1797 selde Jon bruket her på nytt, denne venda til Sigurd Jonsson Hovden frå Møsstrond. Sigurd kaupte samstundes Der nor av Vrål Gunsteinsson Berdalen, og åtte då heile Hovden. Det same gjorde ettermennene hans heilt til 1834, og me har valt å handsama desse karane i bolken om Der nede (eller rettare sagt Der nor, som det vart kalla då).

Det ser ut til at Hallvard Ånundsson Vå leigde halve Hovden av Olav Jonsson Kråmviki nokre år fyre han kaupte heile garden hjå han i 1827. Me reknar med at han budde på bruket her inntil han vart eigar, men då flutte til Der nor. I åra 1828 til 1835 sette Hallvard bort Der sø til eit ektepar som heitte Såve Knutsson og Ingebjørg Jonsdotter. Sidan for desse så mangestad. Hovudomtalen av dei er plassert i bolken om Hagen, Berdalen, der dei også budde.

Kring 1830 tykkjest det ha vore eit par busetar her som heitte Eivind Hallvardsson og Anne Tormodsdotter. Desse var snautt byklarar eller valldølar, men me veit ikkje meir om dei enn at dei i april i det nemnde året gravla ein 5 månader gamal son, som heitte Tormod.

I 1834 selde Hallvard Ånundsson Vå halve garden, dvs. bruket her, til Johans Jacobsson, som då flutte hit frå Rauland. Johans var fødd på Ulvenes i Ytre Seljord. I 1801 budde foreldra, som heitte Jacob Pedersson og Ragnhild Johansdotter, på ein plass under Søndre Verpe i Seljord (nå Bøherad). Kvar dei var utstokne er på vona, men visst er det at Jacob Pedersson var teglbrennar, og at det var yrket hans som førde til at sønene Johans og Anders vart kalla «Tigelane». Tigel er ei telemarksform av tegl. I den gamle gards- og ættesoga for Bykle (200) står det at Johans og kona hans var komne frå Kviteseid. Rikard Berge seier derimot at tigelane «skulle vera utantil Lunde» (Vinje og Rauland VI, 422). Det spørst om dei ikkje hadde vore i båe dei bygdene, der var då teglverk båe stader, veit me, og teglbrennarar var jamt mykje på farten. Men her skal det handle om den eldste av tigelane, han som var på Hovden nokre år:

  • Johans Jacobsson «Tigel», f 1795, til Amerika 1847, 1880 busett Eureka Township, Dakota County, Minnesota
g 1831 m Margit Alvsdtr. Våmartveit, f ca 1803, n 1880. Born:
  • Ragnhild, f 1831, g m Tor Olavsson (son åt Olav Torsson Heii og kona Hæge Hallvardsdotter), 1880 busett Eureka Township, Dakota County, Minnesota, born:
  • Ole, f 1862
  • Maria, f 1864
  • Caroline, f 1866
  • Isabelle, f 1868
  • Johnny, f 1870
  • Marcus, f 1872
  • Rachel, f 1873
  • Edward, f 1874
  • Ingebjørg, f 1833, g 1851 m em Jacob Jarandsson Bosbøen, f 1812, 1860 busett Pleasant Springs, Dane County, Wisconsin, born, iallfall:
  • Jacob, f 1851
  • Sarah, f 1855
  • John, f 1857
  • Mary, f 1859
  • Jacob, f 1844, n 1880, busett Eureka, ug då
  • Ånund, f 1851, n 1880, busett Eureka, ug då

Margit var frå Nordistog Våmartveit i Vinje, dotter åt Alv Ånundsson Våmartveit på det bruket og kona, Ingebjørg Torsdotter, fødd Bosbøen. Ragnhild Augundsdotter, som var gift med Salmund Knutsson Breive, var syskenbarnet hennes, og sameleis Alv Augundsson, bror åt Ragnhild, som vanka mykje på Hovden, og døydde i Maurlii i 1861.

Anders Tigel, bror åt Johans, var ei heller illgjete slåstbikkje i Rauland, men om Johans vert det fortalt at han var «folksleg og fredeleg», og umåteleg sprek (Vinje og Rauland IV, 422f):

Sitat Han tok ut i frå Jordebrekk i Suldal um kvelden i paaskehelgi og kom til Vaa, klædde av seg og paa seg, gjekk til kyrkje med Rauland og uppatt til Vaa same dagen», fortel Berge og held fram: «Johans var au sterkare enn Anders, og glade i aa ture var dei no baae, og baae tvo rivende gode arbeidskarar» Sitat

Men om Johans aldri so mykje hadde ord for å vera fredeleg, var det ikkje fritt for at han stundom kunne syne fram andre sider av lynnet sitt. Berge har ein passasje om ein slik tilburd på Hovden (Vinje og Rauland, III, 441):

Sitat Alv [Augundsson Våmartveit] var ein selskapskar av velten. Han og Knut Sigvaldsson var so gode bussar. Knut sat daa i Hovden i Bykle og Johans Tigel i hitt Hovden. No

kunde Johans aldri tola at Knut var betre kar enn han, og ein gong skjenkte han 'n Alv so drust, mykje til aa faa honom til å dengje 'n Knut. Alv laga seg viljug, egnde seg innaat der Knut sat, og til aa ture og trætte med honom. Dei slo i bord og benkir imot einannan, og vart til slutten sitjande andsynes skrivs yvi bordkrakken, antrast med pure gap og gauvr. Johans stiltra seg or stoga og stod ute, lydde, tenkte: No ber det i hop, no ber det i hop! I staden so tok karane inne til aa kveda visur for einannan. Johans inn att, rispende vond, og slo i brandsteinane so varmefræsen stod; «De verta 'kje noko mæ deg, Alv!», sa han, firrande ut att i eitt sinne.

Sitat

Me veit at Johans Tigel kaupte bruket i 1834, men han fekk ikkje tinglyst skøytet sitt fyrr i 1839, og det var avdi han då skulle selje att, og difor tyktest trengje upåklageleg heimel. Heller ikkje kauparen tinglyste noko skøyte, men me veit sikkert at han budde her, og at han var eigar. Svein Hovden har fortalt om dette etter mor si som fylgjer:

Sitat «Kor lenge var Johannes Tigelen på Hovden ette at de va komne?», spør eg a mor. «Å, 'n va der berre i 3 år. Det fjorde året selde'n Hovden te Olav Undebakka og Hallvard Sørestad frå Suldal. Desse tvo familiane flutte so hit med buskap og bøling. Johannes Tigel flutte til Rauland, og liksåvel dei to Suldals-familiane vart berre ei stutt beite. «Dei

var her i 4 år. Men so vart dei leidde av dei lange og tunge reisone yvi fjellet for å klyvje og bera maten fram [...] og so selde dei og flytte tebakars til Suldal.

Sitat

At Tigelen drog frå Hovden til Rauland, er rett. Etter bygdeboka derifrå (IV, 425) tok han og folket hans ut vidare til Amerika same året, i 1839, som var fjerde året etter at Knut og Gyro flutte til Hovden, men i røynda emigrerte dei ikkje fyrr 1847 (jfr. Naesseth, G.: Norwegian Immigrants to the United States, vol. 3, Decorah og Madison, 2000, 20). I brev han sidan sende heimatt frå Amerika, framstår Johans som ein reflektert og nøktern person, som ikkje ville rå andre korkje til eller frå emigrasjon, endå han for sin eigen del tykte han hadde lukkast godt «over there» (jfr. Vinje og Rauland IV, 145). Fyrste tida i USA budde dei i Koshkonong Settlement i Wisconsin, sonen Ånund vart fødd der, men innan 1864 hadde dei flutt til Eureka Township, Dakota County, Minnesota, og der var dei framleis i 1880, går det fram av den amerikanske folketeljinga frå det året. Johans vart altså meir enn 85 år gamal.

Nå veit me at Gyro Hovden ikkje budde på Hovden då dei to suldølane flutte hit. Då er det forståeleg at ho hugsa litt gale, for i røynda selde ikkje Johans Jacobsson til dei båe, men berre til Olav Underbakka, og så selde Olav noko seinare den eine parten vidare til Hallvard Sørestad.

Då Der sø vart kløyvd i to nye einingar, må delet mellom Der sø og Der nor ha vore annleis enn det seinare vart. Dette skjønar me av at den eine halvparten av Der sø hadde husa sine «nord og opp for husa på bruket til Olav Harald Uleberg, Nor i stoga», som det står i den gamle gards- og ættesoga (202). Visstnok synar det endå att tufter i nordenden av jordet der. Men ettersom det nye bruket vart kalla Der uppe, kom det eldre bruket, Der nor, eller Nor i stoga, om ein vil, sidan til å heite Der nede. Det namnet vart ståande etter at den parten som hadde vore kalla Der uppe, kvarv inn i det som seinare vart kalla Plassen.

Lat oss nå nå gå over til dei nye oppsitjarane. Me tek dei i den rekkjefylgja Gyro Hovden nemnde dei, og byrjar då med Olav Underbakka, som hadde Der uppe. Han var fødd på plassen Prestmoen under Vinje i Suldal, som son åt Tor Torsson og kona Randi Sjursdotter, fødd Fisketjønn.

  • Olav Torsson Underbakka (Prestmoen), f 1811, til Torvastad med heile familien 1863, n 1865, seinare lagnad ukj.
g 1837 m Siri Nilsdtr. Underbakka, f 1820. Born:
  • Lisbeth, f 1840, n 1865, ug då
  • Tore, f 1842, n 1865
  • Randi, f 1845, n 1865
  • Nils, f 1848, n 1865
  • Mikkel, f 1851, n 1865
  • Kari, f 1854, n 1865
  • Siri, f 1857, n 1865
  • Tormod, f 1859, n 1865
  • Lars, f 1862, n 1865
  • Ola, f 1863, n 1865

Siri Nilsdotter var odelsjente på Underbakka, gnr 23, bnr 6, og dotter åt Nils Larsson på det bruket. Då ho og Olav gifte seg, overtok dei bruket av far hennes, og sat med det til 1863. Men «i åra 1843-50 budde dei i Bykle», står det i bygdeboka frå Suldal. Dette meiner me er omtrentleg rett, men ikkje aldeles. Randi og Nils vart døypte i Bykle i 1845 og 1848, og Nils, far åt Siri, vart gravlagd ved Bykle kyrkje i 1845. Men helst flutte dei attende til Suldal i 1848, og altså ikkje i 1850, jamvel om me ser at dei fekk skrive flytjeattest i det sistnemnde året. For det er på det reine at det kom ein ny huslyd hit då Underbakka og Sørestad reiste, og at dei nye folka flutte hit i 1848.

Olav Underbakka og folket hans drog då attende til bruket sitt i Underbakka. Sidan kvitta dei seg med det, og gjorde jærbuar av seg, då dei flutte åt Torvastad i 1863 (jfr. Gamle Suldal 1972, 258). Der finn ein dei i 1865-folketeljnga. Dei var busetar på ein gard som heitte Søndre Saltvedt, og Olav vart då registrert som «Daglønner». På det punktet slepper me dei av syne.

Ovanfor fortalde me at Hallvard Sørestad frå Suldal var på Hovden ilag med Olav Underbakka, og at dei åtte ein fjerdepart av garden kvar. Hallvard var fødd på Sørestad, gnr 26, bnr 3, som son åt Knut Sjursson og kona Ambjørg Knutsdotter. Foreldra var innflutte frå Røldal.

  • Hallvard Knutsson Sørestad, f 1815, til Amerika med kone og born 1872
g 1839 m Randi Torsdtr. Prestmoen, f 1814. Born:
  • Knut, f 1839, d 1866, g 1865 m Kari Larsdtr. Hanekam, Sand
  • Tore, f 1842, g 1871 m Kari Larsdtr. Ritland
  • Ambjørg, f 1844, d 1846
  • Ambjørg, f 1846, g m Tore Alvsson
  • Hallvard, f 1849
  • Randi, f 1852, g 1871 m Herman Bergerson Floberg, Årnes
  • Tore, f 1854, d 1859
  • Kari, f 1858
  • Marta, f 1862, d 1863

Randi Torsdotter var syster åt Olav Underbakka, og det var kanskje difor ho og familien hennes kom til Hovden eit bil. Men dei var her ikkje like lenge som bror hennes og folket hans. Etter det me kan skjøne flutte dei ikkje frå bruket sitt i Underbakka fyrr i 1845, og drog attende dit i 1848. I 1872 reiste Hallvard til Amerika med kona og dei gifte borna Knut, Tore, Ambjørg og Randi med ektemakar, og dei framleis ugifte Hallvard og Kari. Opplysningane våre om desse folka er i hovudsak henta i bygdeboka frå Suldal (Gamle Suldal, 1972, 262), men der er det ikkje nemnt at dei budde på Hovden.

Då Olav Underbakka og Hallvard Sørestad drog attende til Suldal, selde Olav parten sin til Sigbjørn Knutsson Breive, medan Hallvard selde sin part til Tarjei Kjetilsson Breive. I 1843 hadde Knut Sigvaldssen selt halvparten av Der nor til Tarjei, og etter det Gyro Hovden sidan fortalde leigde han samstundes resten bort til verson åt Tarjei, Knut Olavsson Tveiten frå Byrte. Det siste er nok noko upresist, for me veit at Knut Olavsson ikkje flutte hit fyrr i 1848, og det er vel lite truleg at han ville leige ein part av Der nede utan å bruke eigedomen. Men i det sistnemnde året, då verfaren også fekk hand om halve Der sø, flutte Knut Olavsson hit, og me vil tru det var då han leigde halve Der nede. Den siste fjerdeparten, som Sigbjørn Knutsson åtte og bruka, vart kalla Der uppe, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (202), og me meiner at det var denne parten som vart omskipa til det som sidan vart kalla Hovdeplassen, bnr 8. Me kjem attende til det bruket lenger ut. Fyrebils rettar me merksemda mot bruket her, og dei som budde her.

Frå 1848 var det som nemnt Knut O. Tveiten. Han var frå Tveiten på Byrte, og son åt Olav Hallvardsson Haugo på den garden. Kona åt Knut heitte Torbjørg og var dotter åt ovannemnde Tarjei Kjetilsson. Knut og Torbjørg budde her til etter at Knut Sigvaldsson i Der nede var død i 1860, men då kaupte dei parten hans, og flutte til Der nede. Der vart dei sidan verande, og me har difor valt å plassere hovudomtalen av dei i bolken om det bruket.

Då Torbjørg og Knut flutte til Der nede, ser det ut til at Knut har overdrege parten sin i bruket her til Bjørgulv Jonsson Gunvaldjord, som då flutte hit. Bjørgulv var son åt Jon Bjørgulvsson Gunvaldjord og kona, Torbjørg Torsdotter, heitte ho.

  • Bjørgulv Jonsson Gunvaldjord, f 1824, d 1886
g 1855 m Margit Kjetilsdtr. Løk, f 1824, d 1912. Born:
  • Jon, f 1860, d 1883, ug
  • Torbjørg, f 1865, g 1889 m Knut Hallvardsson Breive, sjå Hovdeplassen, bnr 8

Margit Kjetilsdotter var fødd på Løk i Vinje, som dotter åt Kjetil Hallvardssson Løk og kona, Torbjørg Larsdotter. Men desse laut sleppe Løk ifrå seg, og i 1865 budde dei på det mindre bruket Svartemo, nå kalla Sondresland nordom nordenden av Vinjevatn (jfr. Vinje og Rauland, III, 496 ff).

I 1865 sat Bjørgulv og Margit med 2 hestar, 7 storfe, 12 sauer og 14 geiter. Sånaden på bruket var 1 tunne bygg og 2 tunner jordeple. Ti år seinare var her berre 1 hest, 3 kyr, 2 ungdyr, 8 sauer og lam og 4 geiter og kje, så det tykkjest ha gått noko til atters med husdyrhaldet. Sånaden i 1875 var 1 1/8 tunner bygg og 1 1/2 tunner jordeple. Bjørgulv og Margit vart buande her så lenge han livde, og ho endå noko lenger.

Men innan Bjørgulv var borte hadde det gått fyre seg ymse endringar i eigartilhøva. Det fyrste me ser er at Bjørgulv i 1880 eig både 2/5 av bruket her og 2/5 av Der nede. I bolken om Der nede har me freista å forklare dette med at Bjørgulv og Knut saman må ha løyst inn bruket åt Sigbjørn Knutsson, og etterpå bytt delar av kvarandres bruk. Me har gjete på at dette gjekk fyre seg i 1876.

Helst var det på denne tid at tunet i Der uppe vart flutt austom Der sø, der Hovdeplassen nå har tunet sitt. Frå 1882 les me i panteregisteret at Bjørgulv Jonsson og Knut Sigbjørnsson då eig 1/5 av bruket kvar, så Knut må altså ha kaupt attende halvparten av det Bjørgulv sat med i 1880. Men ingen av dei greidde seg særleg bra på bruka sine, for utetter 1880-åra var det fleire utpantingsforretningar hjå dei båe. Endå i 1890 ser me at enka Margit Kjetilsdotter framleis sat på bruket sitt, men då klemde landhandlar Åsmund Hylen i Hjelmeland til med dei to siste i rekkja av utpantingar, og så måtte ho selje. Knut Sigbjørnsson tykkjest å ha gjeve opp omlag på same tida, eller kanskje litt tidlegare. Han flutte til Mosokn, og døydde ugift som bruksmann i Ringestoga i 1898 (jfr. Mo bygdebok II, 534).

Brørne Olav og Tarjei Knutssøner frå Der nede overtok kvar sin av dei to femtepartane. Dei åtte også Der nede saman, men av ein eller annan grunn flutte dei i 1891 til kvar sitt av dei to mindre bruka dei hadde overteke. Me veit ikkje kven av dei som hadde Der sø og kven som hadde Plassen, for Plassen var endå ikkje matrikulert som eige bruk, og difor vart dei i folketeljinga frå 1891 båe oppskrivne under bnr 2. På denne bakgrunnen har me valt å handsama dei etter tur på denne staden.

Olav var den eldste. I folketeljinga frå 1875 står det at han var skomakar, så då har han vel hatt det yrket som attåtnæring.

  • Olav Knutsson Hovden, f 1848, d 1895, ug

Olav hadde sumaren 1866 fått dottera Gunvor, mora var Ingebjørg Sigbjørnsdotter Vatnedalen, som var tenestejente hjå foreldra hans. I 1875 var mor og dotter busetar hjå Bjørgulv Jonsson på bruket her, i folketeljinga frå 1891 ser me ikkje noko til nokon av dei i bygda, men i 1893 fekk Ingebjørg utflytjingsattest til Amerika hjå soknepresten i Valle.

Frå ættegranskaren Lorna Robertson, Issaquah, Washington, har me fått fleire opplysningar om Gunvor: Inntil 1889 budde ho einkvarstad i Mo eller Skafså, men i det nemnde året gifte ho seg med Mikkel Ånundsson Nordgarden frå Mo, og tok ut til Lakota, Nelson County, Nord-Dakota med han. Seinare, iallfall frå 1893, budde dei i Roseau County, Minnesota, ein stad som ligg lengst vest og nord i den staten. (Marshall County - med Grygla - er næraste granne på sørsida.) Me har ikkje full oversikt over borna til Gunvor og Mikkel, men har fått vita namna på dei som vart fødde i Roseau, og såleis er det råd å setje opp den fylgjande familielista:

  • Mikkel Ånundsson Nordgarden, f 1864, d 1925
g 1889 med Gunvor Olavsdotter Hovden, f 1866, d 1949. Born:
  • Olav (Ole), f 1893, d 1945
  • Mikkel (Michael) , f 1895, d 1965
  • Emma Helen, f 1897, d fyre 1999
  • Anders (Andrew), f 1899, d 1950
  • Gilbert, f 1903, d fyre 1999
  • Hilda, f 1904, d fyre 1999
  • Theodor, f 1905, d fyre 1999
  • Gunhild (Tilda), f 1907, d 1999, g m Robert Novak, sjå nedanfor
  • Christine, f 1909, d fyre 1999

Mikkel Ånundsson var frå eitt av bruka under NordgardenByrte (gnr 27, bnr 2) og yngste son til Ånund Mikkelson Nordgarden og kona Kristi Såvesddotter, fødd Midjås (jfr Mo bygdebok I, 409). Mrs Robertsons kjeldegrunnlag for det som står i familielista ovanfor er ein nekrolog over Tilda Mikkelsdotter Novak, som døydde i Roseau County i 1999. Det vert der ikkje opplyst om syskena hennes var gifte eller hadde born, men Tilda hadde iallfall 2 døtrer og 5 søner, og båe døtrene og ein av sønene hennes var gifte. Jamvel om opplysningane våre er ufullstendige, er det heilt sikkert at der er etterkomarar etter Olav K. Hovden i Amerika.

Ingebjørg Sigbjørnsdotter, mor til Gunvor, fekk som nemnt utflytjingsattest til Amerika hjå soknepresten i Valle i 1893. Om det var då ho reiste, eller om ho hadde teke ut saman med dottera og mannen hennes 4 år tidlegare, og berre hadde skrive heim etter attesta, kan me ikkje vita, ho er ikkje registert i nokon av dei tilgjengelege emigrantprotokollane, og me har ikkje hatt tilgjenge til folketeljingslister frå Roseau County. Men i alle høve reknar med med at ho faktisk emigrerte, og budde saman med dottera i USA.

Tarjei Knutsson og Turid Bjugsdotter Hovden ca 1920. Biletet ligg i samlinga etter sonen, Knut T. Hovden, Setesdalsmuseet.

Så langt kome kan me vende attende til Hovden. Etter at Olav døydde i 1895, vart den yngre broren sitjande med heile garden, altså både Der nede og Der sø. Han heldt fram med å bu her på bruket.

  • Tarjei Knutsson Hovden, f 1848, d 1941
g 1886 m Turid Bjugsdtr. Brokke, f 1850, d 1927. Born:
  • Knut, f 1888, g 1917 m Gyro Kjetilsdtr. Brottveit, sjå nedanfor

Turid Bjugsdotter var frå Brokke i Hylestad, bnr 1, og dotter åt Bjug Såvesson Brokke på det bruket og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Hovet (jfr. Valle II, 335). I 1896 selde Tarjei halve garden til Svein Knutsson Hovden, slik det er fortalt i bolken om Der nede. Prisen då skal ha vore 1700 kr. Men to år seinare selde både Tarjei og Svein eigedomane sine til A/S Sætersdalen. På same måten som Svein heldt også Tarjei att bruksretten, på same måten som han kaupte han att eigedomen på auksjonen etter at A/S Sætersdalen gjekk konkurs i 1904, og på same måten som han selde han på nytt til det rekonstruerte selskapet i 1906. Svein hadde halde att bruksrett i 21 år kjem me ihug, medan Tarjei tinga seg bruksrett på livetida for seg sjølv, Turid og sonen Knut. Han skulle også ha rett til «fornøden brændsel og vedligeholdelsestømmer i brugstiden i den solgte eiendoms skog». Leiga vart sett til 100 kr i året.

I 1900 les me i folketeljinga at Tarjei forutan å vera gardbrukar også arbeidde som «turistvert», det vil seia at han heldt turiststasjon på garden sin, tok imot gjester til overnatting, og dreiv med skyssing.

Då også det nye A/S Sætersdalen gjekk konkurs i 1911, overtok Otteraaens brugseierforening alle aksjane, og dreiv selskapet vidare under same namnet. Dermed vart Tarjei sitjande som leiglending under foreninga. Sonen arbeidde som damvaktar for foreinnga frå 1915, og hadde bruken av eigedomen her som ein del av løna.

Frå venstre: Gunvor K, Trydal, Birgit H. Viki, Gyro K. Brottveit. Biletet er teke av Knut J. Heddi ein gong kring 1910. Frå Setesdalsmuseet.
Knut og Gyro Hovden som nygifte i 1917. Biletet er teke hjå ein fotograf Selmer Norland i Kristiania, så dei har nok vore på brudlaupsreise til den byen. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Foto: Selmer Norland (1917)
  • Knut Tarjeisson Hovden, f 1888, d 1972
g 1917 med Gyro Kjetilsdtr. Brottveit, f 1879, d 1955, ikkje born

Gyro Kjetilsdotter var frå Brottveit Der nor, og dotter åt Kjetil Knutsson Kyrvestad på det bruket, og kona, Anlaug Olsdotter, fødd Brottveit (jfr. Valle III, 351). Som nemnt var Knut tilsett i Otteraaens brugseierforening frå 1915. Dette gjorde at han ikkje godt kunne oreigne eigedomen her attende, slik som alle dei andre bruksmennene til foreninga, m.a. Kjetil Sveinsson i Der inne, gjorde. Knut hadde likevel planar om å skaffe seg fast eigedom. Etter det som vert fortalt var det vel Gyro som var den ivrigaste i høve til denne målsetjinga, etterdi ho som gardmannsdotter ikkje lika statusen som brukarkone, men Knut fylgde opp ambisjonane hennes.

I 1916 kaupte han Heimtveiti i Nordbygdi hjå Olav Ånundsson Tveiten for kr 12.500. I kva mon han hadde tenkt seg til å flytje dit, eller om heile handelen var eit kunstgrip for at Olav skulle oppnå dei vilkåra han ynskte hjå odelsmannen, Ånund Gunnarsson Tveiten, kan vera uvisst nok. Det som er sikkert er at Knut aldri flutte åt Tveiti, og at han selde garden der til Ånund Gunnarsson for kr 15.000 i 1918. Såleis fekk han ein hyggeleg gevinst av handelen.

Eit par år seinare var han på handelskanten att. Om han nett då hadde noko gardkaup i sikte, er uvisst, men iallfall fekk han kaupe det gamle loptet frå Utistog Stavenes. Dette tok han ned og fekk det frakta til Byklestøylane, der han lagra loptstømmeret, helst i påvente av at han skulle få seg eit gardstun der det kunne høve å setje det opp. Men såleis kom det ikkje til å gå. I 1943 selde han loptet til Hallvard Olavsson Mosdøl på Kultro, gnr 14. bnr 8. Der står det framleis. Men her på bruket står også eit gamalt lopt, som Tarjei fekk tak i og flutte til gards. Også dette skal etter det Per Breivegen har fortalt, vera kaupt einkvarstad i Stavenes. Så langt dette er rett, meiner me det må vera henta frå Teigen.

Loptet på Hovden Der sø vart flutt hit av Knut T. Hovden, truleg i fyrste halvparten av 1920-åra.
«Butikken» til Gyro og Knut Hovden i eldhuset på Hovden Der sø. Knut er mannen med vest og kvit skjorte midt på biletet, dei andre er nok turistar. Fotografiet, som skal vera teke i 1939, kan godt vera nokre år eldre. Hit frå Setesdalsmuset.

I 1924 kaupte Knut bnr 1 og 3 i Espetveit i Valle av Gjermund Olsson for 20.000 kr. Dette bruket åtte han til 1931, då Gjermund fekk kaupe det att for 14.200 kr (jfr Valle V, 282). I 1927 fekk Knut tilslaget på ein tvangsauksjon over eigedomen Lund i Valle, som handelsmannen Søren Lund hadde sete på. Men Søren lukkast i å trenere overdraginga og vri seg unna, slik at enden på den visa vart at Anne, kona hans, vart sitjande med heimelen til bruket frå 1936 (jfr. Valle IV, 443).

Knut vart då inntil vidare buande på Hovden Der sø. Ved sidan av gardsbruket og damvaktararbeidet sette han også i gang med landhandel i eldhuset på bruket, og i 1937 sette han seg opp butikk på Hovdebru, saman med Kjetil Sveinsson Hovden.

Då det kom bilveg til Hovden i 1937, var Knut og Gyro avstad til Vestfold og kaupte seg ein bruka Buick. Biletet her viser truleg kaupssituasjonen - det var vanleg at seljar og kapar stilte opp til fotografering saman ved slike høgtidelege høve. Dersom det var slike problem med å få starta doningen, som biletet kan tyde på, vil me tru at dei to karane som står på hovudet i motoren helst var noko flaue, men Knut kaupte då bilen i alle høve, og hadde glede av han i tre-fire år. Etter det me har fått vita frå Buick Club Norge er bilen på biletet ein 1920-modell av typen K-45. Karosseritypen er «Phaeton», som tyder open 5-seter med kalesje. Ein viktig grunn til å kaupe open bil var at dei var langt billegare enn sedanane. I 1923 var prisskilnaden mellom ein Buick Phaeton og ein sedan av same merket så stor at ein kunne kaupe to T-Fordar for differansen. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.

Knut var teknisk interessert, og var den fyrste i Bykle som skaffa seg bil, ein Buick Phaeton av 1920-modell. Dette var i 1937, med det same det hadde kome bilveg til Hovden. Det fortelst at han eingong, det må vore litt seinare, hadde vore ein tur til Bjåen, og at han då køyrde utfor vegen einkvarstad på Lundane. Då folk kom til for å hjelpe han på vegen att, hadde han baska og streva så lenge at han hadde vorte lei heile bilen, og berre grausta: «Nei, lat lorten stande!». Men dette heia sjølvsagt over, og Knut var i røynda svært kry av bilen sin. Han lika det difor ille då køyredoningen under krigen vart kverrsett av tyskarane, som etter kvart køyrde han i graps.

I krigstida kom elles eit anna utslag av den tekniske interessa hans til god nytte. Han hadde då i ei årrekkje drive med radiobyggjing som hobby, kaupte delar frå Tyskland og sette apparata ihop. Såleis skaffa han mange høve til å lyde på London.

Ovanfor var me inne på at Knut var ute etter å skaffe seg fast eigedom. I 1939 lukkast han med dette, då han fekk tilslaget på ein auksjon over gardsbruket Breiland i Søndre Austad i Bygland. Også her vart han utsett for odelssøksmål, men avdi saksøkjaren hadde vore mellom ervingane som sette garden på auksjon, vann Knut saka, og fekk behalde garden (jfr. Bygland III, 370).

Etter krigen dreiv han og bygde nytt våningshus på Breiland, det var ferdig i 1951. I fylgje Byglandsboka (III, 371) «var det fyrst etter det han flytta ned til Austad og busette seg her». Men kanskje budde Knut og Gyro då nokre år både på Hovden og i Austad? I allfall veit me at Knut sto i stillinga som hovuddamvaktar på Hovden til hausten 1955. Men Gyro var i Austad då ho døydde, det var 14. april 1955, og etter at Knut slutta som damvaktar budde han fast på Breiland til han døydde i 1972. Ettermannen åt Knut i Hovden Der sø overtok i praksis sumaren 1955, skjønar me, ettersom det er kjent at han sto for slåtten her det året, slik at det var høy i løa då familien hans kom flytjande med kretura deira utpå hausten.

Han som overtok etter Knut som hovuddamvaktar og brukar på Hovden Der sø var Ola Breivegen. Han var frå Ringebu i Gudbrandsdalen, og foreldra hans heitte Petter og Gina Breivegen. Fyre dei flutte hit hadde Ola og huslyden hans budd i Brotteli, der han i 3 år hadde hatt arbeid som viltoppsynsmann i Njardarheim. Det står noko meir om dei i bolken om Brotteli, men ettersom det var her dei budde lengst, plasserer me hovudomtalen her.

Ola Breivegen, bilete teke kring 1960 av ukjend fotograf. Frå Ingebjørg Vegestog.
Margit Breivegen.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Gunn Marit og Olav Breivegen med bukken sin på smietaket i Hovden 1963.
Foto: Gerd Fosse Hovden (1963)

Ola Breivegen, f 1912, d 1991

g 1948 m Margit Kvaslerud, f 1916, d 2003. Born:
  • Per, f 1948, d 2005, g 1977 m Liv Knutsdtr. Rysstad, sjå Malmvegen 22, bnr 343
  • Olav, f 1952, d 1997, g m Anne Evju, Mælum, sjå nedanfor
  • Gunn Marit, f 1956, ug, sjå Lye, bnr 220

Margit kom frå Kvaslerud i Grungedal, Vinje. Far hennes heitte Olav Torleivsson Kvaslerud og mora var Margit Såvesdotter, fødd Bjåen. Margit att kom frå Bjåen Nordistoga, og var dotter åt Såve Bjørgulvsson og Margit Aslaksdotter, fødd Øverland, på det bruket, så her var det altså ei Bykle-ætt som greina seg inn i bygda att.

Ola og Margit dreiv gardsbruket her med 5 kyr. Då dei overtok var her kring 30 mål med dyrka jord, men på 1960-talet dyrka Ola 30 mål til. I 1971 kaupte han ei tomt av Hovdeplassen, og i 1974-75 sette han og Margit seg opp ein ny bustad på denne, og flutte sidan dit. Den nye heimen vart kalla Lye. Han ligg på høgre sida av vegen, i bytet mellom Hovdeplassen og Der sø. Tomta vart matrikulert i 1972, og fekk bnr 220. Ola sto i stillinga som hovuddamvaktar og arbeidsleiar for brukseigarforeninga til han gjekk av med pensjon hausten 1982.

Då Ola Breivegen flutte til Lye i 1976, overtok sonen Olav som brukar her.

Olav Breivegen, f 1952, d 1997

g 1977 m Anne Evju, f 1948. Born:
  • Jo, f 1978
  • Yngve, f 1982

Anne er frå Mælum, og dotter åt Nelly og Hallvard Evju. Olav og Anne dreiv garden med 100 vinterfora sauer. I tillegg starta og dreiv han firmaet Hovden Hytteservice, som m.a. tok på seg tomtegraving, vegbyggjing, brøyting og hytteettersyn. I 1997 døydde han i ei ulukke. Han fall ned med eit mikrofly, og slo seg i hel. Anne har sidan drive garden, medan eldstesonen, Jo, overtok firmaet, har vidareutvikla det, og framleis driv det (2006). Broren Yngve arbeider også i denne verksemda.

På 1980-talet dyrka Olav med hjelp av broren Per opp 40 mål med jorde. Etter dette har bruket i dag kring 100 mål innmark. I boka I skiftende tider, står det at eigedomen her i alt er på kring 16 000 mål. Men A/S Sætersdalen har også bnr 4, Hovden skog, og styreformann Olaf Wigstøl reknar med at den eigedomen er omlag like stor. Ein god del av hytteutbyggjinga og turistsatsinga i Hovden har gått fyre seg på grunnen av bnr 2. A/S Sætersdalen er pr våren 2003 registrert som eigar av 106 festetomter. I tillegg kjem då sjølve bnr 2 og bnr 4, og medeigarskap i Hovden skiheis. Endeleg skal nemnast at ei rekkje av forretningstomtene på Hovden er selde frå bnr 2.


0941 Bykle komm.png Der sø (Bykle gnr 2/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der nede • Neste bolk: Hovdeplassen