Der uppe (Bykle gnr 12/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Der uppe
Holen 14.jpg
Holen 1965. Myri nærast, Der uppe attom.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Holen Der uppe
Rydda: omkr. 1696
Utskilt: 1700
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 12
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Der uppe er det andre av dei to gamle bruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier, låg det litt høgre i terrenget enn Myri.

I bolken om den udela garden kom me til at Tarjei Andresson, som var gift med syster åt odelsmannen, var den fyrste oppsitjaren her, og budde her iallfall frå 1690-åra. I den gamle gards- og ættesoga (51) les me at han var frå Brotteli, og ut ifrå namna passar dette godt, det var vitterleg ein Andres Tarjeisson i Brotteli i det aktuelle tidsromet. Men det er uråd å prove at Tarjei her var son hans, og opplysninga i den gamle boka lyt difor stå som ei gjeting. Urimeleg er ho ikkje, men altså usikker. Me set opp fødselsåret hans med atterhald, ettersom det berre er utrekna etter oppgjeven alder ved gravferda.

  • Tarjei Andresson, f ca 1652, d 1734
g m Torbjørg Auversdtr. Holen, d fyre 1734. Born:
  • Jorunn, f ca 1681, g ca 1713 m em Asbjørn Torsson Røysland, sjå Valle VI, 511
  • Andres, g 1721 m Tone Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Gunnar, f ca 1687, g 1718 m Astrid Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Auver, f ca 1692, g 1. 1721 m e Gunhild Gunnarsdtr. Bjørnarå, g 2. 1768 m Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor, jfr Bjørnarå Der heime
  • Anne, g 1731 m Ånund Torgrimsson Flatland, sjå Valle VI, 198

I den gamle gards- og ættesoga (53) er det også oppført ein Folke i barneflokken åt Tarjei og Torbjørg. Det er rett nok at det budde ein Folke Tarjeisson i Holen ved desse leite, men som det går fram i bolken om Myri gifte han seg dit, og var son åt Tarjei Folkesson Byklum.

Gunnar Tarjeisson tykkjest ikkje ha budd andre stader enn her. Me reknar med at han var busete eller sambrukar hjå faren.

  • Gunnar Tarjeisson Holen, f ca 1687, d 1723
g 1718 m Astrid Knutsdotter Breive, f ca 1674 (?), d 1724. Born:
  • Gunhild, f 1719, g 1741 m Knut Åvoldsson Nesland
  • Bjørgulv, f 1721, g 1754 m Margit Rikardsdtr. Ørnefjødd, sjå Hisdal, bnr 2, jfr Gjerden Der inne.
  • Gunnar, f 1724, d 1724

Astrid Knutsdotter var dotter åt Knut Knutsson i Breive Der inne (fødd ca 1635) og kona hans, som heitte Gunhild Åsmundsdotter, og var frå Rygnestad (jfr Valle VI, 372). I den gamle gards- og ættesoga (206) står det at kona åt Knut var Ingebjørg Bjørgulvsdotter Nesland, men som me har gjort greie for i bolken om bruket deira, kan det ikkje vera rett. Det knyter seg elles noko uvisse til alderen av Astrid Knutsdotter. I fylgje kyrkjeboka var ho 50 år då ho døydde som enke i Holen i 1724, og me set opp fødselsåret hennes på det grunnlaget, men hengjer på eit lite spørjeteikn. Derimot virkar det nokså sikkert at ho døydde på barselseng, ettersom ho vart gravlagd same dagen som den 8 dagar gamle sonen, Gunnar. Dei to borna hennes som kom til å liva, vaks opp hjå farbroren.

Auver Tarjeisson gifte seg i 1721 med Gunnhild Gunnarsdotter. Ho var enke etter Tarjei Olavsson Nesland, og odelsjente til Bjørnarå Der heime. Frå 1721 til 1729 budde Auver og Gunhild på Vodden Nesland, men i sistnemnde året overtok dei heimebruket hennes, og flutte dit. Gunhild Gunnarsdotter døydde i 1764, og Auver sat nokre år som foddogsmann hjå son hennes, inntil han i 1768 gifte seg omatt med Jorunn Olavsdotter Bjørnarå, yngste dotter av Olav Såvesson Stavenes og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Gjerden. Desse budde i Bjørnarå Der aust, og er nærare omrødde under det bruket.

Etter at dei gifte seg budde Auver og Jorunn fyrst nokre år som busetar einkvarstad i Gjerden. Då me ikkje veit kva for eit bruk dei heldt til på der, set me inn familieoversynet deira på denne staden:

  • Auver Tarjeisson Holen, f ca 1692, d 1772
g 2. 1768 m Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, f 1737, d 1773. Born:
  • Auver, f 1769, d 1769
  • Jorunn, f 1770, d 1788, ug

Auver og Jorunn budde i Gjerden då borna deira vart fødde. Då båe ektemakane vart gravlagde frå Holen, reknar me med at dei må ha vore busetar hjå Alv Andresson, brorson hans, på slutten.

På skiftet etter Auver kom det fram at han hadde til gode 120 riksdalar hjå Alv. Jorunn Auversdotter budde i Bjørnarå då ho døydde. Ho var då 18 år, og har vel vore i teneste hjå skyldfolka sine der.

Foreldra åt Gunnar og Auver sat med garden til 1726, då dei tok foddog og overdrog til eldstesonen:

  • Andres Tarjeisson Holen, f 1682-1686, d 1764
g 1721 m Tone Alvsdtr. Breive, f ca 1699, d 1749. Born:
  • Knut, f 1722, d 1722
  • Ingebjørg, f 1723, n 1749 ug, seinare lagnad ukj.
  • Alv, f 1725, g 1758 m Astrid Bjørgulvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1726, d 1808, ug
  • Jorunn, f 1728, til stades 1749, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Gunnar, f 1730, d 1747
  • Tarjei, f 1723, d 1723
  • Tarjei, f 1733, d 1774, ug, sjå nedanfor

Tone Alvsdotter var frå Breive Der inne, og dotter åt Alv Knutsson på det bruket.

Ungkaren Tarjei Andresson miste livet ved drukning i 1774. Grannen Hallvard Jonsson Tveiten frå Nordtveiti, som på denne tid budde i Myri, døydde i den same ulukka.

Då Tone Alvsdotter døydde i 1749, skifte Andres ifrå seg og tok foddog. Buskapen på bruket då var 1 eitt år gamal fole, 3 kyr, 3 kviger, 1 kalv, 12 sauer og 7 geiter. Buet hadde ei samla eige på 80 riksdalar og ei gjeld på same summen. Eldste sonen overtok eigedomen mot å taka på seg gjelda og fø faren.

  • Alv Andresson Holen, f 1725, d 1781
g 1758 m Astrid Bjørgulvsdotter Breive, f 1726, d 1789. Born:
  • Bjørgulv, f 1758, g 1779 m Torbjørg Asbjørnsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Andres, f 1760, d 1791, ug
  • Gunnar, f 1763, d fyre 1781
  • Borghild, f 1768, d fyre 1781
  • Tone, f ca 1765, 1801 tenar hjå Ånund Pålsson Stavenes, d Stavenes 1830, ug

Astrid Bjørgulvsdotter var frå Breive Der inne, og dotter av Bjørgulv Alvsson og kona, Borghild Knutsdotter. Bjørgulv att var bror åt Tone, som var mor åt Alv Holen, så Astrid og Alv var altså syskenborn. Dei laut difor ut med ei særavgift på 10 riksdalar til kongens kasse for å få lov til å gifte seg. Ei særavgift til kongen hadde ho også måtta ut med nokre år tidlegare. Det var i 1750, og årsaka var at ho 28.10 det året hadde hatt ein son, Kjetil, å bera til dåpen. Faren var Knut Mikkelsson Mosdøl, som sidan hamna i Maurlii. Kjetil Knutsson livde opp, og gifte seg i 1799 frå Gjerden med Ingebjørg Olavsdotter Gjerden, fødd 1757. Desse er nærare omtala under Utistog Byklum.

Ovanfor har me skrive at Gunnar Alvsson og systera Borghild var døde fyre 1781. Dei døydde ikkje i Bykle eller Valle, men ettersom dei ikkje vart nemnde då det vart skift etter far deira i 1781, må dei ha vore avlidne då.

Alv døydde brått i skogen, fortel kyrkjeboka, han fekk slag medan han dreiv og køyrde heim høy. Han hadde sukke kav i gjeld, i alt skulda han meir enn 450 riksdalar, og omlag 300 meir enn eignelutene hans var verde. Med andre ord var buet hans godt og vel fallitt. Likevel ser det ut til at eldstesonen rakk å sitje med bruket eit par år. Me set opp det lisle me veit om han på denne staden:

  • Bjørgulv Alvsson Holen, f 1758, d 1833
g 1779 m Torbjørg Asbjørnsdtr. Tveiten, f 1758, d 1831, ikkje born.

Torbjørg Asbjørnsdotter var fødd i Heimtveiti, som dotter åt Asbjørn Øyulvsson Brokka og Gunvor Lidvardsdotter Bø. Desse folka budde sidan i Gjerden Der inne, så då Torbjørg gifte seg vart ho oppskrive med etternamn Gjerden.

I 1783 gjekk bruket på auksjon. Det som gav støyten til dette tykkjest ha vore eit lite ervekrav frå Jorunn Auversdotter, men som me var inne på ovanfor var det elles altfor mykje som skulle ut. Han som fekk tilslaget på auksjonen var Gunnar Knutsson Nesland, som budde i Nordtveiti. Han åtte ein part i det bruket, og denne leigde han bort til Bjørgulv Alvsson og kona hans, då han overtok her. Dei var i Nordtveiti i 1801, men flutte i 1804 åt Gjerden Der inne, då det bruket vart bygselledig etter Bjørgulv Gunnarsson Holen. Der vart dei verande så lenge dei livde.

Gunnar Knutsson Nesland budde her frå 1783 til 1793, då han selde bruket her og flutte til Vodden Nesland. Han og huslyden hans er nærare omtala der, og det står også noko lite om dei under Nordtveiti.

Kauparen i 1793 var son åt Tov Tarjeisson Eilaugdalen, ein vinbyggje som flutte til Mosdøl i 1763, etter at han hadde måtta selje heimebruket sitt (jfr. Berge: Vinje og Rauland II, 266 og IV, 416). Kona åt Tov heitte Tone Alvsdotter. Det er fortalt om desse folka under Berget Mosdøl, men her skal det dreie seg om sonen, som kaupte bruket her:

  • Alv Tovsson Mosdøl, f i Vinje 1751, d 1831
g 1. 1788 m Signe Bjørgulvsdotter Hisdal, f 1757, d 1803, ikkje born.
g 2. 1804 m e Margit Bjørgulvsdtr. Dysje, f 1748, d 1828, ikkje born.

Signe Bjørgulvsdotter var dotter åt Bjørgulv Gunnarsson Holen og kona, Margit Rikardsdotter, fødd Ørnefjødd. Desse var bruksfolk i Gjerden Der inne i 1788, men hadde tidlegare sete i Store Hisdal, bnr 2, og den nærare omtalen av dei er plassert under det bruket. Kone nr 2, Margit Bjørgulvsdotter, var enke etter Søren Åsmundsson Mosdøl, og hadde tidlegare budd med han i Dysje, som ho hadde overteke etter foreldra, Bjørgulv Tallaksson Dysje og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Stavenes (sjå Dysje).

Merkeleg nok var Alv i andre halvparten av 1790-talet ei stund bruksmann hjå Bjørgulv Åsmundsson i Austistog, og dreiv ein part av den eigedomen. Kor lenge dette var, veit me ikkje, men han var iallfall der i 1797, då Bjørgulv drap broren Torleiv, som heldt til i Attistog Gjerden.

Alv fekk ikkje born i noko av ekteskapa sine, men hadde derimot eit par utanfor. Det var for det fyrste Olav Alvsson, som vart døypt frå Mosdøl i 1774, og gravlagd frå same garden i 1787. Kyrkjeboka gjev ikkje opp namnet på mora, men etter namnet på fadrane å døme er det truleg at ho var ei av døtrene åt Tarjei Mikkelsson i Lunden. For det andre var det Eli Alvsdotter, som vart døypt frå Byklum 4.3.1804 og gravlagd 16.6. same året. Mor hennes heitte Gunhild, og var dotter åt Olav Åsmundsson Berdalen og kona, Ingebjørg Jonsdotter, fødd Brotteli (sjå Strandestøyl). Gunhild gifte seg i 1808 med Mikkel Knutsson Maurlii (sjå Ytre Stigamoen).

Alv Tovsson sat med bruket her til i 1807, då han selde og reiste. Kvar han og kona då gjorde av seg er på vona, men då ho døydde i 1828 vart ho oppskrive som fatiglem og heldt til på Dysje. Om Alv også var der, eller kvar han budde på slutten, veit me ikkje, men iallfall døydde han i 1831, også han som fatiglem.

Han som kaupte av Alv Tovsson i 1807 var Knut Olavsson Nesland (sjå Sygard Nesland). Knut betala 306 riksdalar, men selde same dagen vidare for 351. Den nye eigaren heitte Torleiv Hallvardsson. I den gamle gards- og ættesoga (55) er han oppførd med etternamn Jore, og vert sagt å koma frå Jore i Valle. Den garden hadde han ikkje anna tilknyting til enn at han budde der, det bil han gifte seg. Derimot hadde han og kona hans i fleire år vore bruksfolk på Nedundhaug Steinsland, gnr 48, bnr 3 (sjå Valle III, 563), men han var fødd og oppvaksen i Heimtveiti, som son åt Hallvard Ånundsson Tveiten. Då han flutte hit, kom han likevel frå Nordtveiti, der han hadde vore brukar for broren.

  • Torleiv Hallvardsson Tveiten, f 1753, d 1825
g 1782 m Ingebjørg Torleivsdtr. Kvósåk, f 1764, d 1828. Born:
  • Hallvard, f 1783, d 1783
  • Hallvard, f 1784, d 1785
  • Hallvard, f 1785, d 1785
  • Anlaug, f 1786, d 1787
  • Hallvard, f 1788, g 1817 Anne Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Anlaug, f 1789, g 1806 m Olav Herjusson Frøysnes, Bygland, til USA 1853, sjå nedanfor
  • Gunleik, f 1792, g 1829 m Ingebjørg Taraldsdtr. Stavenes, sjå plass Haugo under Uppistog Byklum
  • Gunvor, f 1793, g 1809 m Asbjørn Knutsson Stavenes, sjå Berdalen Der nede.
  • Anne, f 1795, d 1796
  • Ånund, f 1797, d 1807, sjå nedanfor
  • Anne, f 1799, d 1800
  • Gyro, f 1801, g 1825 m Olav Nilsson Harstad (e.), sjå Valle III, 247
  • Torleiv, tvill., f 1803, d 1803
  • Tarald, tvill., f 1803, d 1803
  • Torleiv, f 1804, g 1830 m Margit Knutsdtr. Hisdal, sjå plass Haugo under Holen.
  • Ånund, f 1807, d 1825

Ingebjørg Torleivsdotter kom frå Tveitebø i Valle. Foreldra hennes var Torleiv Rolleivsson og Gyro Gunleiksdotter på Kvósåk, bnr 1 (jfr. Valle V, 134). Torleiv og Ingebjørg var bruksfolk i Nedundhaug iallfall til sumaren 1795, men flutte deretter til Nordtveiti, og budde der inntil dei som ovanfor fortalt kaupte bruket her i 1807.

Det døydde mange born i denne huslyden, ser me, av dei 16 var det berre 6 som vaks opp og rakk å få familie. Dei fleste av dei døde borna døydde som speborn, men me legg merke til den yngste sonen, Ånund, som vart 19 år gamal, og til den eldre bror hans, som også heitte Ånund. Den sistnemnde Ånund-en drukna i Bossvatn i 1807, 10 år gamal. Saman med han omkom den jamgamle Olav Tarjeisson, yngste son åt Tarjei Olavsson Nesland og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Dysje. Birgit var enke på denne tid, og må ha budd som busete einkvarstad i Holen med borna sine.

At Anlaug Torleivsdotter gifte seg til Bygland, og sidan drog til USA 64 år gamal, har me fått vita frå byglandsogeskrivaren, Reidar Vollen i Kristiansand. Torleiv og Ingebjørg sat med eigedomen til dei døydde, han i 1825 og ho 3 år seinare. Eldstesonen vart neste oppsitjar. Han fekk skøyte hjå syskena i 1831, men i praksis hadde han nok overteke noko tidlegare, for alle borna hans vart fødde i Holen.

Anne Knutsdotter Holen laut i 1835 selje unna det meste av buskapen sin, men geitene greidde ho å halde att. Teikning: Tove Krogh.
  • Hallvard Torleivsson Holen, f 1788, d 1835
g 1817 m Anne Knutsdtr. Breive, f 1779, d 1858. Born:
  • Torleiv, f 1818, g 1840 m Asgjerd Hallvardsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1820, d 1821
  • Ingebjørg, f 1821, g 1850 m Olav Åsmundsson Dysje, sjå Haugo under Holen

Anne Knutsdotter var frå Breive Der inne. Foreldra hennes var Knut Bjørgulvsson Breive og kona, Ingjerd Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

Hallvard Torleivsson fekk ikkje lang husbondstid på bruket. I 1835 drukna han, «i Holshølen», seier den gamle gards- og ættesoga (54), «i en foss», står det i kyrkjeboka. Kva som er mest korrekt her, kan me ikkje vita, men i alle høve vart han berre 47 år gamal.

Etter denne hendinga såg enka, Anne Knutsdotter, seg nøydd til å halde lausøyreauksjon. Lista over dei sakene som gjekk under hamaren er omfattande. For den skuld trur me ikkje at ho selde unda alt det her var, for det var tvillaust meininga å liva vidare på garden, men når det gjeld husdyra kvitta ho seg nok likevel med alle ihop, då bortsett frå 5 av geitene, som ho fekk tilslaget på sjølv.

Buskap
  • 1 hoppe (8 speciedalar 50 skill)
  • 5 kyr (68 spd)
  • 3 kalvar (7 spd)
  • 10 geiter (20 spd)
  • 5 kje (1 spd 96 skill)
  • 6 sauer (3 spd 6 skill).
Husgeråd, jern
  • 2 gryter ( 1 spd 44 skill)
  • 1 takke (1 spd 24 skill)
  • 1 eldskuffe (72 skill)
  • 1 jernvekt (1 spd 34 skill)
Husgeråd, tre
  • 2 krakkar (92 skill)
  • 3 kister (104 skill)
  • 8 traug (34 skill)
  • 8 holkar (1 spd 64 skill)
  • 2 ambarar (42 skill).
Jernreidskap
  • 1 spett ( 72 skill)
  • 1 bile (58 skill)
  • 1 øks (16 skill)
  • 1 navar (10 skill)
  • 2 sigdar (12 skill)
  • 3 grev (22 skill).
Ymist
  • 1 beremeis (44 skill)
  • 1 spennepar (34 skill)
  • 2 bogsilar (98 skill)
  • 2 par trugar (28 skill)
  • 7 saueskinn (1 spd 26 skill.)
  • 1 rifle (2 spd 108 skill)

Då lensmannen rekna i hop dette etter 120 skilling pr dalar, fekk han 128 dalar og 80 skilling. Reknestykket i auksjonsprotokollen er gale, og ei korrekt summering skulle gjeva 123 dalar 110 skilling, eller 123 dalar 4 ort 14 skilling, om ein vil, men om denne feilrekninga førte til at enka fekk utbetala 4 dalar 2 ort 18 skilling meir enn ho retteleg skulle hatt, veit me ikkje.

Året etter ulukka og auksjonen skøytte enka bruket over på sonen mot foddog og 150 speciar.

  • Torleiv Hallvardsson Holen, f 1815, d 1888
g 1840 m Asgjerd Hallvardsdtr. Nesland, f 1818, d 1904. Born:
  • Anne, f 1841, g 1862 m Bjørgulv Olavsson Nesland, sjå Nesland Der heime.
  • Sigrid, f 1844, g 1866 m Jon Taraldsson Mosdøl, sjå Myri, bnr 1.
  • Ingjerd, f 1848, g 1872 m Torleiv Pålsson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden.
  • Ingebjørg, f 1852, g 1871 m Mikkel Olavsson Nesland, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1855, d 1855
  • Anlaug, f 1857, g 1882 m Olav Olavsson Stavenes, sjå plass Haugo, bnr 4

Asgjerd Hallvardsdotter kom frå Sygard Nesland. Foreldra hennes var Hallvard Knutsson Nesland og kona, Sigrid Andresdotter, fødd Brotteli.

I 1859 sette Torleiv bort plassen Haugo på livetida til systera Ingebjørg og Olav Åsmundsson Byklum, mannen hennes.

Etter folketeljinga frå 1865 var buskapen på garden det året hest, 5 kyr, 10 sauer og 10 geiter. Sånaden var 2 tunner bygg og 3 tunner jordeple.

Då Jon Taraldsson, som var gift med Sigrid Torleivsdotter, døydde i 1872, flutte Torleiv og huslyden hans åt Myri for å hjelpe henne. Bruket her leigde dei då bort til Andres Olavsson Strandestøyl og kona, Anne Ånundsdotter, fødd Holen. Desse var her til 1878 eller 1879, då Torleiv og folket hans kom attende hit. Då flutte Andres og Anne åt Nordtveiti, og var busetar der eit tak, inntil dei i 1881 eller 1882 fekk overtaka plassen Hagen under Byklum. Dei er nærare omtala i avsnittet om den sistnemnde verestaden.

Buskapen åt Andres og Anne i 1875 var 2 kyr, 1 kalv, 5 sauer og lam og 12 geiter og kje. I tillegg kom 1 kvige og 6 sauer som høyrde til Eli Olavsdotter, mor åt Anne, som budde ilag med dottera og mannen hennes etter at ho hadde kome i enkestand (sjå Holenplasset).

Torleiv og Asgjerd sat på bruket her til i 1885, då dei overdrog det til Mikkel Olavsson Nesland, som var gift med Ingebjørg, dotter deira, og til denne tid hadde budd på plassen Lisletjønnhaugen. Prisen ved dette høvet var 800 kr og foddog.

Hallvard M. Holen (1880-1968) då han reiste til Amerika i 1900. Me gjet på at dette biletet er teke i Kristiansand nest fyre han gjekk ombord i båten. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Mikkel Olavsson Nesland, f 1846, d 1927
g 1871 m Ingebjørg Torleivsdtr. Holen, f 1852, d 1941. Born:
  • Olav, f 1871, g 1902 m Ingebjørg Olavsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1874, d 1897, ug, tæring.
  • Asgjerd, f 1877, g 1907 m Torleiv Jonsson Hoslemo, sjå Haugen under Byklum, gnr 14, bnr 9
  • Hallvard, f 1880, d 1968, g 1922 m Gyro Hallvardsdtr. Homme, f 1897, d 1988, busett Minnesota, jfr Valle V, 531, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1883, d 1889
  • Udøypt gut, f 1886, d 1886
  • Torleiv, f 1887, d 1887
  • Torleiv, f 1888, g 1915 m Tore Olavsdtr. Trydal, sjå Haugo, jfr. nedanfor
  • Gunhild, f 1891, g 1910 m Ånund Olavsson Trydal, sjå Støylo Trydal, gnr 17, bnr 17
  • Olav, f 1895, konf 1910, handikappa, d 1940, ug
  • Ånund, f 1900, g 1924 m Margit Sigbjørnsdtr. Løyning, sjå Nygård, jfr. nedanfor

Mikkel Olavsson var frå Nesland Der heime. Foreldra hans var Olav Mikkelsson Bratteland og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Nesland.

Mosoga (I, 411) fortel at Mikkel og Ingebjørg ei tid skal ha vore bruksfolk på Sudistog Nordgarden i Froland, og at dei er nemnde som slike i 1891. Dette er gale. Dei var busetar på Nesland Der heime i 1871, husmannsfolk i Lisletjønnhaugen 1872-1885 og sidan gardmannsfolk på bruket her. Opplysninga i Mosoga lyt koma av ei forveksling med nokre heilt andre folk.

Hallvard Mikkelsson tok ut til Amerika med eit skip som gjekk frå Kristiansand 13. juni 1900. I 1906 skaffa han seg eit homestead i Marshall County i det nordvestlege Minnesota, ikkje langt unna der byen Grygla sidan skulle liggje. Denne verestaden selde han etter nokre år, han ville flytje lenger sør i staten. I 1911 skaffa han seg nytt homestead i Reiner Township, Pennington County.

På den farmen han bygde opp der i åra som fylgde, vart han registrert som busett då det vart oppteke folketeljing den 22. januar 1920. Han var framleis ugift, står det i folketeljinga. Men det den amerikanske folketeljinga ikkje seier noko om, er at han på det tidspunktet ikkje var til stades på farmen sin, at han oppheldt seg i Noreg, og at han også faktisk var gift.

Han har truleg reist til gamlelandet for å finne seg kone ein eller annan gong i laupet av 1919. I allfall vart han gift i i Valle kyrkje den 17.desember det året. Den 15. mai 1920 gjekk han og kona ombord i «Bergensfjord» i Kristiania med kurs for New York. Reisetida var på denne tid monaleg redusert i høve til det tidlegare amerikafarar hadde måtta avfinne seg med, så dei kunne stige i land att etter berre 9 dagar på sjøen.

Hallvard M. Holen i 1920-åra med kona, Gyro Hallvardsdotter, fødd Homme (1897-1988) og dottera Inga. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Så langt kome kan det høve å setje inn eit familieoversyn:

  • Hallvard Mikkelsson Holen, f 1880, d 1968
g 1920 m Gyro Hallvardsdtr. Homme, f 1897, d 1988. Born:
  • Dødfødd gut, 1921
  • Harold Severin, f 1922, farmar, Reiner Twp, g m Luella Mae O’Brien, 2 born
  • Inga, f 1923, husmor, busett Tower, St.Louis County, Minnesota, g m Ole Sundsdahl, 4 born
  • Meyer Lawrence, f 1925, farmar, Reiner Twp, g m Colleen Laverne McEnelly, 7 born
  • Selmer Ernest, f 1927, d. 2016 farmar, Reiner Twp., g m Helen Viola Johnson, 3 born[1]
  • Andrew Glenn, f 1931, flygar, busett Onamia, Mille Lacs County, Minnesota, g 1.m Rosanne E. Hesse, f 1938, d 1987, 1 barn, g 2.1988 m Norma, f 1940

Gyro Hallvardsdotter var frå Systog Hommelunden, bnr 7, og dotter åt Hallvard Lavrantsson på det bruket og kona, Svålaug Olsdotter, fødd Kyrvestad (jfr. Valle V, 531).

Dei vart båe verande livet ut på farmen i Reiner Township, omlag 20 km aust for Thief River Falls. Sonen Selmer overtok denne farmen i 1955, og kaupte innåt land, så han etterkvart hadde 480 acres (litt over 2.100 mål). Men lat oss nå koma oss attende til Holen.

Kring 1915 skriv landbruksskulelærar Thorvald Kummen noko lite om Mikkel, og fortel m.a. at han var ivrig rjupefangar: «han hadde gjerne ein 8-900 stk om vinteren». Elles skaffa han seg inntekter med å selje sau om hausten og storkretur om våren, står det.

Mikkel og Ingebjørg sat på bruket her til 1916, då dei skreiv skøyte for 2000 kr og foddog til eldste sonen, som i praksis sikkert hadde overteke nokre år tidlegare.

Ingebjørg O. Haugen (1867-1955), som gifte seg med Olav M. Holen i 1902. Kring 1890 tente ho nokre år hjå presten Gjesdal i Valle. Seinare arbeidde ho ei stund i Arendal, og dette biletet er teke der, truleg i 1900 eller 1901. Ingebjørg sit til venstre, men byvenninna til høgre veit me ikkje namnet på. Bilete frå Ingeborg Vegestog.
Olav (1871- 1955) og Ingebjørg Holen i 1908 med døtrene Ingebjørg og Birgit. Frå Ingeborg Vegestog.
Sigrid O. Holen igang med klesvask på tunet hausten 1969. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Myri og Der uppe i Holen er dei næraste bruka på dette biletet frå 1965. Ut mot Bossvatn ser ein Lyngtveit og på den andre sida av vatnet Søtveiti og Heimtveiti.
Foto: Fjellanger-Widerøe
  • Olav Mikkelsson Holen, f 1871, d 1955
g 1902 m Ingebjørg Olavsdtr. Haugen, f 1867, d 1955. Born:
  • Ingebjørg, f 1903, d 1980,g 1922 m Kjetil Torleivsson Trydal, sjå Grasbrokke Trydal, gnr 17, bnr 14
  • Birgit, f 1905, d 1992, g 1930 m Åsmund Pålsson Ryningen, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Sigrid, f 1909, d 1998, ug, sjå nedanfor
  • Mikkel, f 1912, d 1997, g 1939 m Gyro Olsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor

Ingebjørg Olavsdotter var fødd i Myri under Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Olav Auversson Gjerden og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Dale. Desse bygsla Lisletjønnhaugen då Mikkel Olavsson og Ingebjørg Torleivsdotter flutte derifrå og hit til Der uppe i 1885 (sjå Lisletjønnhaugen). Jentenamnet åt Ingebjørg kjem frå den nemnde plassen.

Sigrid Mikkelsdotter var så flink til å veva vadmål. Då Norsk Folkemuseum skulle studere den gamle vadmålsvevinga i 1969, var Ågot Noss til Holen og fylgde arbeidet hennes.

I byrjinga av 1920-åra sette Ånund Mikkelsson, bror åt Olav, i gang med bureising på eit jordstykke mellom Lisletjønn og Storetjønn, som tradisjonelt hadde vore kalla Tjønnimidjom. Ein parsell med dette namnet vart utskilt som eige bruk i 1922. Det fekk bnr 6 og ei skyld på 4 øre. Av ein eller annan grunn vart dette bruket sidan heitande Nygård.

Olav Mikkelsson bygde smie på garden i 1920 og nytt eldhus i 1928. Frå fyrr fanst her eit gamalt eldhus, som vert datert til 1600-talet, men det trong vel til avløysing. I 1929 bygde Olav også på stoga frå 1850. Etter påbyggjinga framsto ho som ei tradisjonell setesdalsstoge i 2 høgder med ark over inngangen. Grunnflata var 70 m². Olav og Ingebjørg skreiv i 1934 bruket over på sonen. Prisen då var 2400 kr og foddog.

  • Mikkel Olavsson Holen, f 1912, d 1990
g 1939 m Gyro Olsdotter Rygnestad, f 1912, d 1997. Born:
  • Ingebjørg, f 1940, husmor, g m Thor Inge Rødseth, busett Skien, ikkje born.
  • Olav, f 1942, lækjar, g hv m Berit Magnussen, Arendal, sjå Bakken (Åsen), Mosdøl, gnr 13, bnr 9
  • Jorunn, f 1955, ing., g m Trond Slettefed, busett Kristiansand, ikkje born.

Gyro Olsdotter var frå Heimre Åreholti i Rygnestad, bnr 10. Ho var den yngste av døtrene åt Olav Olsson Rygnestad og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Tveiten (V). Av dei eldre systrene hennes var 3 gifte til Bykle: Ingebjørg med Olav Gunnarsson Holen i Myri, Angjerd med Odd Pålsson Byklum i Holti, Byklum og Store-Gyro med Bjørgulv Folkesson Nesland i Viki, Nesland (jfr. Valle VI, 352).

Mikkel bygde ny uthusbygning med fjos og løe under same taket i 1948. I 1953 var her ein buskap på hest, 4 kyr, 2 kalvar og ei handfull sauer. Av reidskap då vert nemnt hesteslåmaskin og elektrisk motor.

Mikkel og Gyro dreiv garden til 1975, då dei kaupte seg eit hus i byggjefeltet i Nedre Sarv (Holen, gnr 15, bnr 47). Sidan budde dei der.

Det gamle eldhuset på garden, som Mikkel hadde bruka som snikkarverkstad, tok han ned og flutte med seg til den nye verestaden. Her dreiv han m.a. og laga kubbestolar. Sidan har dette huset, som i fylgje restaureringstømraren Torjus Uppstad skal vera frå 1600-talet, vorte flutt endå ein gong. Det står nå i Bakken (Åsen) Mosdøl hjå Olav Mikkelsson Holen.

Fyre neddemminga tok dei også ned stoga på garden, og nytta tømmeret til ei hytte i Holskrone, nå i ei høgde. Uthuset vart rive.

Innmarka til bruket, som vert oppgjeve til å ha vore kring 20 mål, er det ingenting att av, men utmarka skal vera på kring 4000 mål. Olav Mikkelsson har kaupt ut systrene, og sit med eigedomen i dag. Han var busett i Arendal, men då han våren 2000 fekk seg stilling i Valle, flutte han heim til Bykle. Her busette han seg i Bakken, eit bruk som ligg i Byklum, men har gardsnummer under Mosdøl (gnr 13, bnr 9). Han får nærare omtale under den verestaden.

Mikkel O. Holen med kona, Gyro, f Åreholti, og dottera Ingebjørg (f 1940). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Frå støylen Råsi eitt av dei siste åra dei sat der med kretur. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.


0941 Bykle komm.png Der uppe (Bykle gnr 12/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri • Neste bolk: Haugo


Referansar

  1. Obituary for Selmer Holen