Forside:Bremanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Jølster • Førde • Gaular • Fjaler • Askvoll • Naustdal • Flora • Bremanger

Om Bremanger kommune
1438 Bremanger komm.png
Bremanger kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Vågsøy og Eid i nord, Gloppen i aust og Flora i sør. Kommunen har to tettstader: Administrasjonssenteret Svelgen og Bremanger. Kommunen har ein fastlandsdel og dei tre store øyene Bremangerlandet, Rugsundøy og Frøya.

Bremanger er ein industrikommune, med Elkem Bremanger i Svelgen som hjørnesteinsverksemd. Det finst og ein del næringsmiddel- og trevareindustri. Langs Nordfjord er det ein del landbruk, dominert av husdyrhald.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ivar J. Høyem (18431896) var ein lærar og sokneprest frå Byneset ved Trondheim i Sør-Trøndelag. Frå 1871 arbeidde han som lærar i Trondheim, og han fikk Cand.Theol.-graden i 1876. Han gav ut to nynorske grammatikkar i 1880: Norsk mållære og Ei lita mållære. Som den eldre bror sin, Olav Jakobsen Høyem, kjempa han for ein nynorsk skriftnormal som låg vesentlig nærmare trønder enn kva Ivar Aasen sin skriftnormal gjorde. I 1883 vart han sokneprest i Bremanger prestgjeld.   Les mer …

Gulebuda i Rugsund.
Foto: Gert Meyer
Hornelen kystlag (stiftet i 1993) er et lokallag av Forbundet KYSTEN, og dets virksomhet spenner fra det ytterste skjær til den inste fjordarmen. Kysten går så langt inn som en laks kan fare og kystlaget er opptatt av at kystkulturen i fjorden er like viktig for kystlaget som ute ved kysten.   Les mer …

Kalvåg kystlag er eit kystlag i Kalvåg i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Laget vart stifta den 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmar. Olav Peder Frøyen var leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då, og vart avløyst i 2010 av noværande leiar Arvid Langeland. Kalvåg Kystlag har 4 båtar: "Nigaren", som er ein rogavl bygd i Hardanger 1928; "Femkjeipen", som er omlag 150 år gammal, brukt til fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane; "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge; Færingen "Sevald" er gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Kalvåg kystlag er medlem av Forbundet KYSTEN.   Les mer …

Nikolai Astrup
Maleri: Henrik Lund
Nikolai Astrup (18801928) er rekna som ein av dei største norske kunstmålarane frå tidleg 1900-tal. Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup tilhøyrde den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat. Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krohg i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjend for tresnittarbeida sine.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Bremanger kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Bremanger kommune
[×] Davik
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy