Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk. Les mer …
Flyfoto med omtrentleg omriss av kyrkjetomta.
St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen. Les mer …
A. Rellings lenestolmodell frå 1939.
Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre. Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven. Les mer …
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor « Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les mer …
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl. (18. juni 2011)
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar. Les mer …
|