Forside:Stranda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Stranda kommune
1525 Stranda komm.png
Stranda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og ligg lengst inn i Storfjorden, der han deler seg til Norddalsfjorden og Sunnylvsfjorden. Stranda kommune grensar mot Fjord kommune i nord og aust. Heilt i søraust grensar Stranda mot Skjåk kommune i Innlandet fylke, og i sør mot Stryn i Vestland og Volda i Møre og Romsdal. I vest grensar Stranda mot Sykkylven og Ørsta kommunar. Den noverande Stranda kommune vart oppretta i 1965, då Sunnylven vart samanslegen med gamle Stranda kommune.

Administrasjonssenteret er tettstaden Stranda. Dei større bygdene er Geiranger, Liabygda og Hellesylt.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Flyfoto med omtrentleg omriss av kyrkjetomta.
St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen.   Les mer …

Kirkekretsen skole i 1910-åra, ikkje lenge etter at Johan Aarskog kom til Veldre. Han sit midt i andre rekkja.
Johan (Brithanus) Aarskog (fødd 28. august 1882 i RovdeSunnmøre, død 2. juni 1965) var lærar og kyrkjesongar. Målmannen og vestlendingen Aarskog verka lengst i austlandsbygda Veldre i Ringsaker, der han utanom skolen engasjerte seg sterkt i ungdomslagsarbeid og lokalpolitikk. Aarskog, som var venstremann, hadde ifølge journalisten Oddvar Røst en «resonerende evne og en klar form», noe som gjorde han til «den utvilsomt beste debattant i Ringsaker herredsstyre».Aarskog var medlem av skulestyret i både Sunnylven og Ringsaker, og han sat som formann i Ringsaker lærarlag i ti år. Like lenge var han formann i Hedmark krins av Noregs lærarlag.   Les mer …

Postkort med Gamle Blomhaug skole i Hunndalen, der Hole var lærar. Familien budde òg på skulen. På biletet kan vi dessutan sjå litt av hagen han var så glad i.
Agmund Hole (fødd 26. februar 1878 i Sunnylven, død 1940) var lærar, kordirigent og aktiv fråhaldsmann. Frå 1899 til 1939 var Hole lærar i Hunndalen ved Gjøvik. Han var òg forretningsførar for Vardal likningsvesen i fire år og formann/forretningsførar for provianteringsrådet i eitt år. Hole er ikkje minst kjend for å ha samla gamle folkeviser og folkemusikk frå Vardal. Agmund Holes veg i Hunndalen er oppattkalla etter han.   Les mer …

Avisa Sunnmøringen, etablert i 1946, er lokalavis for Stranda kommuneSunnmøre. Avisa har nettutgave, og papirversjonen kjem ut ein dag i veka (før 2016: onsdag og laurdag). I 2011 tok Bjørn Arild Hatlem over som redaktør etter Elin Sofie Lorvik, som hadde hatt jobben sidan 2011. Avisa dekkjer bygdelaga Stranda, Hellesylt/Sunnylven, Liabygda og Geiranger. Sunnmøringen er en del av mediekonsernet Polaris Media. Sidan Stranda kommune består av fire geografisk spreidde bygdelag og kommunesenteret Stranda på 1900-talet var prega av industrivekst og sterk innflytting, har avisa Sunnmøringen vore ein av dei viktigaste og mest samlande kulturinstitusjonen i bygda i etterkrigstida.   Les mer …

Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013HjørundfjordheimenSæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krinsLesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.   Les mer …

Olav Gjørvad.
Foto: Totens bygdebok II

Olav Larsson Gjørvad (født 16. mai 1860 i Geiranger, død 29. april 1951) var lærer, kirkesanger og lokalpolitiker. Han virka lengst i Vestre Toten, der han var ordfører 1908-16. Han tok eksamen ved Stord seminar i 1880 og var som nyutdanna ei kort tid lærer i folkeskolen. I 1881 ble han ansatt som lærer ved Kviteseid seminar, der han var til 1889. I perioden 1889-91 var Gjørvad lærer og bestyrer ved Vang høire almueskoleHedmarken.

I 1891 ble han ansatt som lærer ved Rud skole i Vestre Toten, da Ole Skattum slutta. I likhet med forgjengeren ble Gjørvad også kirkesanger i Ås kirke. Gjørvad var ansatt i den kombinert lærer- og klokkerstillinga fram til han pensjonerte seg i 1930.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Stranda kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar